onsdag 30. mars 2016

Helleborus 🌟


Helleborus...min vårfavoritt!! Eller kan vel sei at det er ein favoritt gjennom heile året for denne vakre stauda er grøn og fin heile året, og det er så herlig å gå rundt å lette på bladverket for å sjå etter dei søte knoppane! 
Helleborusen eller julerosa (eller kanskje påskeklokka) som så mange kalla den er mest kjend med den kvite niger til jul, men du får den i mange vakre varianta og hagen vår har ein del eksemplar. I tillegg til desse bilda har vi nåkken på eit nytt platå vi har laga til som eg venta skal blomstre som eg kjøpte av Svein i fjor haust. I tillegg til dei har eg 6-7 hybrida som eg berre går å gler meg til å sjå kva farge vi har plukka ut ;)

Gleda meg til å fortsette med samlinga av desse nydelige skapningane ❤️
Ha ein blomstrande og solrik dag...
Klem -Anja-

onsdag 9. mars 2016

Magisk

...Ja eg veit, eg veit så såre vel at eg har lagt ut mange bilder frå dette fjellet før, men dette store lille fjellet er berre noko heilt for seg sjølv ♥ men med fantastisk påskestemning må eg dele nåkken bilde frå gårsdagen!!...Trykk på bilda for å få de større ;)


På søndag kveld fekk vi solnedgang og hodelykt på veg ned, i går formiddag var det fantastisk vårver med sol og berre heilt fantastisk med energi påfyll!!



---------------------------------------------

Søndag kveld...

Eg legg meg langflat!!....
I dag var eg bråkjekk å lot hundane få springe fritt, mamma ropte at det kom folk og eg kalla dei inn...haldt dei berre fast i nakkeskinnet, Sky den eldste skulle inn til mamma. Men, så kom turgåaren inn i råsa mellom meg og mamma så dermed kunne Sky få hilse litt på han før ho kom inn til mamma. Syyyyyykt irriterande at det skjer og det er ca 17-18 år sidan det skjedde sist og då med Sky`s farmor som ho er så utrulig lik.
Trur ikkje eg hadde gådd inn mellom to personar som prøvde å få inn ein hest, og den tanken kunne førast over her som eit tips til alle som eventuelt møte fri hund i fjellet, berre å stoppe opp ;)
Litt rart at eg på søndagskvelden vel nede frå fjellet snakka med ein som hadde ein fuglehund springande i fjellet (den kom etter oss og eg prøvde å få han inn men den sprang) at mine aldri kunne vere slik laus for dei er for glade i folk ;)))) 

Søndag kveld...

Jaja, det er verken snakk om krig, eller storforbryter, men det er berre så sykt irriterande!!...
Håpe det blir like mange år til neste gang!!

Er det mulig eller berre eit ønske!?

Øya i mitt hjarte...

Eg må sei det er spannande plana det som skjer med eit samarbeid mellom Ålesund og Sula!! :)  Då kan vi puste litt ut og glede oss over at kommuna om mulig får tid med Fylkesmannen…
Men, bruken av tomta på Olamyra var det allereie stilt store spørsmålsteikn på av Fylkesmannen (kopi av brev stempla inn til Sula Kommuna 26.02.2016).

Det høyres flott ut med ein fjellhall vekk ifrå folk og ikkje minst øydelegging av det flottaste området på Sula/Sunnmøre…

Umiddelbart etter eg las dette tenkte eg  ja dette her er supert, men det er eit MEN!...og det er ikkje for å vere negativ, men eg har sett fleire sake som har endra retning etter ein prosess og dermed tenke eg at her må vi «passe på» slik at vi sikra alle sine interesse. Ja, for dei som trur at eg blir direkte råka av anlegget på Olamyra så er det feil, vi vil knapt sjå det men det handla om området som vi skal ta vare på, det kan ikkje vere slik at så lenge det ikkje råka meg så bryr eg meg ikkje.
Med tanke på interesse er det dei som får dette tett på seg, unik tomt som kan brukast til andre og betre formål, ei heilt unik utsikt til verdas vakraste fjord!, lukt som vil kome frå anlegget, bakteriar og diverse som blir skyldt ut i fjorden med vatnet.

Vi må ikkje gløyme korleis dei har gådd fram på måten om å endre frå eit lite anlegg i fjøresteinane til ein diger koloss på 800-1000 kvadrat, ikkje berre indre men plutselig heile øya!! Det å villede folk med å sei at det blir reinsing også var det kun snakk om det tunge og ikkje noko av vatnet!...
Når kommuna fekk massiv motstand på dette kom dei berre med at området var låst og det var ikkje noko å gjere med, men vi kunne samarbeide om det arkitektoniske!!...Hmmmmm, ei slik framferd var trist å sjå og eg kan ikkje slå meg til ro med dette.
Ja, dette høyres vel og bra ut, men som de skjøna er eg ikkje overbevist over at det blir som dei sei akkurat no og dermed ville eg få med informasjonen som blei gitt av teknisk sjef til Formannskapet i Sula i går…

Teknisk sjef Jørn Agersborg informerte politikarane i formannskapet i går:
18.02.2016 hadde dei møte med Ålesund Kommune (jepp, det var intet nytt for min del) og 19.02 kom det brev frå Ålesund til Sula om annmodning til felles avløpsanlegg.
Det er snakk om ein stor del av Ålesund mellom anna Åse som i dag nytta seg av Borgundfjorden (eg snakka med JS «Åse reinseanlegg» 19.02 og han hadde mykje vettug informasjon å kome med. Åse har den antatt beste reinsinga av mekanisk reinsing (95%) og i tillegg har dei kjemikalsk reinsing og dei vurdera å skifte det ut til det aller beste sjølv om det er bra i dag… Så om eg har skjønt han rett vil det sei at dei sila ut kammaren og tilsett kjemikalier for å få brutt ned ein del av medikament etc. som er i vatnet.» Han sa også at skal du ha det enda reinere må du ha enda fleire prosessa med reinsing, altså igjen og igjen før du sleppe det ut. Det er slik at om du tappar i badekaret og hell ein liter vatn oppi så får du ikkje skilt ut melka! Det må x-antall prosessa for å få ut det forskjellige, så det vil bli ekstremt kostbart slik at ingen i landet vil ta seg råd til det.)

Litt rart at nåkken sei du kan drikke av vatnet på Åse (det er langt ifrå og eg ville aldri gjort det sa JS), andre sei at reinsinga på Sunde vil bli så mykje betre enn Åse!! Kvar er vi, kven veit noko i det heile tatt!?
Vi MÅ ha reinsing av avløpsvatnet og det blir det, men kan vi berre slå oss til ro med å høre kva den eine eller andre sei? Eg vil gjerne vite kva det blir av reinsing og kva gjer det med fjorden? Kvifor pumpe det ut i ein fjord når det er så mykje anna dritt i han få før? Kvifor ikkje få ledninga ut i Breisundet (på sørsida av Sulafjellet) og ut i ope hav??

Snakka så vidt med eit par politikera i går og veldig greitt å prate med ein som har «litt» peiling på sjøen og havet!! Einarsen meinte også at det måtte analyser til for å sjå korleis dette vatnet og partiklane vil «gjer seg» i fjorden då dette vatnet er lettare enn sjøvatn (ja, i det første informasjonsmøtet fekk vi høyre at det ville legge seg langt nede på djupet så det ville ikkje ha påvirkning på fiske etc. litt seinare i innlegget kom det til at det ikkje ville ha noko å sei på fiske for det vil legge seg over sjøvatnet – og det var då eg stilte meg undrandes til at vi skal ligge å bade i all dritten vi ikkje ser!!).  Så om vi tek med oss alt som blir sagt (ikkje berre alt som blir snakka høgst) så legg vi to og to saman og kjem fram til at vi er like vis…så då må vi klare å tenke klart sjølv og finne informasjon.

-Så til eit viktig punkt for min del!! – Administrasjonen i Sula var heilt klar på at lokaliseringa som er satt SKAL følgjast, om ikkje akkurat Olamyra men i den sona. «Altså det er administrasjonen i Sula som sei at det eventuelle felles anlegget skal ligge mellom Kvasnes og Sunde!! Ja, då spør eg sjølvsagt undrande kvifor!? Kvifor skal det absolutt ligge der? Eg tenkje ei god begrunning hadde vore på sin plass…

Det har ikkje kome noko klart svar frå Fylkesmannen enda, men det blir møte mellom dei tre rett over påske, så det blir spennande å sjå kva som kjem utav det… Så derfor vil  det meste av kostnader etc. bli lagt i ro til dette møtet er over.

Høgre med spørsmål om sekundær eller primærreinsing, og Leirvågfjellet kontra Olamyra?
Det må vurderast sekundærreinsing, men vanskelig å sei i forhald til kostnadar, men det er sjølvsagt betre om Ålesund blir med. Det er fortsatt tidlig å sei konsekvensa av kostnadar om å få det i fjellet men det er det dei ønska. («Det er her vi må følgje med tenkjer eg for kva dei ønska og kva som blir er heilt to forskjellige ting! Etter kvart når prosessen har blitt lang, stor og med kostnader så kjem dei til at å skyte seg inn i så mykje fjell blir for dyrt og dermed blir det daganlegg i staden – ikkje meininga å vere pesimist eg som «alltid» er optimist, men eg prøva berre å vere føre var»).
KRF: Skjønna at eit enda større dagsanlegg der inne vil få enorme reaksjonar, så blir det lagt til fjellet er det bra!!
Så svara JA – Ålesund var positiv til fjellanleg og det er det vi ønska.
FRP: Vi ville i utgangspunktet ha det på Eikrem, men fjell det er bra for vi m få vekk det fæle bygget på Sulas finaste plass!
Men det må vere sekundærreinsing.
FRP: Må vere storskala så det tek dritten vi ikkje ser!
Høgre: Krysset på Veibust?
JA – Det blir å bruke vegen som var tenkt frå fergekaia (jaaaaa det blir jo bra for dei som tenke kun på seg sjølv og ikkje felllesskapet i første omgang!) og innover. Vegen blir belasta med ca 1-2 containerbila for dag istadenfor  1 annakvar dag.
Eg tenke det er godt det blir diskutert og ikkje minst få ein god prosess…men eg vil vite kvifor vi må forhalde oss til akkurat her inne på Sunde og ikkje lenger ut!?
No har vi anledning til å få anlegget lenger ut med alt det positive det innebær og likevel står dei steil på lokalasjon. Om vi kjem lenger i prosessen og dei ser at kostnadane blir for store ved fjellhall då sit vi der med x-antall kvadrat med problem igjen, og då hadde det vore fint å kunne lagt det i ein skog ;)

Sorry asså, men eg klare ikkje å ta dette heilt med stor ro...
-Anja-

tirsdag 8. mars 2016

Åsså litt meir dritt...

Eg las i Sulaposten og klarte nesten ikkje sitje i ro for det var ikkje slik at eg høyrde feil på Kommunestyremøtet - at Østrem kan uttale seg «Sunde vil ikkje merke om det er eit silanlegg eller reinseanlegg»…Det er kanskje galt av meg å sei høgt, men antyda han at vi er stokk dum!? 
Å Sletta «Ingen faste partiklar i vatnet» Nei sei du det, ja det er nå greit å sleppe å symje mellom dasspapir og kammar, men kjære vene er det betre å symje i avfall ein ikkje ser?? 
Det må vel snart gå opp eit lys for oppegåande folk at her er det snakk om mengder av bakteriar, virus, medikament, vaskemiddel og narkotika…Alt av fast og flytande som går i vasken og toaletta våra vil kome ut i fjorden!! Storfjorden har nok kapasitet til å ta imot og her vil dette ligge å bli skyldt fram og tilbake med strømningane…dei som meine at alt dette forsvinn må berre kome med forsking på at dette bryte fjorden ned sjølv, men etter det eg har fått med meg er det noko den beklageligvis ikkje har muligheit til. 

Så hadde resipient-ekspert Jarle Molvær eit greitt innlegg der han karakterisera Storfjorden som ein meget god mottakar av avløpsvatn, men han opplyste også at han ikkje hadde tatt hensyn til fiske og aktivitetar men korleis fjorden klare å ta imot og fordele dette vatnet utover…Det vil sei at han har kome med flotte resultat som kommuna kan nytte seg av, samtidig er det ikkje vurdert det som alle saman er bekymra for. Eg skal ikkje sei noko på at Storfjorden er ein betre resipient enn Borgundfjorden, men med nesten heile Sørsida av sula dekt med skog må det kunne gå an å finne ein stad utan bebyggelse rundt og ikkje minst rett i opninga til Hjørundfjorden. Når han ikkje har tatt hensyn til fiske etc. blir det litt trist å skylle vatnet ut rett i den beste fiskesona i fjorden. 
Litt trist må eg sei det er at politikerane såg ut til å sluke det Molvær kom med og ikkje tenke over all informasjonen (den med lita skrift) men det mest omtala...ja så kjem dei (administrasjon og ordførar) å sei at alt er så bra etter det eksperten sei, men dei tok ikkje hensyn til det levande i havet!!

Rådmannen gav klar beskjed om at eit reinseanlegg på Sunde er det beste. Men det er kommunestyret som avgjer. -> Då må eg berre oppmode dåkke alle igjen til å tenke klart, sjå kva vi har rundt oss og bevar dette området til noko vi kan ha nytte av og ikkje den vakraste staden i Sula til
Elles må eg sei eg trudde de politikera har ryggrad nok til å tale sanninga og ikkje kome med små detaljar som blir til store monster så snart de har fått det gjennom. Først var det eit lite naust i sjøkanten med torvtak og no uansett korleis den vil sjå ut estetisk er det snakk om 800 – 1000 kvadrat stort bygg!!...(Dette skreiv eg før det var snakk om å få med Ålesund, sjølv om vi visste at det har vore snakk om deler av Ålesund).
De lure inn ting også endra det heile seg, no snakka de så fint om ja kanskje vi skal få sekundærreinsing, men så veit eg at det nær 
ikkje er nokon i heile landet for det er for dyrt, så når det ikkje har råa til å lause ut noko skog på Eikrem/Sulesund korleis skal de får til sekundærreinsing!?

Det er vel ikkje lenge til at Hjørundfjorden får noko tilsvarande som Geirangerfjorden og då vil enda fleir folk begynne å lure på kva som har gått galt i Sula som har lagt eit reinseanlegg på den flottaste staden!!...
Igjen vil eg nemne at ein kan nytte dette til kulturhus eller andre kommunale bygg der folk kan hente energi og livslyst berre dei ser ut vindauget!!...

I dag er det mest pengane og prestisje som rår og om vi berre kan klare å få ei krone meir, og ekstremt viktig ser det ut til å få si eiga meining/ønske trumfa gjennom…vi vil ha alt det naturen kan gi oss av rikdom – olje, mineraler, fisk og tømmer etc. Men å klare å sjå den eigentlege verdien av naturen, dyrelivet, freden og som den urørte skatten den er visst heilt uvesentleg ser det ut som

No når det er snakk om ei heilt ny sak med Ålesund vil eg gjerne at de får dette anlegget så langt ut mot Berisundet og havet (på sørsida av fjellet) som mulig!! De får djupna med ein gang og kortare til ope hav...Det er då snakk om betre reising og det er greit, men eg vil som innbyggjar vite kva som innber i betre rensing!?... Kan de opplyse kva som blir tatt vekk og kva som blir med av kjemikalier og bakterier ut i fjorden?? Å då bør vi vel utfordre kommuna til å legge alle korta på bordet med ei konkret rapport frå ein uavhengig fagmann/kvinne!... 

Til slutt vil eg kome med ei oppmoding til alle om uansett kva sake som kjem opp og nokon engasjera seg andre ikkje, men for all del klar å skilje mellom sak og person!! Eg har full forståing for at vi kan vere ueinige i saker og i eit demokrati er det akkurat det som er så flott!! ;)
Å til den som ikkje kan utstå trynet mitt etter at eg blanda meg i denne saka så får det vere opp til kvar enkelt...

Eg klare altså ikkje halde meg heilt "tilbake"...Eg skreiv dette som eit utkast til lesarinnlegg i Sulaposten veka før vinterferien, så tenkte eg at eg kunne vente til etter ferien. Så har det kome eit par aviser til etter det og no er det faktisk slik at Ålesund og Sula skal samarbeide om dritten, og då vil eg gjerne følgje den prosessen også. Så då tenke eg at eg no berre stikke på formannskapsmøte for å høyre kva dei sei ;)

Ha ein innhaldsrik kveld!!
-Anja-

fredag 4. mars 2016

Husrom...

Herlig uterom for fine eller ruskee kvalda...varmt og herlig boblebad! :)
I dag var eg ein tur uttom huset i Langevåg for å hente litt småting og klipte litt visne blad etc.  
Vi har snakka om det før og no igjen etter at vi har hatt fleire som kontakta oss ang utleige. Det var snakk om utleige istadenfor å selge, men eg ville helst ikkje ha det ekstra arbeidet, men samtidig ein fin måte å ha huset i familien...
 Slettes ikkje dumt dette badet heller ;)
 Her er huset utvendig...
Soverom...
Soverom...
Soverom...
Soverom...

 Leiligheta i kjelleren med store vindaug...

Boligmarkedet stoppa litt opp i den tida vi la det ut for sal (vi skulle legge det ut nåkken månader før) og kanskje er det ei meining med det!?...
Etter fleire som har spurt om vi skal leige ut så vurdera vi dette no og lufta tanken...vi har då hoveddelen på 152 kvadrat med fire soverom, stort bad, side by side kjøleskap etc. ute er det god plass og boblebad...Stor god parkeringsplass og uthus.
I underetasjen er der ei stor leilighet på 78 kvadrat med to soverom.

Tom kan ringast på telefon 941 54 947 eller send mail til anja@kvasneset.com

Kun seriøse henvendelsar!!
-Anja-

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...