mandag 23. september 2013

Chop Suey...

...Anja`s way :))
God, kjapp og enkel Chop Suey!!

Marinade til kjøttet:
2 ts maizena
1 ts salt
1 ts nesten pepper
1 ss soyasaus
2 ss østerssaus

Skjære tynne skiver med indrefilet av svin og heller så marinaden over som kan stå i nåkken minutt...

Så kan du kutte opp ønska grønt, i dag brukte eg:
4 store gulrøtter
1/2 boks med bambusskudd
1 brokkoli
1 paprika
1 fedd kvitløk

Saus:
1 ts maizena
6 ss kjøttbuljonkraft
2 ss østerssaus

Steiker først kjøttet så grønnsakene, til slutt blandast alt og hiver over sausen til slutt og lar det koke opp :) Serverast med ris og god drikke...
Ditta fiksa du også om du vil ;)
Klem -Anja-

Balsam for skrotten...

...det er ein del som gir meg det, men er faktisk på leiting etter det som kan gi effekt ved kvilestilling og ikkje minst nattestid! Har du forslag så hyyyyl ut!! :)))
Her og lenger ned på sida finn du link til den goe middagen vi hadde i dag - Chop Suey!! :)
Det går så mange tankar gjennom hovudet når eg er ute å går ilag med ein firbeint venn og med gomusikken på øyrene...Som når eg gjekk rundt vatnet i dag formiddag, eg skal vere glad eg klare å gå rundt vatnet i relativt bra tempo, men i fare for å virke utakknemleg er det faktisk ikkje nok for meg. Eg går så fort eg klarer for å komme meg heim til ein varm dusj skolding slik at kroppen blir mjuka litt opp...
Det er eigentleg litt rart ditta med gangen for når eg først er i siget går eg ganske så fort, har veldig vondt i deler av ryggen, eller kan eg dele smertene i to og sei at ein av smertene er minimale når eg går i tillegg til dei som går ut i hofta...
Dei irriterandes og skjerande smertene i rygg og hofte har eg enda ikkje funne nåkke god kvilestilling til, råd takast imot om nåkken har det!???
Det som er så godt når ein ikkje er i form er at ein kan gå ut i naturen og la sjela få ro og la alle dei flotte plassane rundt om balsamere skrotten, ja for dei gjer liksom det på eit vis ;)
Det er litt som medisin det å få nyte vakre omgivelsar... 
Fjella riv etter meg og i løpet av hausten håpar eg på ein flott fottur einkvann plass!!...Tenk gjennom neste gang du går i fjellet kor heldig du er ♥ eg skulle verna enda meir om alle turane mine då eg klarte å gå på så mange toppar...Men skal få det til igjen, så nøyer eg meg med små fotturar litt her og der...

Eg har heile tida sagt at det går fint og det er maaange som har det verre enn meg!...Det er heller inga trøst lenger!!...Eg har innsett at det ikkje lenger er lett å skjule skavankane, så dermed berre letta eg på sløret - kan jo sjå oppegåande ut eg og svært få ser at eg har store smerter, men sik er det...det er jo ein grunn til at eg må selgje butikken!! :((  Forresten så ha vi hatt litt interesse, men ingen avklaring enda, så derfor drive vi enda, er du eller nåkken andre interessert i butikken så ta kontakt!! Vi kan selgje sjølve bygget/lokalet utan varelager om det er av interesse også!! :)
Men hellaren her dette eg ut!!......Det her skulle vere eit lite middagstips for i dag har eg og barna Tommen er i Trondheim på jobb spist oss mette på Chop Suey :))) mmm oppskrift på linken der...

Slikt kan skje når eg ligg her på soffan og veit ikkje heilt kor eg skal fokusere!!?...Hårføner funka i halvannan minutt, så må eg begynne  tenke nytt *

Det tek ikkje akkurat så lange stunda med den maten, men bevegelsane og stilinga ved kjøkkenbenken er eg ikkje heilt klar for å dele med dåkke enda ;)

Eg er takknemleg for min lille flott familie, våre firbeinte og ikkje minst nåkken foreldre som stiller opp når vi treng litt ekstra hjelp ♥ ♥ ♥ Det er tross alt det viktigste...men skulla likt å vore ei litt meir oppegåande mama, men kanskje det blir ein dag, kven veit...
Ha ein sprek kveld...
Klem -Anja-

fredag 20. september 2013

Blomkål og Brokkolisuppe ♥ Go Green

...mmmm :)

Det er fredag ettermiddag og då ventar barna eigentleg berre på fredagspizza til kvelds. Men i dag ville eg ha nåkke godt rett etter barnehage, skule og jobb.
Blomkål og brokkolisuppe har eg hatt lyst på heile veka, men veret har væt så bra...ein pussig ting, men suppe smaka aller best når det er litt ruskevèr ute ;)

 
Blomkål og brokkolisuppe med bacon :)

* Skyll og kutt opp to brokkoli og to blomkål, la dei få eit lett oppkok.
* Sil av krafta, ta av ca. eit blomkål og stamp resten med stavmikser...
* Koko opp 1 liter vann med tre terninga kylling buljong. 
* Rør kål- og brokkoli"massa" inn i buljongen
* Tilsett 2 dl matfløte, vend inn resten av blomkålen og smak til med salt, pepper eventuelt anna godt krydder.


* Server i skål og dryss litt bacon på toppen...

Ser godt ut ka!??...og smaka enda bedre ;)

Ditta smaka nok spesielt godt ein sur haustkveld og då gjerne med litt stekt kantarell til...
Håpe du også lika det!!

Klem -Anja-

tirsdag 17. september 2013

Etter den søte kløe...

Heldigvis er vi velsigna med vakkert landskap og det får ein til å drøyme seg litt vekk... Massevis av vakre ting å kvile øyne på og litt god musikk, det gjer seg på humøret!!...prøver så godt som mulig å holde det oppe, men må innrømme at når det står på som værst er lunta «litt kort» - watch out!!... :)))
 
...kjem den sure svie!!.
Ja det går slik her i huset, gjer man nåkke utenom det «vanlige» så får ein jaggu svi for det. Når det er sagt har eg også alltid sagt at ein ikkje kan gi opp og legge seg til, for då har eg «tapt» dermed brukar eg nattens smertehelvete som motivasjon til å gjer litt med problemet...Men, det ligg liksom ikkje med meg det er liksom opp til alle dei som «veit», men av og til lurer eg på kva dei veit?...
Hadda eg berre kunna sagt fiks meg tilbake til slik eg var før operasjon nr. 1 - steike, det hadde vore gullegodt asså!!...


I natt visste eg liksom ikkje heilt korleis eg skulle handtere det, ville vel mest berre brøle ut kor gale det var, men valgte å kneppe igjen og prøve med forskjellig...Kva som fekk meg til å dubbe litt på morrakvisten ana eg ikkje, men å klare å røyse seg når bana skulle opp og ut av huset klarte eg ikkje i dag og då var det greit at «gubben» var heime...

Som vanlig prøver eg å leike som alt er greit utad, ingen vits å vise omverda at ein ikkje har det så bra, men så er det liksom ikkje så bra det heller...
Som eg skreiv i går er det av og til vanskelig å skjule korleis ståa er ;)


Etter dagens Sinnasnekker er eg igjen klar for å komme meg skikkelig på beina og få ta fatt i ting, måtte det komme ein «smisalabim» snart!!...
I dag har eg holdt meg i ro ja det er heilt sant, for eg klarer det innimellom, så då låg eg her med pcèn på magen og lagra tusenvis av eldre bilder over på disk, kan jo ikkje få nok kopia, så planen er å lage til enda ein slik at eg kan ha den ein annan plass.
Men, no er håpet at dagen i morra blir litt bedre slik at vi kan sykle til skule og barnehage, ikkje minst at eg kan vere litt meir oppegåande...Huff det blei litt av eit magasukk i dag!!


Skjønne Timmen våra ♥ ♥
 Det var såååå kosleig i helga og så trist at det ikkje er enda oftere!! Namnefesten hadde dei i barnehagen til Vetle og Alva og det var som sist kjekt med massevis av leiker både ute og inne. Ditte bildet lyge litt då vi ikkje var ute heile tida for vestlandsveret kom og leiken blei med det inne resten av tida ;)
Neste familiesyssel håpar eg blir ein flott skogstur der vi kan nyte ein vakker haustdag litt oppi åsen ein plass :))
Skjønneste Katja vår som elska å ta seg av og leike med dei små søskenbarna sine ♥ ♥

 Hadde ei koselig helg med familien og ingenting ser vel gale ut her!!? :))))
 
 
Kveldhelsing frå sofakroken...
Klem -Anja-
 

mandag 16. september 2013

Familiehelg ♥

Timmen under stoppet i vakre omgivelsar...
Du vakre Vestland…og litt av denne flotte og magiske naturen har vi sust forbi og igjen har det gjort inntrykk og ikkje minst har vi oppdaga lit nytt på denne turen også.
Tenker ofte på kvifor eg ikkje kan ta meg litt meir tid til kanskje å svinge innom plassar og sjå litt nytt, men det bei med tanken denne gangen også…

Torsdag satt vi oss i bilen, eg og Tim Are for å reise til Bergen og namnefest for søskenbarnet deira og mitt skjønne tantebarn Ronja. Katja skulle vere med på «lesekveld» på biblioteket og ho ringte glad og fornøgd då ho hadde vunne gåvekort og var klar for tur til Bergen ilag med besteforeldre, Ferdinand, tante og onkel fredag morgon…


Eg og Timmen hadde som alltid ein flott biltur med massevis av god prat, fine historier og ein del fantasering, skjønt vi begge kom til at ein avsidesliggande gard i Sogn blir det foreløpig ikkje…
Vi måtte ha eit ufrivillig stopp mellom Skei og Vassenden, men skøyern min fikk tida til å gå fort og mange kommentarar som vanlig. Han vile jo sjølvsagt vite det meste om alt også han eg prata med i bilen bak - «Mamma, kor han kjem ifrå, skjønna du språket hanna!?» Sjølvsagt ikkje så lavt at berre eg hørte det ;)  Forklarte at han nok kjem frå Sogn og Fjrdane ein plass og han snakka dialekt, som regel greitt å forstå…

På leikeplassen hadde vi også eit aldri så lite snegleløp...
Herlig igjen å komme sliten til Kjenndalstoppen, men vel verdt det!!....Kos og søskenbarnleik fredag, koselig familiedag med litt shopping og middag på Friday`s og til slutt avslapping på lørdagen…
Søndag fikk vi feire skjønneste Ronja og herlig avslapping med familien på kvelden
Sakna sjølvsagt nåkken som ikkje kunne vere ilag denne helga deriblant min kjære som måtte vere heime med familiens fribeinte…

Den flotte og fargerike hagen til mi kjære søster hadde eg planer om å lage eit innlegg av, så kanskje kjem det snart..............men her ei vakker rose med ei fantastisk lukt...


Først av alt familien!!, men når familien så samlast er det alltid masse god mat og sjølvsagt Sunnmørs kake-/festbord!!...
 

Måndag og klar for å reise heim…klar!!??...nope, opp av senga, svimmel og ufjølg, kom meg ned ein etasje før eg måtte legge meg litt, så til slutt ned på badet…Fikk ikkje Timmen fort nok ut slik at han fikk med seg at eg spydde då er det ikkje så lett lenger å sei at alt er bra og forma er fin, når han står bak å sei at mamma spydde på doen assså!!...
Jaja, slik er nå dinna skrotten min, skal eg vere med på litt må eg tole ein del!! Heimover hadde eg bilhjelp og det gjekk ganske så bra, då var det supert å komme heim til min kjære og få legge seg på sofan…
I morra skal eg prøve å stå enda saktere opp så blir nok dagen betre også vil eg håpe og tru.

Vestlandet viste seg frå si vanlige side då vi susa oppover...men nysnø var eg ikkje heilt stemd for enda, men la gå hausens vakre fargar skal snart konkurrere den ut...

Har sett Sinnasnekker`n og har masse med boblande energi som vil ut, men det får vi ta litt seinare…


Ha ein spyfri aften…
Klem -Anja-


mandag 9. september 2013

Lykka er...

...for denne dag sjø, vakker utsikt, frihet og glade fribeinte ein søndag ettermiddag!!...Å vere ute ilag med hundar som kan få springe fritt, og ein sjølv kan puste ut i vakre omgivelsar er som terapi for sjela ♥♥♥



I dag er det valdag og vil minne folk om å bruke stemmeretten :) Godt val!!...
-Anja-

søndag 8. september 2013

Mykje lys og mykje varme...

...No er vi inne i hausttida og når kvelden kjem og pliktene er gjort er det ingenting som er betre enn å tulle seg inn i eit teppe i soffan med gode puter og lammeskinn...Levende lys er eit must!!
Sender med nåkken bilder til NIB`s utfordring, skal tru om eg rekke den denne gang!?...

Massevis av levende lys, lammeskinn og puter...
 
I soffan har vi fleire gode tepper, men no er eg i gang å strikke eit lunt og godt teppe som passar fint inn ilag med skinn og puter...
 
♥ ♥ ♥ ♥ ♥
 
Legger også med litt bilder uten merke i og med alle dei første er merka...
 



 

Ha ein varm haustkveld ♥ ♥ ♥
Klem -Anja-
 

lørdag 7. september 2013

Er eit val «berre» eit val!?...

Eit val er ikkje «berre» eit val for deg, men for alle rundt deg og ja heile nasjonen…
Dei siste dagers debattar og overskrifter har liksom fått meg til å tenke litt meir, kanskje litt meir på Norge som nasjon og korleis er vi i dag og kva vil eit val eventuelt gjere med oss!!
Har eg no kanskje tenkt i nye retningar enn tidligare eller lagt meir vekt på heilheita? Kanskje har mine eigne erfaringar på godt og vondt dei siste åra vist meg at ein bør sjå på valet som eit samfunnsval og ikkje akkurat det beste for akkurat meg no, men mest på korleis vi vil at det Norske samfunnet skal vere no og i framtida…
Eg står igjen med nokre spørsmål, men trur ikkje eg får svar på alt, ja alt er det ikkje lett å skjønne og ingen kan gi meg «alt».

Den norske skulen er faktisk noko eg har opna augene for!?  Eg har liksom ikkje heilt satt meg inn i den debatten om kor viktig det kan vere med skulemat, eg sjølv som mange andre sende med skulemat, vatn i flaska og den frukta barnet ønskja………men, så begynne eg å tenkje er det alle barn som kan gå frå ein trygg heim med mat/skikkelig mat i skulesekken!?? Svaret måtte bli nei, når man hører og ser alle barn som ikkje har det så bra med foreldre som dett utanfor, er det lett å skjønne at dei kanskje ikkje får den mat og næring det treng for å klare å halde fokus, få konsentrasjon og ha nok energi til å halde seg oppe gjennom skuledagen.
I tillegg når eg kan høre og lese om ein av verdas beste fotballspelarar overlever på skulematen, det gjer inntrykk og då er det kanskje noko vi absolutt treng!!..

Henta frå Dagbladet:
Hvem er så denne Zlatan Ibrahimovic´? Han er født i Sverige og vokste opp i innvandrergettoen Rosengård i Malmö.
Moren Jurka - født i Kroatia - og faren Sefik - født i Bosnia - giftet seg for at sistnevnte skulle få oppholdstillatelse. Det ble et turbulent ekteskap, og de flyttet hele tida. Tonen familien imellom var skarp. Det var ikke «kan du være så snill å sende meg melka», det var «hent melka, din idiot». Det var makaroni og ketsjup til middag, og moren slo ham med tresleiver. Zlatan forteller om en gang han ramlet ned fra et tak, fikk en blåveis og løp gråtende hjem. Han ventet sympati og et klapp på hodet, men fikk en ørefik: «Hva i helvete hadde du på taket å gjøre?»
Da Zlatan var to år skilte foreldrene seg, og han ble boende hos mor med sin to år eldre søster Salena og tre halvsøsken. En av halvsøstrene begynte med dop, det var tårer, krangler, kjeft, og sosialkontoret ble involvert. Zlatan var ti år gammel da faren overtok omsorgen. Han hadde en sofa, en tv, en bokhylle og to senger. Det var ølbokser overalt, søppel på gulvet, kjøleskapet var alltid tomt. Når far kom hjem fra vaktmesterjobben, drakk han øl, snakket i telefon eller så på tv. «Vi var ensomme i hvert vårt hjørne», forteller Zlatan.

Vi treng så absolutt fleire og betre lærerar det har vel fleire av partia sagt seg einig om, men kva hjelp vel det om lærarane er best om barna ikkje kan ta imot lærdom!!...
Men, kjære den som eventuelt skal vinne eit val – ikkje sett barna i bås så tidlig med karakterar, la ikkje dei svake møte stor motstand så tidlig, det blir ein lang og tøff skulegang om dei allereie i barneskulen skal føle seg dårlegast i klassa…
I eit skulefellesskap som i dag får dei svakaste elevane betre oppfølging, ikkje la det vere avgjereande at mitt eller ditt barn får betre oppfølging avhengig av resursar eller ei!!...
Vi vil alltid ha ting å klage på og fleire burde fått meir oppfølging enn det dei har i dag, men det er kanskje ein kamp vi må ta i den offentlege skulen?
Det med viktigheten av nye og gode skulebygg har vi sett goden av her i Langevåg

Det har vore mange enkeltsaker oppe i media ang eldreomsorga og fleire kunna det nok vore, eg trur dette har mykje å gjer med kva kommune du bor i og det er svært uheldig mykje av det som skjer rundt om, la dei få tilbakemeldingar på kva som bør betrast og gjerne ta med det som er godt i same slengen ;) 

Eg har sjølv mine erfaringar på godt og vondt, men her må ein igjen tenkje lenger enn si eiga «lille hule». Vi må tenkje heile landet under eit, er det slik at ein skal reise rundt å «shoppe» eldreplassar når den tid kjem for å kunne komme på dei beste plassane, og dei som igjen har lite resursar må igjen godta å vere på dei «dårlige» pleieheimane???
Eg kan ikkje skjønne det, det kan jo ikkje vere slik vi ønskjer samfunnet skal vere!!...
Eg har sjølv hatt mange erfaringar frå forskjellige sektorar trass min unge alder da! at eg har begynt å tenke på ein annan måte enn tidligare. Som enda yngre og kanskje lovande bedriftsdrivar til ein «uheldig pasient» har eg sett medaljens bakside i helsenorge, i eldreomsorgen, og på andre rettigheter…Eg som mange andre vil ha alt masse betre fordi vi sit med kvar vår historie som ikkje er rett og faktisk svært urettferdig, men eg har tenkt, og med ei privatisering av desse instansane ville kanskje ikkje ha hjelpe meg eller andre på betre måte…
Alle er vi «ein» og vi skal sjåast som ein person, ein pasient, ein pårørande uansett økonomi!! Det er ikkje slik at dei som er så heldig utrusta at ein kan kjøpe seg det meste skal ha dei beste tilboda, medan «vi andre» skal nøye oss med det som er til overs……………Husk at du ein dag kan komme til å bli avhengig av det fellesskap vi har i dag, det er ikkje sagt at du for framtida og dine barn har dei resursane du har i dag!!...


Eg som dei fleste andre har det «godt» her i landet, men det er slik at mykje vil ha meir og vi alle vil ha det best mulig og enda betre enn det. Sjølvsagt vil eg ha skattelette og gremma meg sjølv over skatt eg må betale ekstra spesielt når ein bygg opp ei lita bedrift så er det surt med skatt på eit overskudd, men har lurt på kvifor skal vi som har resursar til det la vere? Vi skal sjølvsagt bidra til eit fellesskap, eit fellesskap ein aldri veit når tid man får litt ekstra bruk for sjølv…Ein del avgifter kan man sjølvsagt setje eit spørsmålstegn på og kvifor skal dei vere så store!??
Vil eg/vi ha skattelette, men kven gangnar det? Meg og deg no, dei rikaste, og kva vil det råke, for ein kan vel ikkje gi og ta frå begge endar??  Kva vil dette gjere med framtidas ungdom og dei neste generasjonane!?...  


Eg er til tider rundt å susar på Norges vegar og har sett at det står ille til nokre plassar, ein plass er det for smalt, ein annan for dårleg vedlikehald etc. og når vi køyrer Ålesund – Bergen skulle ein gjerne hatt ferjefri E39…men når alt kjem til alt, treng vi faktisk å prioritere dei vegane som er viktigast!! skulle gjerne sett at all vegavgift gjekk til vegbygging for då hadde vi kunna snakka pengar, men det er faktisk for innfløkt for meg til å forstå. Eg skulle gjerne sleppe å banna på fergjekaia på Oppedal når eg kjem 10 sekunder for seint til fergja jada har gjort det eit par gangar men det er faktisk betre å vente 20 minutt på ei ferje enn å ha farlege vegstrekningar andre plassar i landet!!...

Tenk, hadde berre valet vore så enkelt som å finne sin fine farge...

Eg tenkjer at det gode landet vi er i dag sjølvsagt ein del å jobbe vidare med ikkje kjem av seg sjølv, ting må byggast langsamt opp og det har «vi» gjort gjennom år….
Det er viktig at vi er eit samla samfunn, at vi ikkje blir delt i båsar med den «fattige/mindre resurssterk» og dei «resurssterke»…Samhaldet som vi nordmenn i stor grad viser er eg redd vil gå litt tapt med eit eventuelt klasseskilje, eg har eit ønskje at vi skal kunne stå saman som etter terroren 22. juli 2011 og som det folket som viser engasjement og bryr oss når forferdelighetene inntreffe.
Stå saman for alle barn skal få lik sjanse for god lærdom, stå saman om at dei eldre skal få ein verdig og fin tid sjølv når dei må flytte til sjuke-/eldreheimar, alle skal ha lik rett til god behandling og fritt sjukehusval, alle skal ha lik behandling uansett kva kontoen viser!!...
I det store og heile veit eg at ingen parti kan tilfredstille meg og kanskje andre 100%, men ser det er viktig å sjå heilheten og sjølvsagt sette dei «viktigste samfunnsspørsmåla» i lyset…
Eg håpa at vi etter valet skal vere eit samfunn med samhald og like rettigheter!!
Eg må også legge ved link til ein artikkel som satt litt spørsmål med meg...

Det var berre eit «magasukk» og vil ønskje alle eit godt val og bruk stemmeretten din!!
-Anja-


Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...