tirsdag 17. september 2013

Etter den søte kløe...

Heldigvis er vi velsigna med vakkert landskap og det får ein til å drøyme seg litt vekk... Massevis av vakre ting å kvile øyne på og litt god musikk, det gjer seg på humøret!!...prøver så godt som mulig å holde det oppe, men må innrømme at når det står på som værst er lunta «litt kort» - watch out!!... :)))
 
...kjem den sure svie!!.
Ja det går slik her i huset, gjer man nåkke utenom det «vanlige» så får ein jaggu svi for det. Når det er sagt har eg også alltid sagt at ein ikkje kan gi opp og legge seg til, for då har eg «tapt» dermed brukar eg nattens smertehelvete som motivasjon til å gjer litt med problemet...Men, det ligg liksom ikkje med meg det er liksom opp til alle dei som «veit», men av og til lurer eg på kva dei veit?...
Hadda eg berre kunna sagt fiks meg tilbake til slik eg var før operasjon nr. 1 - steike, det hadde vore gullegodt asså!!...


I natt visste eg liksom ikkje heilt korleis eg skulle handtere det, ville vel mest berre brøle ut kor gale det var, men valgte å kneppe igjen og prøve med forskjellig...Kva som fekk meg til å dubbe litt på morrakvisten ana eg ikkje, men å klare å røyse seg når bana skulle opp og ut av huset klarte eg ikkje i dag og då var det greit at «gubben» var heime...

Som vanlig prøver eg å leike som alt er greit utad, ingen vits å vise omverda at ein ikkje har det så bra, men så er det liksom ikkje så bra det heller...
Som eg skreiv i går er det av og til vanskelig å skjule korleis ståa er ;)


Etter dagens Sinnasnekker er eg igjen klar for å komme meg skikkelig på beina og få ta fatt i ting, måtte det komme ein «smisalabim» snart!!...
I dag har eg holdt meg i ro ja det er heilt sant, for eg klarer det innimellom, så då låg eg her med pcèn på magen og lagra tusenvis av eldre bilder over på disk, kan jo ikkje få nok kopia, så planen er å lage til enda ein slik at eg kan ha den ein annan plass.
Men, no er håpet at dagen i morra blir litt bedre slik at vi kan sykle til skule og barnehage, ikkje minst at eg kan vere litt meir oppegåande...Huff det blei litt av eit magasukk i dag!!


Skjønne Timmen våra ♥ ♥
 Det var såååå kosleig i helga og så trist at det ikkje er enda oftere!! Namnefesten hadde dei i barnehagen til Vetle og Alva og det var som sist kjekt med massevis av leiker både ute og inne. Ditte bildet lyge litt då vi ikkje var ute heile tida for vestlandsveret kom og leiken blei med det inne resten av tida ;)
Neste familiesyssel håpar eg blir ein flott skogstur der vi kan nyte ein vakker haustdag litt oppi åsen ein plass :))
Skjønneste Katja vår som elska å ta seg av og leike med dei små søskenbarna sine ♥ ♥

 Hadde ei koselig helg med familien og ingenting ser vel gale ut her!!? :))))
 
 
Kveldhelsing frå sofakroken...
Klem -Anja-
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...