søndag 30. april 2017

Balduscup

Katja og gjengen godt igang med oppvarminga kl. 07.15 i dag tidlig!!...
For meg som ikkje er noko utprega b-men`ske var det heilt greit å starte dagen tidlig, er det kvalmt å sei at eg var oppe ein halv time før vekkerklokka ringde!?... ;)  

Fredag sat eg og Katja oss i bilen for å reise til Lillehammer og Balduscup. Ein lite behagelig tur, men alltid kjekt å sjå barna spille og trudde ikkje eg skulle klare å sei noko, men klarte å heie på meg noko som kjentes som eit sprengt blodkar i halsen! :)))
 Oppvarming og første kamp (andre for frøste spilte dei fredag kveld) laurdagen i Kristinshall!...
 Katja kjempa i forsvar!!...
Vann første kampen i sluttspelet i dag tidlig, så var det klar for frukost og utsjekking før neste kamp. Spennande kamp som endte med ekstra omgang og første mål gjekk vidare - over 4 minutt (om eg ikkje tek feil) tok det før dei måtte nøye seg med eit knepent tap...sikkert litt å "pirke på" men ein skal ikkje avslutte ein cup med "eit dårlig augeblikk" så no vel å ta med meg det positive...
Oppom Frøya og matmor på fredagen!!...alltid kjekt å treffe valpekjøpera - Frøya var 1 år 22.04.2017! ;) 

Endelig vel heime gjekk vi rett i valpekassa ♥♥♥
Klem -Anja-

lørdag 29. april 2017

Kan eg gi heilt slipp!?...

...på alle guttane i dette kullet!? Neppe...det er dei eg har plukka opp først heile tida og eg er jo så svak for disse mindre hormonelle herlighetane ♥ Her må eg virkelig i tenkebobla mi!!
 Berta te med seg godbitane ho får i valpekassa og skal "dele" med  valpane sine ;)
Mølje...jepp ei herlig mølje ;) Å det er vel ei mølje eg kan kalle dei gir tankane mine for tida også!! 

For at det skal bli lettare å forstå kvifor eg ønska å kunne halde igjen ein hannhund så skal eg forklare "litt"...(Vi skal sjølvsagt halde igjen ei tispe også).
Eg får jo med alle mine tre firbeinte gutta i ei og samme stamtavle!! "Siko" min aller første flat som saman med mi første tispe gav oss på alle måta fantastisk Bajas (mitt store hjarte som kom heim og er alltid med meg bak på skuldra mi), å den siste som kraup under huda på meg og valde meg i valpekassa og eg kunne ikkje gi slipp på han "my Bobby McGee".

Å kan ikkje sei anna enn at her er flust med flotte hunda i denne stamtavla her, og i tillegg til alle du ser her så ligge det generasjonar med flotte hunda bak!!

Kan begynne med farslinja som stamma frå Ayla som kom frå vårt første kull i 2000 der vi brukte Kristine sin herlige "Bogart" på "Kira" vår stamtispe - på Ayla nytta vi nydelige "Solan" som eg fall pladask for...Der fikk vi vår kjæraste Lisa som vi brukte finingen "Jungman" på som leve i beste velgåande 11 år gamal. "Nora" ei herlig jente som i ein alder av to år sjarmerte seg inn på Emblem og leve det gode liv på landet. Innimellom gir ho oss herlige opplevelsar og ikkje minst nokre fantastiske valpa!! Første kullet med vakraste "Rebus" med svenske og engelske linje som vart verdens vinnar berre to år gamal!! Å i det kullet behaldt vi to heime...Bobby valgte meg og igjen har eg fått ei anna utgåve av "one of a kind" ♥♥♥ og søster skjønne Keesha!
Mamma til kullet er vår herligste "Berta" og vi berre gler oss med ho vidare etter permisjonen er over!...
Ho er eit resultat av inseminasjon etter fantastiske "Porsche" også med sine svenske og engelske linje. "Sky" mamman til Berta tok vi inn frå Tsjekkia som ein parringsvalp etter vår kjære og heilt spesielle Bajas♥ som var etter min første hannhund og tispe... Eg kunne ramsa og ramsa men skulle visst berre sei litt og då har eg fått med meg litt, og de kan jo berre sjå stamtavla sjølv ;)
(Har heva ut dei eg har nemd over...)


Kvasneset`s In Long Desember Night
SE U(U)CH JEUW-13 
WW-14 Caci`s Hit The Road Jack
IE CH GB CH Clandrift Dark Legend
GB SHCH Vbos The Tycoon
Blackshyne Summer Melody at Clandri
SE U(U)CH JWW-08 Caci's Strip and Tease
NORD V-07 SE U(U)CH NO UCH Branchalwood Aylancoll
SE U(U)CH Caci's Helen Chadwick
Kvasneset`s
Himmelske
Honoria (res.CC)
"Nora"
SEU(U)CH
Boppalooza Jungman Jansson
INT FIN S UCH JVV-00 SV-03 Almanza Sharp Shooter 
SU(u)CH NUCH NV-05 Boppalooza När Du Dansar 
Kvasneset's Frøken Lisa(CC)
N UCH Bezonian Eau De Vie "Solan"
Kvasneset's Ayla (CC) (Datter av Bogart)
Kvasneset's
Just
 For Fun
Intuch Norduch Sevch
Inkwell`s Final Guess
"Porsche"
Belsud Black Taurus
Belsud Brown Guiness
Belsud Willow The Wisp
S U(U)CH Inkwells Guess My Name
Black Mica's A Mixed Recipe
INT S N UCH Inkwells Beretta Mobilchoke
Lavender Sky Black Brianta
"Sky"
NUCH NVCH Kvasneset`s Braveheart "Bajas"
Fonkebakken`s Damian Siko
Coneken`s Glenmorangie Port Wood (CC)
Multich Carnival Night Black Brianta
Moonstruck Rumble Fish
Mulitch Arctic Avalanche Black Brianta
Sorry at det vart litt rotete med den stamtavla, men måtte berre ha med fire generasjonar! ;) 

Det siste kullet vi hadde ser veldig lovande ut og dette er nesten samme kombinasjon berre at vi har fått inn "Rebus" og "Porsche"...
Så eg kan liksom ikkje forestille meg at dette ikkje blir veldig bra etter å ha tilført to flotte linje til!!

Ein hund er ikkje berre ein hund..ein flatcoated er ikkje berre ein flatcoated...ei linje er ikkje berre ei linje!...for dei som trudde det ;) 
Blir så ekstremt glad i disse linjene, det å få jobbe vidare med dei og prøve å forvalte dei på den aller beste måten 
Folk spør meg eller kanskje dei legg føringa: "du kan nå ikkje halde igjen for kvart kull!?" Jepp det kan, bør og etter mi meining SKAL ein om ein vil noko med oppdrettet sitt. Kvifor skal eg gjere så mykje utav det og med den jobben om eg ikkje skal ha noko igjen sjølv? Eg ser ikkje vitsen med å ha eit kull om eg ikkje skal ha igjen, og forhåpentligvis få jobbe vidare med dei linjene...



Håpe virkelig på ein del slikt vêr framover slik at valpane får vere mykje ute, og ikkje minst vi to- og firbeinte kan sjå fram imot mange herlige tura...

Når eg kjem heim frå handballcup med Katja skal valpane bli foreviga på bordet og gler meg til å dele bilda med dåkke.
Ha ein tenkande dag...
Klem -Anja-

onsdag 26. april 2017

Mat mat mat!!...

...Det er mykje av det som står i hovudet på dei minste i huset om dagen. Dei er nåkken glupske matvrak som spise, gjer frå seg og søve - men kjekt at dei er i gang med leiken og livet har  virkelig begynt 
I morra er dei alt fire veker!!

Det vil kome meir både bilde og info no som det skjer meir.
 Her har dei spist seg go`og mett!...så sovna dei rett så det er i matfatet...
 Nåkken som har fortalt deg kor slitsamt det er å ete!??
Her er veffal ein gjeng som sovna i det dei spiste :))
 Herlig å kunne nyte stillheita slik...kjenne eg skulle klart å søtte litt meir, men det hadde om mulig blitt for lenge iro etterkvart!
 Her er melkebaren open og det er ikkje akkurat nåkke "kjære mor" her asså!!...
 Her har nok lufta gått heilt ut og ein skikkelig strekk må til...

Ha ein glupsk dag!
Klem -Anja-

Medaljens bakside...

I går kveld var det igjen litt "terapi" å skrive ned tankane sine, og som så ofte så blir det ikkje posta.
Men, her er litt relevant informasjon!......Som så veldig mange både nære og fjerne venna som ikkje skjønna og trur eg "melde meg ut" men det er faktisk berre at i perioda så makte ein ikkje. Som eg har skivd før eg har ikkje gips, eg sit ikkje i rullestol - ja men den hadde vore her om eg ikkje klarte å bite tenna saman å trene og jobbe så hardt eg gjer for å halde meg oppe!! Så om det trur at eg går alle turane kun for nytelsen så er det heilt feil. Eg elska fjella - og veit de kva det beste med dei er? Det er når eg har skreke meg opp x-antall høgdemeter så kan det vere at adrenalinet mitt gir meg ein følelse av smertefriheit i ei 5 minutts tid!! DET er faktisk fantastisk og verdt dei dagane eg eventuelt ligg etter slike tura!!...
Så kvifor ein klare ein ting og ikkje andre er ikkje så svart/kvitt og jækla enkelt så folk trur ;)

Det her skulle ikkje vere ein "klagestatus" men kanskje greit å vite for ein del...

Eg speida etter skikkelig vår o sommar når snøven i gfjella slepp taket! Måtte det bli mange nye og flotte tura i år!!...


*********************************************

...Ja tru det eller ei så har alt ei bakside!...Eg vil sjeldan innrømme det at alt har ei bakside, men slik er det. For meg vil det nok ta på å ha valpekull, men alt det gir meg med glede når vi har valpane og det å få sjå dei vekse til, tilbakemeldingar frå valpekjøpera og kunne gi hode råd etc. Det gjer det liksom verdt alt - det at eg kan få overlevere eit nytt familiemedlem til nye heimar gir liksom livet meining.
Gidd ikkje klage, men fy faen for eit helvete dinne kroppen er!! Eg er tidlig i seng, mykje oppe om natta og i gang igjen mellom 6-7 kvar morgon. Eg kan ikkje velge kor tid "anfalla" kjem, men vil helst ha dei når eg er aleine men så heldig er eg ikkje kva dag! Her ein dag i påska ute på verandaen kom eit skikkelig eit og det tok tid å kome seg, og det var verts for Tom. I dag kom det midt i gangen utanfor rommet til Tim are når han hadde besøk :/ Trur ikkje dei skjønte så mykje, men det gjor Tom og Katja!...huff sorry, lika ikkje at det skal sjå meg fult så dårlig.
Å berre det å rydde litt huset i dag har slått meg ut.........gubben er skjelven, Katja irritert på lega som har gjort alt så mykje verre!! Ho meine eg burde reise til USA for der er dei så mykje betre og folk blir meir frisk der :)))
Har ikkje tenkt meg noko "helsereiser" i løpet av dei fire første månadane veffal!! Sjølv slik eg er no så håpa eg det blir valpa på Nora  Det er fullstendig galskap og eg veit det då vel, men det er ein av få ting som held meg oppe. 
Den lille familien min, og hundane (med alt det gode det bringe med) er det som gir meg livslyst og får meg opp kvar dag!!
Skulle ikkje tru at det her som skulle hjelpe vart så fatalt...eg prøva å la det ligge, men innimellom klare eg ikkje sleppe tanken at det her skulle gå an!?.. 
Eg har hørt og lest om folk som har gjort det samme og er smertefri i dag og det er FANTASTISK - og eg begripe berre ikkje at fleire feila kunne oppstå med meg...

Så til det eg skrive for i dag...om du er ein av dei som ringe og eg ikkje svara så kan det vere eg er opptatt i ein telefon eller rett og slett slått telefonen på lydlaus for å få slappe av. I dag fikk eg ein telefon av ei hyggelig mann som ville tilby meg noko som kunne hjelpe og i tillegg tjene penge. Eg er beklageligvis ikkje interessert i å bruke energien min på det, sjølv om han meinte at eg fikk meir energi av det. No er kroppen min meir kompleks enn berre "vanlig" rygg etc. slik at så enkelt er det ikkje.
Eg sa rett ut at eg vil bruke tida mi på det som virkelig gir meg noko og gir meining til meg og mine. Ja men penge da? PENGE ER IKKJE ALT HER I LIVET! Ein må ha så ein klare seg, meir er ikkje så viktig!! Eg skulle heller betale mykje for å få tilbake livet mitt enn all luksusen for å få meir penge!...

Eg innrømme at eg ikkje er fan av lausprat og så veldig sosial slik ting er, så derfor unngår eg nok folk og det som får meg til å "stoppe opp"... Tom lurte på om eg har blitt folkestygg!? Å eg svara ærleg ja i perioda er eg nok det ;) 
Legen på Ullevål sa eg ikkje måtte bli ho "verdo hundekjerringa som kun er på tur" Innimellom er det val akkurat det eg er hahaha.... :))
Så eg bruka no energien min på barna, og dei firbeinte så får alt anna vere for min del ei periode...
Til helga skal eg kjøre Katja til Lillehammer på cup, ho vil ha med mora så då prøva eg...men skal vi kome oss heim kan eg ikkje ligge kvar som helst ligge og ligge, eg sit nesten i senga og då er det greit med motorseng, så derfor kjøre eg på hytta med kjend seng å ligg der for då er eg ikkje for langt unna om det er noko. Går glipp av to kampa laurdag, men opp igjen søndag morgon og får med meg dei kampane som er då.


Så slik er det!...heilt ærlig er det forjævelig, men må tenke på dei positive tinga som er, og nemne eg dei masse og dele det positive så blir det faktisk lettere å vere meg enn om eg berre lot vere å dele noko.
Gler meg til i morratidlig...stå opp og beundre dei i bingen med ein kopp kaffi ♥♥♥ 
Klem -Anja-

lørdag 22. april 2017

Oppbygging av heimesida igang......IGJEN!

Eg som trudde eg ikkje hadde tålmodigheit i det heile!!......I dag/kveld har eg sett at det faktisk er litt likevel, så om du trur meg eller ei er det berre å sjekke ut KennelSida vår. Har hatt litt problem med websida så eg tok den vekk og la ut det mest nødvendige, så skulle eg fylle på etterkvart, og skal ærleg innrømme at med facebook, instagram og bloggen her så har det vore ei lita sovepute...Det tek si tid med dataen som ikkje samarbeida slik eg vil, men litt meir i dag også så skal finne fram igjen ein del bilde. Men no er endelig ei oversikt over alle kulla våre ute igjen sjølv om ikkje alle har fått bilde enda, men eg håpe det kjem ;)
Enda meir info vil kome snart så følg med...
Ny banner då eg syns papillon er overflødig då vi ikkje lenger er aktiv med dei, og vi har heller ikkje plana om å fortsette der. Vi har vore nøgd med linjene så skulle sikkert ikkje stoppa med Mille, men vi gir oss på den fronten... Dataen min har nok gjort sitt då han heng på ein merkelig måte, løyse seg fort men dritkjedelig om eg i vannvare har klart å markere alt svart og vips er det vekk. Så no er det snart på tide eg virkelig renska opp i den her og får meg ein ny.............
Etter Timmen hadde besøk av ei god venninne med ein lekker pc - står det no ny rosa pc øvst på lista mi over ting eg skulle hatt :)
Eg har ein mann som har sagt lenge at eg må legge meg (er ikkje ofte eg sit oppe på denne tida, så no skjønna eg korleis det er når barna syns vi masa!!) steik kor han MASA!!... Jada litt låkare blir eg nok i morra, men skal sitte i hallen å sjå på Katja & co spele handball og då blir eg dårlig uansett...
Å eg hadde aldri klart å sove utan at eg retta opp i litt av feila.

Her er berre littav bilda som er lagt ut i dag!...
 Atos og Bajas...
 Bertil...
 Ronja og Saga...
Lissi...

Håpa de alle får sove godt i natt...
Klem -Anja-


torsdag 20. april 2017

Mange ord...

Dei siste dagane har eg hatt så mange koselige telefonar frå tidligere valpekjøpera og nye som skal inn i #teamKvasneset - så kjekt å dele erfaring og kunnskap og få høyre kor det går med dei firbeinte skattane rundt om. Så får eg tilbakemelding om at folk lika å lese bloggen og utviklinga som er. Å då kjem det noko snikande, ja eg kjenne på eit drag av dårlig samvittighet!!....Det går litt opp og ned med skrivinga, men tankane og formuleringane er der, så må berre få det ut. Eg er ikkje så veldig fin på det, og her går liksom berre fingrane over tastaturet med liten tanke på at folk vil tru det eine eller andre om meg. ;)
Å tenke ja det gjer eg heile tida...nesten som om hjerna jobba på høggir til og med når eg legg meg...natt til i går var eg vaken innimellom og fikk då oppdateringar om ei fødsel. Brune og svarte herligheta - då eg døste vekk litt så kom det jaggu ein rosa ein også!!...Eg er steike glad i rosa, men ein rosa flat!? Jaja heldigvis berre hjerna som jobba overtid ;) 
Så med alle dei tankane eg omgir meg med så resultera det berre i forbaska mange ord!... 

Men veldig kjekt å høyre at folk lika å følge både blogg og instagram!! Det fortsette eg med og saka de nåkke så send meg gjerne ei melding!!...
 Fantastisk å sitte å sjå på valpane som slikka kvarandre etter måltid og ikkje minst der to og to sit å leika seg...
High five!...«fast føde» var slettes ikkje dumt ;)

Vi i #teamKvasneset har ei lukka facebookgruppe kun for folk/familiar som har kjøpt hund frå oss eller er forverta.

I dagens «diskusjon» må eg berre dele noko: «Begynt å skjønne din humor J Og utenom masse om hund, har jeg lært fra deg å omskrive alt detaljert, så derfor. ;)» Å eg må berre le for meg sjølv (og alle dei eleve valpane og vaksne firbeinte her!) for han har jo så rett…eg skriv stort sett alltid for masse og detaljert!! Men, dei få gangane eg ikkje gjer det blir eg trulig missforstått.

Men, det gav meg eit glimt tilbake i tid…trur det var i 1999/2000/2001 jadda hekje alltid med meg heile haude når eg sit å skriv…Men i så fall tok eg instruktør utdanning på Eid og vi alle skulle ha foredrag på litt usikker på tida men ca. 5-10 min. og alle fekk utdelt ei øving frå klasse 1 vi skulle demonstrere.
Eg fekk – Tannvisning! Å eg klarte ikkje akkurat halde igjen og utbryte «tannvisning! Korleis i alle dage skal eg klare å prate om tannvisning i 5-10 minutt!?» Å fikk tilbakemelding på at det skulle vel gå bra og tida var ikkje heilt låst.
Eg kom tilbake til neste samling og var litt nervøs før eg starta…men eg hadde laga ein presentasjon og forklarte så godt eg kunne, og svarte på dei spørsmåla som kom.
Til slutt braut instruktøren av og sa at det holdt. «Du sa at du ville ha problem med å få inn nok informasjon til å dekke tida! Når egn no avbraut deg har du haldt på i 21
(om eg ikkje tek heilt feil av minutta)minutt!»…………….
Ja, så eg skjønna at eg til tide er for detaljert og ikkje minst så går snakkestellet på inn- og utpust, men det er jo berre for å få med seg mest mulig på minst mulig tid så kan vi nytte den tida vi har «til gode» på andre ting.

Kva kan det ha seg at eg er så detalijert!?...Kan det vere ein grunn av mi beundring av fjella her!? Eg er så fasinert at eg står å ser på dei kvar dag, og kvar ein ny dag fortelje dei ei ny historie berre med å stå der støtt kvar dag i eit nytt lys...

For dåkke som har gidda å lest alt så er eg berre meg sjølv med heilt «normal galskap»…
For dei som ikkje har lest håpa eg dei likte bilda ;)
Ha ein detaljert dag!!
Klem –Anja-







fredag 14. april 2017

Tispe eller hannhund!?...

Til venstre:
Kvasneset`s In Long Desember Night "Bobby"
(SU(u)CH NUCH VV-14 Caci`s Hit The Road Jack x Kvasneset`s Himmelske Honoria)
Til høgre:
Kvasneset`s Keep The Faith "Joey"
(VDCH Silkmann`s Castle No One`s Better No 10 x Kvasneset`s Himmelske Honoria) 
"Ekje vi herlige vel!!?" Å berre sjå dei på bilde gjer noko med meg, men å sjå og kjenne personligheita deira gjer meg rørt...

...I går var eg og Cecilie på tur med gutta nede i skauen og ved sjøen, eg tok med kameraet og tenkte det var på tide å ta eit par bilde av disse to herlige halvbrødrene.
Då vi kom ut av skogen og ned på berga så sa eg til Cecilie "her var plassen eg sat å tok favel med Bajas og sjå no er eg her med to fantastiske gutta". Å det er berre så sant!! Dei er herlige å ha i hus, lett å ha med å gjer og vi har slettes ikkje gjort store umaka med å oppdra dei heller ;) Litt unota har dei sikkert hatt eller har men ikkje noko som vi har hatt problem med, heller sett det som litt sjarmerande. Å ikkje nok med at eg fell for disse herlighetane i valpekassa, men eg berre digga dei og syns dei blir lekrere og meir sjarmerande for kvar dag - kanskje eg igjen samanlikna dei med mannfolk dei blir vel også berre betre med åra?


Meininga var egentlig berre å dele eit bilde på instagram, men etterkvart som eg såg på bilda syns eg det var like greit å dele fleire...å så slår det meg litt kvifor har eg så mange innimellom som ringe/maila meg om tisper?? 

Storebror og lillebror der det er lett å sjå at den eine er vaksen og den andre nesten valp...men likevel så lik...

Eg var akkurat konfirmert då eg fekk min første hund - ein herlig hannhund, og har ikkje angra ein dag for at det var det eg valde. Men, så kom interessa mi for alle kurs og informasjon eg kunne få...eg gjekk hund og helse mot år 2000 (trur eg det var) og der fikk eg enda meir info om genetikk og avl, etter eg hadde lest mykje og fått kurs i det var eg ikkje i tvil eg måtte ha tispe og sjå om eg kunne få meir kunnskap og prøve meg på dette. 
Interessa for avl har ikkje ebba ut men forsterka seg så derfor blir det vanskelig å ha ein heil haug men hannhunda heime...ja for eg må ha tisper for å kunne fortsette der eg er. Hadde ikkje det vore for det hadde huset hatt fleire med balla istaden for bloddryppande løpetid ;)

Er det alle som set seg inn i kvifor ein bør ha det eine eller det andre? 
Er det slik at vi hører på nabon eller kompisen om at ei tispe er mykje enklare å ha med å gjer? 
Er det slik at vi høyrer om at hannhundane stikke av om det er tisper med løpetid i mils omkrets? 

Er det slik at hannhundar er så sterk at vi ikkje klare å halde dei? - eller er det berre at vi rett og slett gjer ein dårlig jobb med noko så enkelt å oppdra hundane og då er det lettere å halde igjen ein hund som er 5-10 kg lettere enn ein tyngre?

Eg kan nok stille veeeeeeldig mange spørsmål...men, det har seg slik at det er fordela og ulempe med begge kjønn, og det kjem berre an på korleis du sjølv gjer det.
Har du funne deg ein oppdrettar som du føle gjer det rett dei første 8 vekene, ja at dei faktisk prega dei og gir dei massevis av positive påvirkningar som igjen blir eit godt utgangspunkt for ny eigar. Ikkje minst funne den kombinasjonen som du kunne tenke deg valp av, så er det kanskje greit å slå seg til ro med at vi får det kjønnet som kjem...
Bobby er ein kosehund av dei sjeldne...så han ville helst inn i fanget mitt å kose der eg sat å fotograferte...Når han ikkje kunne røyse seg å gå prøvde han seg på å krype for det ser veffal ikkje ho mor ;)

Eg gir ut ein fyldig valpeperm og meina at følge du den frå du får valpen i hus så skal du få eit ganske så harmonisk og fint familiemedlem. Men det er ofte slik at det er opp til deg som valpekjøpar å velge rett oppdrettar og gjere ein god jobb første tida for å få mange flotte år ilag.

Så om du skal ha tispe eller hannhund? Sjølvsagt heilt opp til deg, men prøv å vere open for å endre litt på det du hadde sett for deg så trur eg det vil bli veldig bra uansett...  

Her i huset har vi tisper og ein hannhund...begge kjønn har vi hatt ilag i huset i 20 år no og ser ingen problem med det eller at hannhunden er "syyyyykt stressa". 
Det her skulle ikkje vere ei preike, men berre ei påminning om at vi kan prøve å endre tankegangen litt. Men, ha ein god samtale med oppdrettar og høre om kva som kan passe til dåkke...det er forskjell på hunda frå forskjellige linjer då det er nokre som er litt meir "krevande og høg" enn andre - men her igjen viktig at ein har god dialog med oppdrettar slik at valet av hund blir rett.

Ha ei fortsatt fin påske!!
Klem -Anja-

mandag 10. april 2017

Telle valpa...

...det går ikkje i lam over grinda, men disse nurka som ligg heime i kassa blir talt igjen og igjen for å prøve å få sove ;) Kl. er i skrivande stund 05.10 og eg har talt valpa og sagt sov sov sida 04.01 til inga nytte, men når eg skal begynne å kjøre oppover vil det nok innhente meg så då får eg stoppe litt ekstra for lufting, eller mulig har eg slappa så godt av og sove så godt denne veka at no stille eg meg inn til eg kjem heim igjen, ja kven veit det kan vere slik eg er skrudd saman!?...
Loke og Nora utgjer eit fantastisk par...to kull tidligere der eg syns hannhundane har stått så bra til ho og vore fornøgd med kulla...no igjen er eg takknemlig for at det ser ut til eg har treft med nok ein "perfect match"!...Kan eg klare å vente på resultatet? Berre kryssa det eg har for st det vil bli valpa om ca 9 veker.

I går pakka og vaska eg meg ut av hytta, sat meg i bilen å kjørte til Kjell og Anita i Sandefjord...gjestfrie som dei er overnatta eg her før eg skal kjøre heim i dag.
Fine paringar som var torsdag på 14 dag med 16 min heng, paring søndag på 17 dag med 17 min heng, og greit å få ei til i dag før vi kjøre heimover. Så kryssa eg fingrane for at vi har dekt tida og må berre la naturen gå sin gang...

Gler meg gjer eg og no er eg berre eit lite forsøk på paring igjen, og ein biltur unna skattane mine igjen 💖
I tillegg blir det godt å sjå elverbanden i kassa som ligg å rulla rundt med god omsorg frå mor Berta og vår kjære KennelGut Tom 😘
Gler meg til å sjå dåkke og ikkje minst få feire påske!! 
Klem -Anja-

søndag 9. april 2017

Valpane veks...

Eg har latt vere å skrive så mykje om dei...ligge nåkken bilde på instagram #kvasneset men det er det heile. Grunnen er nok at eg har abstinens og den blir verre og verre, men snakka med ein av vapekjøperane våre og tenkte at no må eg ta meg saman å legge ut litt av snappane og bilda eg får tilsendt.
Får ikkje lagra videoar så det blir kun bilde...


Er så takknemlig for at dei ordna så bra ut dei som er heime, og at far i huset nok er glad ferien snart er over og han kan springe tilbake på jobb? ;) 
Ha ein fin fin dag!!
-Anja- 

Tilbake i Laupet for ei enkel oppgåve...

Alltid like godt å vere i Laupet...sjølv om eg gjerne skulle vore heime i valpekassa er dei så flinke å passe dei heime at fråver av meg gjer ingen ting.
Ting går ikkje alltid etter planen så det vart ikkje så kjapp tur som vi trudde, men når det først var slik er det godt å kunne vere på hytta....
 Skogstura er vi rasande flink på...å når vi finne blåe skatta blir eg berre heilt betatt...
Lukta av tømmer er slettes ikje dum...herlig å gå i skogen med så kraftig duft av herlig sagd tømmer...
Gjekk vel rundt i skogen i eit par tima då eg tok bildet av det gamle bygget der så gjekk eg å prata med Timmen og hadde sikkert gjort det den siste timen. På slutten hadde han lyst å lese for meg frå barnebibelen sin...
Han spurte kvar han skulle starte og eg sa akkurat der han ville. Å der eg gjekk å koste meg i naturen og prata med han begynte han å lese frå Guds skaperverk!! Den vakre blå himmelen på 2. dag, hav, land og blomsr på 3. dag, på 4. dag lysa på himmelen som sola, månen og stjernene. Utrulig herlig å kunne suge inn naturen og samtidig høyre på den herlige gode guten min...Ja det kunne ikkje ha passa betre ♥♥♥

Mandag 3. april satt eg og Nora oss i bilen retning Gjøvik for augelysning. Utstryket hos veterinr fredag kunne antyde at vi kunne prøve ho for hannhund om 3-5 daga.
Eg kjende på Nora og det virka ikkje heilt som ho var klar og litt for mykje blod i tillegg, og då ho var augelyst ville eg sjekke ho slik at eg var heilt sikker på at til Sandefjord skulle vi ikkje den dagen og det var rett.

Tirsdag hadde vi fått time på veterinærhøgskulen der vi skulle ta blodprøve for å stadfeste riktig dag. Utstryket såg bra ut men ho er nok ikkje på topp heilt enda. Seinare kom blodprøve svaret som sa oss 4-5 daga før paring. 

Vi fortsatte dagen med lunsj og koselig besøk hos Ragnhild og Bertil på Tøyen før vi var innom sentrum og tilbake på hytta. 

Eg har bunkra opp med raudvin, frukt og kaffi, med dataen i fanget kan eg berre senke skuldrane og gje det eg er beste på aleine...
Onsdagen kosa vi oss i skauen og på hytta før vi torsdag formiddag tok turen til Sandfjord...i og med Loke skulle vere i Sverige frå torsdag til søndag va det greit å prøve med ei paring for å vere sikker, og det tok ikkje lange stunda før dei satt på plass og med heng på ca. 16 minutt. 


Jepp "upassande" og heilt naturleg bilde på høglys dag ;)

Eventuelle valpa ventast ca. 8. juni 2017...

Fredagen ein herlig dag med fleire tima i skogen...laurdag det samme men ein tur innom butikken. No sit eg her søndag og har etterdønningane av kreativiteten i fingrane men bør snart lausrive meg for å pakke og vaske meg ut av mitt skogsparadis for denne gang. 
Dei siste dagars hendinga  sette ein støkk i oss alle og vise ein verden som ikkje er heilt i balanse...


Ha ein fin palmesøndag og riktig god påske!!
Klem -Anja-

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...