Takksam for at eg får bu på ein stad som dette – mindre takksam for at vi har hatt ein kommuneadministrasjon som ønskjer å øydeleggje den vakraste staden i kommunen – ja, kanskje i fylket. Dette er ved opninga til Hjørundfjorden som eg alltid omtalar med emneknaggen #verdasvakrastefjord.
Skal fellesskapets perler ofrast for tekniske snarvegar?
I dagens samfunn blir det snakka fint om berekraft, samfunnsutvikling og det grøne skiftet i kommunane våre. Men når teorien skal setjast ut i praksis, opplever vi beklagelegvis det motsette - for meg ser det ut som vi har - Ei arrogant kommune som overkøyrer eigne innbyggjarar, og som gløymer at verdien av urørt natur og opne strandsoneområder ikkje kan målast i kroner og øre eller teknisk saksbehandling...Det må seiast at kroner og ører her kjem negativt ut - så kommunen har ingen plusside her heller.
Planane om å plassere eit sju meter lang og fem meter høgt dominerande pumpestasjonsbygg - midt i strandsona på Sunde er eit skrekkeksempel på det her. Det er ikkje berre snakk om eit teknisk anlegg, for det er snakk om ein direkte invasjon og ei rasering av kulturarven vår på den vakraste staden vi har i området.
Kommuna forsvarar dette bygget med at det gamle plangrunnlaget frå reguleringsplanen gir dei lov, og at moderne trekleding og saltak skal «dempe det visuelle inntrykket».
Men uansett kor mykje trepanel ein spikrar på ein fem meter høg pumpestasjon, så vil han framstå som ein framandlekam og ein visuell mur i eit landskap som i dag gir folk rekreasjon og sjelefred - PUNKTUM.
Det blir hevda at tiltaket ikkje vil forringe folk sin tilgang til fjorden, men sanninga er at opplevinga av området blir dramatisk dårlegare for alle oss som nyttar oss av det. Ikkje minst alle som er på gjennomreise og turistar som sel ut dette vakre motivet til verda og som igjen gjer folk nysgjerrige på den vakre naturen Noreg har å by på. Dette er heilt klart med på å øydeleggje.
Kommunen vel den enklaste og billegaste tekniske løysinga, framfor å ta omsyn til menneska som bur her! Dei kunne lagt det litt lengre frå fjorden, ikkje heilt ved den.
Det kom inn tydelege og saklege merknader frå naboar innan fristen. Det blei peika på alternative plasseringar, og det kom fram ein stor skepsis til korleis dette vil ødelegge utsynet og nærområdet. Likevel vel dei å skubbe innvendingane til side med eit pennestrok. Dei konkluderer kaldt med at det «ikkje er grunnlag for å ta nabomerknadane til følgje».
ER DET ALLE NABOAR, eller folk som nyttar seg av denne staden som veit kva som skjer her!!??
Medan ein i andre kommunar og på andre stadar i landet - ser folk og politikarar som kjempar iherdig for å ta vare på lokal kulturarv og tilrettelegge for framtida på lag med innbyggjarane. Verkar det som om rasering av område og natur er førsteprioritet her hjå oss. Ein må faktisk byrje å stille spørsmål ved kven det er som behandlar desse sakene, og måten ting blir lagt fram på.
Akkurat i saka om dette renseanlegget og pumpestasjonen er det tydeleg at det har gått prestisje i prosjektet. Det verkar som om det har vore for store eigeninteresser involvert.
Sjølv i dei tilfella der «vi» som kjenner nærområdet best, har orientert sakleg om heilt tydlege feil og manglar i planane, har responsen vore total mangel på å høyre etter og ta med tilbake til kontoret. Til meir motbør og saklege motargument dei har fått, dess meir innbitte og låste har dei blitt på at akkurat her skal anlegget vere. Svara på feila som har blitt påpeika glimrar med sitt fråvær, men viljen til å overkøyre folket står fast. Ein slik framgangsmåte høyrer ikkje heime i eit ope lokaldemokrati der ein skal lytte til innbyggjarane sine røyster.
Denne saka er ikkje bra, og det lukta skikkeleg dårleg av den. Ikkje berre politisk, men også administrasjonen i Sula Kommune har lukta dritt. Ein av dei, tilbake i tid, klarte til slutt ikkje å argumentere mot meg på telefon, og valde i staden å nytte hersketeknikkar og upassande ord.
Eg har vore med i fleire møte, og på eit spørsmål eg stilte tidlig i saka – om kvifor dei ikkje hadde tenkt å legge det ut forbi Sandvika mot Eltrane – var det ein som innrømte at den tanken ikkje eingong hadde vore diskutert i administrasjonen/kommuna.
Sjølvsagt treng vi betre rensing av avløpsvatn i Ålesund og Sula, og ingen er i mot reint vatn i fjordane våre. Men det må vere mogleg å ha to tankar i hovudet samstundes. Infrastruktur må planleggast på lag med naturen og folket – ikkje på tvers av dei.
No når ein også gjev dispensasjon frå forbodet mot bygging i 100-metersbeltet langs fjorden, skal fordelane vere «klart større» enn ulempene. Kven er det eigentleg sine fordeler det er snakk om her? Det er i alle fall ikkje fordelane til dei som mistar ein unik utsiktsplass og eit kjært friluftsområde, samt skyhøge kommunale kostnadar.
Med denne avgjerda set også kommunen ein urovekkjande presedens. Når dei no vel å gje dispensasjon i strandsona for eit ruvande teknisk anlegg, reknar kanskje vi i lokalbefolkninga med at det heretter vil vere opna for ein langt smidigare praksis i framtida. Det bør i alle fall ikkje vere spesielt vanskeleg å få godkjent framtidige søknader som faktisk omhandlar reelle fordelar for befolkninga i strandsona – og i andre høve der det overordna omsynet til folket, friluftslivet og den sårbare naturen vår blir verna og ivareteken på ein positiv måte.
Når kommunen kan gi dispensasjon for betong og tekniske snarvegar, må dei i det minste kunne gjere det same når målet er å løfte livskvaliteten til innbyggjarane.
Dette vedtaket viser ein urovekkjande mangel på respekt for innbyggjarane si røyst. Om kommunen skal halde fram med å overkøyre folket på denna måten er eg redd vi etterkvart sit att med ein rasert natur og eit fattigare lokalsamfunn. Eg hadde håpt at kommunen snudde, men no er anlegget på Kongshaugen snart klar. Men, med tanke på pumpestasjonen på Sunde - er det mogleg at dei lyttar til naboane og finn ei alternativ plassering som tek vare på både miljøet, folkehelsa og den vakre kystnaturen vår!?
Det at dei i dag kom med gravmaskiner, som kanskje skal starte på grunnarbeidet til ein pumpestasjon her, er for meg uforståeleg!!
Del av mi klage - «Nabomerknad frå Anja Roiha Sunde, datert den 08.09.2025»
«Det er nytta feil, ein gammal arealplan for området. Eg undra på kvifor det skal byggjast eit slikt «dominerande» hus i strandsona på den vakraste staden vi har i området. Det burde vere muleg å leggje den litt lengre frå denne vakre utsiktsplassen og eit godt brukt område. Kanskje kan det leggjast i tilknytting til det «anlegget» som ligg ved brua til Pebakken(?). Bygget i seg sjølv er ikkje så stort, men i samanheng til området det ligg i så synes eg det blir stort og dominerande for omgivnaden rundt.»
Det har sikkert vore tydeleg gjennom meir enn 11 år at dette er ei skikkeleg lei sak!! Eg har framleis inga forståing for at politikarane i denne kommunen har vore så lite oppegåande. Beklagar, eg tek ikkje ein og ein, men berre skjer alle over ein kam – for det er (nesten) INGEN som har hatt ryggrad til å seie at vi skal leggje dette lengst ut på øya for å få det ut i havet. Nei, i staden påfører vi innbyggjarane store kostnadar med å sprengje ut det vesle Leirvågfjellet og pumpa dritten lange vegar for å finmaske den mest mogleg før vi skal spyle den ut i fjorden.
Prosjektet kallast Blå Fjordar eg meiner det burde vere Brune Fjordar!!
Då kan vi samstundes oppdatere oss litt: Storfjorden, der Geirangerfjorden er ein av den, er ein verdsarvfjord. Skip som går innover der, møter strenge krav til utslepp. Men vi som bur her, og som faktisk har høve til å føre avfallet vårt ut i storhavet, vi pumper avføring, bakteriar, antibiotika og kjemikaliar rett ut i fjorden!! Forstå det den som vil. Dette er ein av dei største «katastrofane» som er gjort i Norsk natur. Hadde vi budd på Toten eller i Brumunddal, kunne ein kanskje forstått det, men vi bur langs kysten og har inga unnskyldning for at hovudet på så mange folk ikkje har vore intakt.
Eg beklagar på det sterkaste at eg ikkje kan beklage om nokon kjenner seg støtt av det dei les. Eg vil også beklage at eg har vore mindre høfleg i mine uttalingar, men eg meiner det er på sin plass her...
Ønska de alle ein fargerik og luktfri haustdag!!
Klem -Anja-


.jpg)
.jpg)


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar