fredag 31. januar 2020

Merafta frå Glomset

Helga for to veke sidan var eg så heldig å få besøk av mi kjære søster frå Bergen og borna henna.
Jentene til søstra mi lika veldig godt å halde på med hundane, og det er sjølvsagt ekstra kjekt når tante Anja har valpa i huset..!

Planen var at vi skulle gå oss ein fin fjelltur, ja vi er ganske så optimistiske når vi har hatt to månader med regn og storm, men ingen ting er sjølvsagt umulig...

Ikkje visste vi heilt kvar vi skulle, men veterinæren min har ein gong fortald meg at over Merafta er ein flott tur. Etter eg og pappa hadde vore ein tur på Emblemsfjellet ein dag tidleg i januar og sett lite snø kom det tipset til houuvdet igjen. Ide, delt, tenkt og plutselig var det laurdag morgon og vi var klare for tur...klar og klar, ikkje visste vi kvar vi skulle gå frå og ikkje ante vi korleis føret ville bli, men med kun ein bil så var tanken at vi går opp og ned same stad så får vi ta «turen over» når vi har meir utsyn...eller så fikk det bli ein telefon til vår kjære far.

Det regna ustoppelig og om vi skulle sitje i bilen og vente på betre vêr kunne vi like godt få det enda verre så det var berre å  dra opp glidelåsen, få på hanska, ta hundane ut av bilen og begynne.
Vi stod rett ved bilvegen framføre og på sida av ein bom, så vi gjekk eit godt stykke på fin grusveg, etter den fulgte vi ein litt dårlegare traktorvei til vi såg eit skilt Medraften opp til høgre...Det fine med å vere ute på slike plassa i «dårleg» vêr er at vi har heile staden for oss sjølve, og med det kan dei firbeinte få springe fritt og kose seg som hundar bør få gjere.
Ikkje det at mine hundar går så veldig langt frå meg, men dei springe rundtomkring og får kost seg på sitt vis.


Vi kan vel trygt sei at vi gjekk i ulendt terreng med stor variasjon i underlaget...
Det er mange uttrykk med både vêr, natur og tur vi kunne nytta denne dagen, ja som «det fins ikkje dårleg vêr, berre dårlege klede...» heilt rett og eg konstantera at både sko og jakke treng impregnering. Kva med «inga skam å snu» i det vi kom opp og møtte på den kraftige vinden som drog med seg ei salig blanding av regn og snø var vi heilt klare på at over til Emblem vart det ikkje.. ;)  Uansett kor forberedt vi er eller ikkje Med på turen som alltid var sjølvsagt tørre klede og litt mat og drikke. Som «alltid» når eg og mi kjære søster er på tur så tilpassa vi turen etter form og forhald... 😎. 
Heldigvis var det aller beste bankers «ut på tur, aldri sur» det var heilt rett...fin tur i beste selskap ♥ 

Søndag morgon tok vi turen opp på det lille fine fjellet midt i sentrum og med utsyn til alt «det store»...


Tusen takk for ei fin helg kjære søstra mi 
Gler meg til nye tura gjennom 2020 og mulig er vi litt betre rusta for kvar tur vi går...!(?)
Klem -Anja-

1 kommentar:

  1. You should see how my colleague Wesley Virgin's biography starts in this shocking and controversial video.

    Wesley was in the military-and shortly after leaving-he discovered hidden, "mind control" tactics that the government and others used to get everything they want.

    These are the exact same SECRETS lots of celebrities (notably those who "come out of nothing") and the greatest business people used to become rich and successful.

    You probably know how you only use 10% of your brain.

    Mostly, that's because most of your brain's power is UNCONSCIOUS.

    Maybe this thought has even occurred INSIDE OF YOUR own head... as it did in my good friend Wesley Virgin's head around seven years ago, while riding an unlicensed, trash bucket of a car with a suspended license and on his bank card.

    "I'm so frustrated with going through life paycheck to paycheck! When will I finally succeed?"

    You've taken part in those types of conversations, ain't it right?

    Your very own success story is waiting to be written. All you need is to believe in YOURSELF.

    Watch Wesley Virgin's Video Now!

    SvarSlett

Valpa leveringsklar til Jul 🤍

Herlige skatta 🤍 …Når dei er leveringsklar så tett oppi jula, er det «bonustid» de som kvalpekjøpera får saman med kvalpen… Herlige svarte ...