Om det er april eller mai, ja det kjem an på korleis og kva veret har gitt oss. Men, eg berre elskar denne tida – det grøne graset som spirer, blomane som kjem fram, og framleis kvit snø i dei blå fjella ♥
Anja`s ♥ skatter er mange, og for meg er det eit dekkande ord. I huset her i Runnane – Villa Galskap – har vi mange skattar. Det er alt frå to herlege born på to bein, til sjarmerande, svarte skapningar på fire bein. Som hjå dei fleste andre er det sjølvsagt også nokre "ting" her som ligg hjartet nærast, og som har ei heilt spesiell tyding akkurat for oss. Men så, ein reality check: Eg har plutseleg blitt trebarnsmor, dei to eldste har flytta ut, og i tillegg har eg vorte mormor. Livet, asså!
søndag 26. april 2026
Gi meg april
April har verkeleg gjeve oss så mykje i år. Månaden har vore full av gode opplevingar og fine stunder saman med familien: Vi har feira påske og bursdagar, vore på fjellturar, kost oss i teateret og vore på konsert. Vi fekk til og med med oss ein flott konfirmasjon i Bergen!
Heime har det vore full rulle med lamming, og vi har vaska hagedammane – der frosken framleis låg og vakna til liv. Det har vorte mykje kos i hagen, og noko av det aller finaste er å berre sitje og sjå at det tek til å blomstre, spire og gro rundt oss.
Det er ikkje ein stad det kan vere vakrare å vere, tenkjer eg... Med dei flotte fjella ved Hjørundfjorden med eit fantastisk lys over dei kvite og blå toppane, og den nyutsprungne, friskt grøne bjørka.
Det er slik at vi ofte ikkje ser det som er nærast. Men for dei som ikkje gjer det: Berre tren opp auget, for det kan vere så mange skjulte skattar rett framfor auga dine...
Eg tenkjer ofte at det kan vere fint å ta seg ein tur ut for å sjå verda - om så for berre nokre få dagar, men eg vil alltid heim. Heim til det eventyret som utspinn seg utanfor vindauget og husveggen her i Runnane ♥♥♥
Klem -Anja-
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Sluttstreken er dregen
...den er i alle fall påbegynt med dette skrivet. Eg trudde eg hadde skrive det siste i denne lange saka, men eg blir faktisk så provosert n...
-
Stamtavle, bilde av far «Loke» og mor «Abi», samt kvalpane i midten er Abi’s barnebarn… …Det gleda meg å kunne få planlegge eit siste kull, ...
-
Helga for to veke sidan var eg så heldig å få besøk av mi kjære søster frå Bergen og borna henna. Jentene til søstra mi lika veldig godt...
-
Her er same hund som eg har klipt berre ein gong tidligare... Tidligare hadde eg skrive ein del om klipping i tilegg med detaljerte bi...