torsdag 28. august 2014

Herlig tur ☆

Først må eg berre beklage kvaliteten på bilda...i dag blei det mage bilder her, men tatt med ein stakkars knust iphone som eg ikkje heilt såg kva eg tok bilde av ;)

I dag fekk eg etterkvart koordinert beina og eg kunne ta meg ein kjapp tur på fjellet for å samle inn litt energi... Mi kjære søster Irja ringte og eg skravla med ho på veg oppover, då eg kom til Blåfjell var det fleire som gjekk oppover mot Eltrane og eg blei så frista! Det skilte har lyst mot meg fleire ganga og no var det jaggu på tide å sjekke ut den stien der :)
Litt oppi der fekk eg meg eit kjekt turfølge...kjempe koselig med litt skravling og slå følge med vant "turfjellgåar".  
 Tatt på Blåfjell mot Ålesund...
 Bilde tatt på veg oppover frå Blåfjell mot Hessa og Ålesund...
 På veg utover, ser nok ikkje enden enda...
 

Å kor flott det var der oppe, sola på himmelen og ikkje ei sky å sjå...blå himmel og vakre omgivelsar - eg kunne ikkje hatt det betre!! Heilt fantastisk å gå utover, litt høgdeskrekk er det i meg enda å dei store sprella blei det ikkje. Mine kjære firbeinte hadde sikkert lyst å "springe laust" sjølvsagt under kontroll å kose seg men det var ikkje aktuelt då eg er sååå redd for at dei skal gå seg utføre, ja sjølv om vi innimellom gjekk langt innpå fjellet...

Sitte utpå enden der er medesin i seg sjølv, og ein balsam for sjela som du verken får på resept eller anna måte...Uansett kor låkt ein får etterpå spilla ingen rolle for no har eg fått lufta sinnet, og fått påfyll av goder i "minnebanken" min.

 På enden av Sulafjellet, så vakkert og fantastisk!!
 Fine "ulldottane" som var litt nysgjerrig på oss...baki der ser du Hareid...
 Spreke lille "Mille" - skulla hatt skritteller på ho i dag gitt og den hadde sikkert gått i sjokk ;)
 Dei vakre "ulldottane" ha begynt å reise på seg...
 Selfie, som ikkje skulle vere selfie...såg nok ikkje at telefonen hadde snudd kameraet, så slik kan det altså sjå ut bak kameraet når eg tek bilde av utsikta!! - Ein kosete svart dott på fanget, der hadde nok "Sky" litt før fått lillefingern, og tok heile handa og litt til ;)
 På veg tilbake har vi lagt igjen nåkken fotavtrykk og fylt opp "minnebanken"...
 Utpå den dingsen her gjekk eg med to hunda...kan godt sei at hjarte fekk seg litt ekstra trim ;)
 Stilig både oppå og ved sida den steindingsen...
 Hundane gjekk fint foran, ved sidan og nåkken ganga nesten inni beina til turfølget våra...
På veg tilbake delte vi veg, turfølget mitt gjekk mot Varden TAKK FOR TUREN!! og eg luffa oppom Grøthornet for der har eg ikkje vore før, så då veit eg kva det også er...herlig tempo i mjukt underlag nedover mot Vonhytta i litt forskjellige retninga, og vips så begynte helvete!!!...Tenk kunna eg berre fløge ned igjen derifra!!?...Men, den som har komt opp må ned, berre å bite tenna sammen og gjere kvart støt så lett som mulig ;)
 "Sky" på Grøthornet med Ålesund bak...
 Her var det nåkken som har gløymt igjen staven sin...
 Selfie på Grøthornet...Nåkken har nok sett det på Facebookstatusen at eg har funne igjen alle solbrillene mine som eg la på ein lur plass i vinter ☆ Valget stod mellom lilla, rosa, kvite, blanke, beige, brune og svarte...på dinne flotte solbrilledagen blei det dei lilla med blingbling - fjongt på fjellet...
Vel ned på Vonhytta...var det flotte med turen unnagjort og tid for å kvinne seg opp til skjærandes smerter nedover...

Ned kom eg i dag også ...jadda, litt vondt akkurat no, men akkurat som forventa... med minnebanken full av fine glimt, og doser med positiv energi ☆☆☆ Herlig!!.
Klem -Anja-

1 kommentar:

  1. En nydelig tur ditta,herlig å gå utover i så lett terreng!!! Så godt for sjel og skrotten,blir rusa på livet på sånne turer :)))
    Toveklem :)

    SvarSlett

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...