lørdag 30. august 2014

Kos med Eplekake i langpanne

...på legevakta i går kveld fekk eg beskjed om å gå heim å slappe av ☆ blei i grunn glad for den beskjeden og sa til legen at då stikke eg heim, tek eit glass med vin og eit herlig bad...Det syns han hørtes fornuftig ut :) og slik blei det, min kjære gjor badet klart og eg kunne ta ein dusj og ta med meg vin- og vant glass ut...

I dag skal eg berre tussle rundt, plante litt ute og kanskje kose meg med ei bok...Har også plan om å ta med meg mine p&p dummyer ut å kaste litt til "Sky" og samle inn nåkken kroner til Kreftforeninga ♥

Men etter ein rolig morgon har eg vore i hagen å henta inn epler og bakt eplekake...Laga ei stor i langpanne i tilfelle eg skulle få besøk her kjem veffal ein kompis som skal hjelpe oss med litt opprydding eller berre familiekos.
 

Eplekake i langpanne

500 gr. smør
350 gr. sukker
8 egg
500 gr. kveitemjøl
3 ts. bakepulver
3 ts. vaniljesukker

Smør og sukker rørast kvitt og luftig, tilsett 1 og 1 egg om gangen, ha så i alt det tørre og rør godt...
Røra has i ei langpanne med bakepapir og er klar til at du skrella og dele epler og har på...
Epler akkurat passe nedtrykt slik at dei som ikkje lika eple kan pirke dei vekk...akkurat slik eg sjølv gjorde då eg var lita ;)

På toppen

9 epler i litt forskjellig størrelse
Passe mengdre kanel og sukker, har ei ferdig blanding som eg bruka til barnas graut etc. Strødde eit passelig lag og tok litt ekstra kun med kanel...

Kaka sette eg midt i forvarma ovnen på 190 grader i ca 45 minutt...


☆☆☆☆☆☆☆☆☆☆☆☆


Tim Are har besøk og no skal barna få seg ein god smoothie - Katja har tatt fram det vi treng og vil gjere det meste sjølv :)
Kaka dufta herlig og vi gleda oss til å smake...
 
I skrivande stund er kaka endå ikkje ferdig stekt, men her lukta det himmelsk i heile huset...Ha ein rolig, fin, koselig, innhaldsrik og ikkje minst avslappandes laurdag ☆☆☆
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...