torsdag 16. april 2015

Status 7 veker!!...

Eg kontatera 7 veker og 1 dag etter operasjon at den herre skrotten er akkurat det den er ein SKROTT!!...men eg har fortsatt trua og håpet om at det skal rette seg enda, så vil eg samtidig vere taknemlig for at eg er her, har dei rundt meg som eg har og ikkje minst at eg fortsatt kan bruke beina mine...
Stort sett kjennes ryggen ganske så rusten ut og drt herre hersens skrammelet her skulla eg gjerne vor forutan!!...
Men, det har seg slik at no er det der og då må eg berre prøve å gjere det beste ut av det. I morra trur eg det skal smørast med litt raudvin. 

Fleire eller mange som har spurt meg i det siste kor det går? Ja eg har nok ikkje vore så flink å kome med oppdateringar og då vil spørsmåla sjølvsagt kome...Eg må innrømme at eg gjerne skulle komt med meir oppløftande svar, men eg sei det veffal med eit smil om munnen og latteren sit som oftast laust ;)
Eg innrømme det har vore nåkken tøffe veker med tanke på smerter etter operasjonen, og håpet har vore at det skulle dabbe av. Smertene er fortsatt store i ryggen (og i skrotten), har problem med å sitte og ikkje minst røyse meg, den skada foten er like skada så det dei prøvde å rette på nerveskaden var nok sikkert for seint då nerven har vore skada i over fire år.
Håpet er at kroppen har vore traumatisert så lenge at den treng ekstra lang tid på å omstille seg...ja, det her er min teori og eg har håpet der trua begynne å skrante. :)

Men, neste veke skal eg på kontroll på Ullevål og gleda meg til om mulug kanskje bli litt visare...
Litt rart å sitte å prate i telefonen med ein god ven ❤️ der vi begge har vårt å stri med ang helse. Rart å tenke på at vi i så ung alder berre må prøve å gjere det beste ut av livet...ja, vi har jo så ufattelig masse vi vil gjere, men så har livet liksom satt "nåkken" begrensingar. Ønska min ven alt godt, masse styrke, gode tanka (du er i mine kvar dag) og ikkje minst mange veldig mange gode år framover ❤️❤️❤️ 
Tryll tryll...

I morra gleda eg meg ekstra til morgonturen min for den skal tilbringast med ein annan god ven ❤️❤️❤️
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...