Handsåpe, Dusjgele og såpe i snor - alt i lavendelduft...
Som tidlegare sagt er eg utrulig glad i vakker og vel duftande lavendel…Når huset er vaska, senga oppreidd, gjerne litt fuglekvitter inn vindauga og i tillegg helg og familietid, er det så utrulig herlig å kjenne lukta av lavendel i lufta og ikkje minst legge hovudet på puta å nyte den reine og herlige dufta…
En av mine neste ferieturdraumar er ein tur til Frankrike og det å få oppleve alle dei langstrakte lavendelmarkane, den sjarmerande franske landstilen og en del av det flotte landet ellers har å by på…
Lavendelsåpe, lavendelskrubbsåpe og milksoap...
«Durance holde til i hjertet av Provence, i landsbyen Grignan, omgitt av gamle trøffelmarker, blant eiketre og blomstrande lavendel.
Denne regionen i Provence har en lang tradisjon med å bruke naturens råvarer, og å ta vare på miljøet. Det dannar grunnlaget for Durance sin filosofi og tankesett. Vidareutvikling av produkt innan spa og velvære med naturlige ingrediensar er alltid i hovudfokus hos Durance.»
Få den herlige dufta inn i heimen med husvask, klesvask og tøymyker...
Lavendel kjem frå det latinske navnet lava og betyr å vaske…Den blei frå 1700- talet dyrka til bruk i parfyme i Frankrike akkurat som det gjer i dag.
Lavendeldufta har beroligande virkning kan dermed brukast for å skape ei rolig atmosfære, den er også blitt nytta til medisinsk bruk. Som dei fleste kanskje veit er at midd og lus ikkje likar lavendel, det gjer at det er fint å bruke på sengklede og andre tøy.
Lavendel romspray...
Aknekrem og Handkrem....
Vil ønske dåkke alle ei riktig fin og god helg ♥♥♥
Klem -Anja-