Jepp…eg grur meg litt til i morga fredag 2. november – då er det ny kontroll på sjukehuset med røntgen og inn til legen/ortoped, er spent på kva han vil sei til meg no...Er det nye 3 månader med venting på å håpe på litt bedring!??
Eg vil så gjerne ha svar - skjønna at det kan vere vanskelig, men det hadde vært så steike bra med eit svar eller to akkurat no!!...
Eg undrast - Er eg verkelege eit mission impossible!?.
Ja, reklamere har eg også gjort…men der var det jaggu
ingenting å hente, va`kkje snakk om nåkke garanti der i garden nei!! Eller?? Eg
har ein fantastisk familie rundt meg og har ei mor som jobbar i butikken, kan
hjelpe med barn og husarbeid når det knipe på…og ein pappa som er der på sin
måte, Timmen gleda seg kvar gang han skal inn om dei kanskje skal snikkre eller
kva dei skal finne på, så – Takk for eit supert bord i går ;)))
Anja`s skatter er fakstisk mange – om ryggen min er ein skatt kan eg nok ikkje sei, men man er så forbaska avhengig av den så på min rare måte får eg kanskje kalle det ein skatt det også, kanskje blir det skattejakt snart!!...Ein ny ein hadde gjort seg då dei har problem med å få skikkelege delar til den, først prøvde dei Ebay, sist kanskje Finn.no men ser ut til at det var like håplaust resultat der og…
Bloggtørke har det og vært!! …men skal tru om den er over no!?? Etter at eg har
vore i godt sig ei stund håpa eg det ikkje er over!! No har eg problem med å få
lasta opp nye bilder då eg må kjøpe meir lagringsplass og det har eg ikkje orka
å sett meg inn i enda, så er det nåkken som har eit godt råd så tek eg gjerne
imot det!! ;))
Prøvde no å laste inn disse bilda i dette innlegget og det gjekk plutselig bra.
Eg har i fleire år hatt «ryggvondt» innimellom dårlege
periodar og til tider ikkje så gale plaga berre «vanleg låkt i ryggen»…
Etter 1 vekes sjukehold opphald i september/oktober 2009 der eg ikkje kunne gå
på grunn av ein liten prolaps har eg blitt stadig verre.
I eit år gjekk eg på rygg/pol. på sjukehuset med trening tre gongar i veka.
Dette var trening basert på å styrke dei indre musklane langs ryggsøyla som man
til dagleg ikkje trenar, i tillegg til all den andre fysiske aktiviteten eg har
(hundar, trening etc.) trudde eg at eg skulle få bukt med ryggen og få den
tilbake til «normalen». Men slik skulle det ikkje gå og i januar 2011 blei det
operasjon der eg blei «lovd» ein god rygg og endelig tilbake i godt gjenge ;)
Men…………., slik skulle det sjølvsagt ikkje gå!! Det virka bra med det same, men
etter nåkken daga heime begynte eg å få problem med høgrefoten, her fikk eg
nervesmerter som gjor at eg ikkje klarte å stå stille med foten ei heller
sitte. Det blei inn og ut av sjukehuset i lange tider med medisinering og
lovnad om at det raskt skulle gå over, slike smerter varer ikkje meir enn
normalt 3-5 dagar…Her blei det 3-5 månader og dei begynte å avta ut i mai.
«Gløymer ikkje ein gong der stod ei seng i gangen medan eg venta på legen,
måtte berre hive meg oppi den for smertene blei for heftige!!».
Etterkvart gjekk det so langt at huda i foten blei overfølsam – når vann
dråpane frå dusjen traff hud overflata på foten var det som å få elektrisk støyt.
Når eg begynte å trappe ned bruken av smertestillande som ikkje hjalp meg
begynte eg uheldigvis for alvor å kjenne
kor dårleg ryggen var…
Etter god oppfølging blei det etter kvart beslutta å forsøke
ein ny operasjon då dei såg at det ikkje var danna nytt «bein» i avstivinga…Det
var satt inn «krystallar» som skulle gro og stive av. Dei har på underleg vis forsvunne frå ryggen min - kvar dei har tatt vegen må andre enn eg og legane svare på (kanskje skal eg sette inn annonse; "Krystallar på avveie!") Altså ingen groing/tilheling og det hadde sjølvsagt ingen erfaring med slikt då produsenten heller ikkje hadde erfart
dette tidligare…
Håpet var at det ikkje skulle skje «komplikasjonar» slik som
operasjon 1!!
Operasjon 1 gjekk dei gjennom magen men no skulle dei
operere gjennom ryggen og for å ikkje få «kunstig» bein tok dei mitt eige bein
av hofta for å sette inn i ryggen…
No har det gått rett i overkant av 6 månader etter operasjon
2 og det har ikkje vært så veldig oppløftande månader. Store smerter som eg må
leve med, det er tungt både
for meg men sjølvsagt også for resten av familien!!
Etter at eg i løpet av juli fekk "nervesmerter" i hovudet som gav overfølsame
kinnbein måtte eg til med ny medisin…Heldigvis kom det raskt under kontroll :))
Eg har ingen gips som viser ei broten arm eller fot - derfor
tok eg eit bilete av korleis eg ser ut inni ryggen sist eg var på sjukehuset…
Når eg såg på bilda på sjukehuset kom det sjølvsagt litt ymse frå meg...«Litt
av eit kunstverk da!» - «Ja eit verk er det, men dei fleste ville vel kanskje kalle
det eit byggverk» sei legen – «Ja, eller for mitt vedkommande eit MAKKVERK!»
Eg er liksom ikkje så fin verken foran eller bak………….så
kanskje betre i profil!???
Eg har vel ingen forklarelseplikt over alle som lurer på korsen
det går med meg, dei fleste vil berre vise omtanke og eg bestemme sjølv om eg
vil svare eller ei, litt kjipt å sei det går forjækli kvar dag, så svara som regel «jo takk, berre bra» det dei sjølvsagt ikkje veit er at det
er på min sære rare måte det er bra. Akkurat passe til å stå på beina atter ein
dag og foreløpig nåkke lunde oppegåande i haude – JA veffal etter meg sjølv å
dømme!! Resten får ta meg så eg er ;))
Det som er verst er dei som eg kan sitte å prate med, folk som kanskje står meg
nærare og eg har ein følelse av at dei ikkje trur meg, eller har forståelse for
at eg kan ha så store smerter sjølv medisinering, og forståelse for at eg ikkje lenger har det
overskuddet eg ein gong hadde.
Det er til tider svært tungt og sårende å svelle det at ein blir behandla så
forskjellig no enn kva eg gjor før eg blei så redusert.
I tillegg til ein fantastisk familie må eg takke for støtte frå gode venner –
det er i slike tider ein ser kor godt det er å ha slike venner ♥
Her er ryggen før stinga blei fjerna...Magen er fortsatt ikkje "grei nok" til å visast...men "den fremre rumpa" (som det ser ut som) blir nok bedre etterkvart...
Eg skulle så gjerne kunne gått ein dag, berre ein dag utan
smerter!! Kunne legge meg i senga og kunne slappe av i muskulaturen utan å
kjenne intense smerter. Her ein kveld la Tom handa si på hofta mi akkurat i det
eg skulle slappe litt meir av i ryggen…………..for å sei det slik trur ikkje han
gjer det igjen med det første ;)) Han kjipte seg av hylet mitt og meinte han var
forsiktig og det var han jo, men korsen kunne han sjå at ikkje heile ryggen var
skikkelig spent…Så måtte vi le litt – godt å kunne sjå litt humoren i det.
Mamma sei ofte til meg at: «Anja – humøret ditt er ofte din verste fiende!» Kanskje har ho rett i det…for det er ikkje så lett for folk og
helsepersonell å sjå kor jævlig ditte faktisk er...Heldigvis har eg oppfølging
av folk som kjenner meg ;))
Men, så kjem eg til det at vi har kun eit liv – eg vil bruke
det, prøve å gjer det aller beste for meg, barna våre og familien min…eg vil at
vi skal ha det så bra som overhode mulig ♥
No håpa eg berre at eg ikkje har plaga nåkken med for masse negativ
lesing!!
Skal love (håper eg klare å halde det) at det ikkje kjem så masse negativt frå
meg fleire gongar ;))
Eg har min dag i handa og skal gjere mitt beste for å
forvalte den så godt eg kan! Dei skikkelige dårlige dagane skal ikkje ta
kontroll på mitt liv…dei SKAL eg fortsette å flire vekk!!
Ønska dåkke ei god natt, ein fin fredag og riktig GOD HELG!! ♥ ♥ ♥
Klem –Anja-