Tidsoptimist – alltid!! Eg er nok ein av dei som likar å få mest mogleg ut av tida, og på 17. mai-morgonen var eg tidleg oppe...
Sjølv om eg hadde fleire timar til rådighet før første avtale med frukost i 10-tida, vart det – utruleg nok – hektisk i innspurten – ja, det blir jo alltid det!
For, eg enda opp med å fylle morgontimane med ting som strengt tatt ikkje var heilt nødvendige, men veldig fine likevel - litt ekstra pynt, rydding, men først heiv eg meg rundt for å bake ei kake.
Når vi bur på ein stad som det her, så er vel akkurat dette svaret på nasjonal bonderomantikk. Gammelnorsk spælsau i slike vakre omgivelser –
Etter ein herleg frukost på garden, rulla vi omtrent rett frå frukostbordet og ned til sauegjerdet, sjølvsagt i fullt stasantrekk med dress, bunad og bunadssko. Det vart det absolutte punktumet over i-en.
Ein heilt perfekt start på nasjonaldagen! 🐑
Folketoget var som alltid vakkert og skapte den perfekte ramma og startskotet for den offisielle feiringa på skulen 🇳🇴
Seinare på dagen trengte vi litt frisk luft, så nasjonaldagen baud også på ein herleg fjelltur i finstasen, før vi fekk huset fullt av gjestar til ein kjempekoseleg kveld.
Ein tvers igjennom vellukka og tradisjonsrik dag!
I år er det 10ànde året opp til favorittstaden i bunad! ♥
Eg har nok ikkje tal på kor mange 17. mai-feiringar eg har hatt på det vesle og fine fjellet med den vakraste utsikta, men i bunad har eg no talt 10 år.
I 2023 vart det ein litt eigenkomponert variant, då det var under ein månad til Rasmus såg dagens lys ♥
I 2017 sa eg at eg ønskte å bruke den gjennom heile festdagen, og difor tok ikkje eg og mamma den av då vi gjekk på vår årlege 17. mai-tur på fjellet - kunna skrive daglege tur, men vi har alltid gjort litt ekstra utav det på 17. mai.
Året etter gjentok vi det, og året etter der igjen. I 2020 – koronaåret – svarte vi at det var ein tradisjon (utan at eg då hugsa akkurat kva tid vi begynte å gå med bunad på fjellet. Det verka så mykje lengre sidan då vi fekk spørsmål frå TV2).
Så i det alternative 2020-året hadde vi altså TV2 på slep, og med direktesending frå fjellet kan jo alt skje!
Då boblene vart poppa så var ho på og klar for å skåle... :)
I år, på sjølve 10-årsjubileet, vart det med ei skjorte som eg synest kler bunaden godt, og som også tek igjen fargane i broderiet...
Det er nok mange meiningar om bunad. Korleis den skal vere, kva tilbehør ein skal ha, korleis vi skal bruke den, og korleis vi skal ta vare på den. For meg er dette eit fest- og bruksplagg som eg elskar å nytte. Den er handlaga på ein fantastisk måte, både i utføring og kvalitet.
Husk å ver deg sjølv, til og med med bunaden på ♥♥♥
Klem -Anja-
Nasjonal bonderomantikk på sitt aller beste! ♥
Gammelnorsk spælsau i slike vakre omgivelser – og i tillegg med ei sløyfe i norske fargar – då er eg heilt solgt!
Om nokon tenkjer det er feil farge på skjorta mi, så får det vere og eg kan ikkje unnskylde for det vil eg ikkje meine...
Det at nokon meiner vi kun skal ha kvit skjorte, er éin ting, men er det då ei spesiell skjorte? Med eller utan broderi, og eventuelt kva slags broderi? Lin eller bomull? Strykelett eller eit sjarmerande herk?
Eg skal ikkje seie kva som er rett, men kanskje handlar det om å finne ut kva som er rett for ein sjølv. Sjølvsagt kan vi endre litt meining undervegs, og derfor kjøpte eg ei ny, rosa-ish skjorte i år, då den første kanskje var litt vel «skarp».
Bunader kjem i så mange variantar. Ja, sjølv Sunnmørsbunaden står for eit stort mangfald. Det er ikkje så lett å gå i detaljar på skjortene, utanom dei som ikkje er kvit.
Men kva med lengda på sjølve stakken, må den vere heilt normal lengde, men kva er då normal?
Eller lengda på forkleet? Her er det mange som tek vare på gamle bærestykke og forkle, men som ønskjer ei anna lengde på stakken. I seinare tid har det også kome til meir tilbehør, som søljebelte/bunadsbelte/sølvbelte - eller kva det kallast, hårtørkle og ikkje minst halstørkle i mange forskjellige fargar.
Kva som er heilt rett og kva som ikkje er det, veit nok ikkje eg... Men det ser ut som vi kan gjere mykje, og til sjuande og sist handlar det om kva kjensler vi har når vi går med den.
Eg må vel innrømme at eg for ein del år tilbake heilt sikkert hadde eit anna og strengare syn på det veldig tradisjonelle sjølv, men heldigvis endrar synet og tankane seg innimellom...
Min bunad er i alle fall velbrukt, og den første, fine, kvite linskjorta mi er bokstaveleg talt tynnslitt og holete...
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar