mandag 26. oktober 2015

For første gang......

...Trur eg at eg kan skrive for første gang sidan januar 2011 har eg kjend på tanken å ville gi opp!!... Eg som har det mottoet at "eg har eit liv og det vil eg leve"!! Kva har skjedd!?...
Eg går i motbakke kvar ein dag og prøva å finne det lille positive og klamre meg fast ved, men akkurat no har eg ikkje lenger lyst å vere i godt humør, prate med folk eller sjå ein j**** lege i augene!! Akkurat no ønska eg aldri å ha vore innom Ålesund sjukehus, eg ønska eg aldri hadde sett dei to som opererte meg i januar 2011!!...

Kva med å tenke på kva dåkke har gjort!? Det kan ikkje vere slik at så lenge det ikkje går bra med ein pasient så "ta pasienten for det". For eg har prøvd å finne svar disse åra og spurt dei og får litt nedlatende tilbake ja spesielt etter at eg melde inn ein skade. Neida, send meg vidare og legg papira i ei skuff og gå rundt med nasen i sky, ja eg syns eg ser han eine for meg.
Det er nok ikkje likt meg å spy eder og galle på denne måten, men no har eg fått nok og må få det ut på ein måte...eller berre gi opp(?)
Ja, eg ser forbaska frisk ut...men heile kroppen leve i eit smerteh****** 24/7 og foreløpig ingenting som hjelpe på det,  kanskje dritfylla men det ligg ikkje heilt for meg...

Akkurat no prøva eg å finne noko positivt å halde fast ved, men det er svart!! Det er tøft å skulle vere blid og "oppegåande" til ei kvar tid, og spesielt når eg møte så lite forståelse for mitt handicap blant "venner og bekjente". Eg er langt ifrå bra, ja eg har fått kommentara på at no er det ei stund sidan sist operasjon og du er bra.........eg skulle berre ønskt det var så lett!! 
Eg ligge no i senga søvnlaus som ofte elles med ein fot så full i nervesmerter at eg ikkje ana kvar eg skal legge den, og samtidig ein rygg som er så vond uansett korleis eg ligg at eg skulle bytta den med einkvar prolaps!! 

Akkurat no er eg fortvilt over at legane kan ta så lett på øydelagt liv(skvalitet!) for eg vil følge opp barna mine, kose meg ein kveld ilag med mannen min, trene hunda, ha reint og ryddig hus 24/7 (som alltid før!), kle på meg sjølv kvar dag, ta på meg diverse verv igjen, spise god mat utan å vere kvalm (har eit problem med kvalme ved sterke smerter), 1 time eller berre 5 minutt smertefri, besøke familien, halde kontakt med venner!! Eg kunne fortsatt lista lengre enn langt, men det er liten vits å ramse opp ting som ikkje er gjennomførbart!!...

I tillegg til min skrale skrott skulle vi vel vere så heldig å ha ein frisk far i heimen ❤️ Men slik er det ikkje her, vi er langt i frå ein a-4 familie og godt er det!! Men akkurat no kunne vi trenge ein liten pust med "frihet"...frihet/ferie til å kunne kjenne på eit liv utan smerte der vi berre kunne fått tida å kjenne på heilt andre ting.
I dag har eg fått det siste lille som har gjort at nok er nok, ja eg har kjent på det ei stund men tenkt som alltid før at det går seg til...

Eg håpa at gnisten kjem raskt tilbake for dette er berre heilt dritt!!
-Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...