torsdag 7. januar 2016

Drittbikkje*...

...Jepp, vi har ei skikkelig drittbikkje!! ;) 
Etter ein herlig tru nedi Storhaugen og på berga der Berta fikk springe rundt å snuse og kose seg aleine, med godbitsøk der nasen fekk brukt seg litt ekstra.
I det vi går opp igjen så springe ho rundt og kjem plutselig stolt tilbake med noko som først lika ein liten kjepp som ligge fint på tvers i munnen og skal avlevere noko til meg...eg nedi lomma og finn fram ein godbit og i byte for den får eg ein frossen drit!! Jepp, slik er det med hunda som finn ting og lika å avlevere...eg berre takka for at det er fem minus slik at den var gjennomfrossen så med andre handa nedi lomma for å ta fram ein skitpose og vekk med den.
Herligste lille jenta vår er full av små påfunn og med ein nase som jobba iherdig - Drittbikkje* = BERTADENKREATIVE ♥♥♥ 
Ein dag fylt med tura og firbeinte, Tim Are har med ein klassekamerat heim og Katja er med ei venninne så dagen har med det flott innhald!!

Herlig ved sjøen i dag...
Som eg har sagt så er vi ikkje akkurat A4, men eg trur resten av husets tobeinte hadde fått hetta om dei måtte ta imot alt dei kjem med :)))

Ha ein innhaldsrik dag!!
-Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...