lørdag 3. august 2019

Hytteparadiset Sundebu...

...Ja utrulig flott til ligge det eit vakkert hytteparadis i Vågå Kommune ikkje langt unna Brimiland og Tessevatnet. Å her har det dei seinare år kome opp fleire hytte med god avstand til kvarandre. 
Mamma og pappa fikk lafta hytta i fjor og den var klar til å flytte inn i til påska 2019...
No er det min kjære bror som også helde på å sette opp hytte på tomta på oppsida av vegen. 
Eg har faktisk ikkje vore der sidan i fjor sommar då dei haldt på å beise hytta som nett var satt opp. Skulle sjølvsagt vore der å fulgt prosessen tettare, men med operasjon i Oktober tok det tid å kome seg, og ikkje minst har heimen vore prioritert før Katja sin konfirmasjon i mai....Eg har sjølvsagt fulgt med på bilde og fått med det meste på Facetime, men det er jo ikkje akurat det same. Men den som venta på noko godt osv.........ja det skuffa ikkje i det heile for dette er HYTTE - superdigg med tjukk, rustikk og lekker tømmer, og ikkje minst synes eg det er herlig at den har ein skikkelig ujålete hyttesjarm ♥ 
Koseleg å sitte ute med overbygg på terrassen, og bildet til høgre har eg tatt frå tomta til bror...

Alle som kjem rundt forbi denne hytta er sjølvsagt varmt velkomen innom på ein kaffi og kanskje noko attåt...Så skulle du vere frista til å ta ein hyggelig prat så er det berre å banke på denne døra for å sjå om der er nokon som opna...!
Stor og god gang med dører inn til deilige soverom og eit superdigg bad..!! Lekker klokke og barometer fikk pappa i gåve av mamma, å han ordna sjølvsagt ein rustikk planke å montere dei på... 

Her var det oppredd og klart til eg kom ♥ 

Kjempefint bad og som de ser er alle ♥ velkomne her...!
Så dei fleste av barnebarna har kost seg her ei periode i sommar..!
Luftig, vakkert og rustikk soverom, ja faktisk heilt digg..! 
Komfortabel og fin ny sofa å der passa dei nye saudeskinna som eg kjøpte til dei i "gratulere med ny hytte gåve"...
Ikkje heilt lokalt i Vågå, men desse er frå dei flotte (tidligare) utegåerane i Solavågen.
Som mulig fleire har sett så lika eg å mikse nytt, litt gammalt åsså skikkelig gammalt...Dette funka like bra her å gir hytta ei koselig, lun og skikkelig god hyttestemning...!
Den fine vevde løparen vann pappa som gutunge på bedehuset...
Å no kjem det ein del bilde av spisestua og det er faktisk ikkje så rart for berre sjå nøye...ja eg berre sei sjå nøye...
Må berre sei at det spisebordet med benkane der er lekker, superdigg og sjølvsagt heilt unik..!!
Dei har pappa laga sjølv av tre som er felt på hyttetomta!!
Berre likte denne raude kjøkkenmaskina sjølv om den ikkje var miksa med rosa..!
Den her både varma og metta..!!
Om du skulle vere interessert i ein praktisk, tøff og fin ovn som ikkje alle andre har så kan du sikkert ta kontakt med pappa...

Skikkelige tøff trapp som også er laga lokalt, å kvar føre den oss!?

Ja, kva skjule seg bak det fine rekkverket..!?

Trappa førte oss opp til ein stor og koselig hems, å som de ser så er det god plass for å både sove og opphalde seg, og det ryktast at barna har hatt det fint her oppe..! 

Då har eg tatt dåkke med på ei lita omvisning inne å meir kjem sikkert ein annan gong...
Men, må berre sei at her har foreldra mine fått ein vakker, unik og naturleg skatt som eg håpe dei får glede av i mange år framover!!
Her trur eg dåkke finne roa og kan nyte det aller beste naturen har å bu på - så eg sei berre NYYYYT...

Ut på dagen etter både tur, frukost og litt beising var det klart for lunsj før eg reiste vidare på mi ferd og på nye eventyr...
Uteområdet er under konstruering...Pappa har laga til nåkken superfine trestamma som han bruka som gjerdestolpar...

Bassenget vitnar om at her har vore nokre fornøgde og glade barnebarn på besøk...

Rare meg som måtte vente litt med den gode kveldsmaten for eg måtte berre lage til noko for å få avleggerane i jorda...
Rar sa eg - Jada eller eg trur at eg er heilt etter oppskrifta berre at nokre av ingrediensane vart bytta litt om på mengdene på å då blir det ikkje alltid heilt som først planlagt...
Så då har du meg som starta opp bilen, stoppa å hoppa ut, sprang inn i hagen å reiv opp litt forskjellige Alunrot som eg stappa oppi ein papirpose for å ta med til Vågå. 

Ja rota alle seg så kan det her bli ein del planta etterkvart...ja så kryssa eg fingre for at dei får stå i fred frå husdyra...

Keesha og eg hadde oss ein superfin morgontur i det vakre landskapet...
Det er så fint når ein har hytte med eit litt annleis natur enn det ein har til dagleg. Eg håpe det kanskje kan bli ein fjelltur her i løpet av august/september?

Pappa her igang med å beise solveggen eit strøk til. Fjordårets tjære har trekt godt inn og sola har hjulpe med å bleike den ein del. Hytta er beisa med tjære å den gir ein lekker og varm glød, å steik den lukta er berre digg asså...!


Eg elska alt det naturlege og det ujålete...Ja, det sei ho som elska innslag av spreke fargar og litt bling bling innimellom...men eg har alltid og kjem vel alltid til å elske tre, stein og den herlige lukta frå det naturlege.
Å berre for å sei det så kan faktisk ting du ikkje vil ha heime passe perfekt inn på hytta for ein tur med hengaren kan faktisk gjere underverk...å ta turen frå ein stil til ein anna er slettes ikkje dumt, ja eg har prøvd det mang ein gang sjølv...å det vil eg heilt klart fortsette å gjere :)

Ha ein naturleg kveld...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...