tirsdag 13. august 2019

Tur til Høgevatnet 713 moh...

Ein fantastisk tur frå Ytre Standal..!
Etter ein innhaldsrik gårsdag var det terrengskifte i dag søndag 11. august :) 
Sjølv med fare for både regn og skodde etter vermeldingane så kjørte vi ombord i ferga å tenkte vi skulle ta ein tur til Barstadvika å gå mot Masdalskloven. Men, då vi sat i bilen på ferga så spurte pappa kva eg tenkte om å kjøre motsatt veg når vi kom på land. Kva med å kjøre innover Hjørundfjorden til Ytre Standal å gå oppover dalen der? 
JA! Kom det raskt frå meg, så mange ganga eg har kjørt forbi å sett oppover dalen der å aldri gått derifrå å tenkt at ein gang skal eg gå der, men av ein eller anna grunn har eg liksom ikkje komt på det når eg planlegge tur...
Pappa var sjølvsagt velkjend med alle sine tura på jakt i området. Å det her var eit nytt og godt bekjentskap for meg også...å eg kjem snart igjen!!

Vi vart kjørande bak ein heil gjeng med geite å måtte berre ta det i deira tempo. Når ikkje alle såg ut til å heilt ville gå utav vegen så gjekk eg ut. Å for nåkken herlige dyr asså!! Eg måtte sjølvsagt helse på eit par eg syntes var så fin og hadde heilt fantastiske fargar...då var eg så heldig at det kom ei som syntes eg såg ganske så grei ut å ville då gjerne ha ein liten klem ♥

Det var liksom berre noko veldig klokt over den geita her...
Kor vakker kan eit kje berre bli..!!?

Heilt nydelige å nesten så eg ønska meg eit par slike saman med eit par Alpakka...! :)

Oppe på sætra tok vi oss ei lita pause og sjølvsagt litt bildetaking. 

Utrulig flott veg fram til sætra å etter den ein fin og god sti med jamn stigning. Ein utrulig herlig tur å gå for både to- og firbeinte. Skodda spilte fram og tilbake i sin eigen melodi mellom fjella...Å regndropane litt meir intense ei lita stund, men vi gjekk på å kom oss opp til vatnet, det var ikkje eit mål i seg sjølv, men greit å ha vore der når vi først var sopass høgt oppe.
Då vi satt ved vatnet å spiste litt så dansa fisken ivrig over vassflata så her frista det å reise tilbake med både telt og fiskestang...! 
Det var null sikt nokre meter lenger opp så Molladalsskaret tenkte vi fikk berre vente til ein dag med litt meir sikt og mindre regn.
Så dansa skodda litt vidare å vi fikk sjå meir av herligheita som kom til syne...
Å kor eg gler meg til neste tur..!
Vil berre presisere at sjølv om eg snakka til Keesha så var ho i band, men ho måtte vere inntil meg når eg filma og tok bilde. Slik at ho ikkje plutselig eventuelt skulle begynne å gå slik at eg berre datt etter ;)  

Det var magisk å gå rundt slik i skodda...å med godt turfølge blir det så nær perfekt så det kan bli..!

Å her vart eg ståande å nyte og sjølvsagt knipse nokre bilde...Å då låge eg nesten på alle fire så eg hørte pappa rope for å spørre om eg hadde døtte, men eg hadde berre med å inrømme at eg knipsa litt..! Veldig greit å gå på tur med nokon som ikkje blir "irritert" over at det blir tatt "litt" bilde...


Vi gjekk tidvis gjennom grauttjukke skodde, men når det innimellom lett å vi får sjå den gli mellom fjelltoppane er det berre magisk å vi får ei herlig belønning for å innimellom ikkje sjå noko...
"Keesha" asså ♥ Ja ho er både kleggen min, hjartet mitt og den særaste av dei alle å eg elska den her hunden så utrulig mykje..!

Takk for ein super tur pappa...!

"Grindaguten" slepp oss ut av dalen og passa på at dei firbeinte helde seg inne til han fekk den igjen...

Vi begge, eller alle fire var nok samde i at det var ein flott tur..! Eg gler meg til å ta den igjen med sol og sikt slik vi får sjå alle dei vakre fjella omkring oss...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...