mandag 12. mai 2014

Små ord ♥

Dei "små ord" kan utløyse litt av kvart og med meg utålmodighet!!...Har jo lenge ja, alt for lenge drøymd om eit småbuk eller ein fin stad der vi kan finne roa og ha dyra rundt oss, og no i det siste har det komt mange små ord frå mine næraste som gjer at eg ikkje elnger har tid å vente. No må vi vel finne plassen snart slik at vi kan ta fatt på "resten av vårt liv"...eg skal prøve å ha så masse tålmod at eg finn den plassen vi skal bo for alltid...
Å plassen eg skal finne til meg og mine kjære skal sjølvsagt ha mange forunderlige ting...ja ideane er det så mange av at eg bobla snart over av alt eg kunne tenke meg å lage til!!...
Men her må vere "blingbling", natur, litt nytt og gammalt, masse lys, blomster, traktor og dyr, ja dyr må det vere fleire av ♥♥♥

Er det nåkke dissa barna våre er god på så er det ord...ja, spesielt Tim Are har veldig masse å fortelle og ikkje minst eit svar til det meste har dei begge to og det kan til tider vere ei utfordring ;)
Men, dei er så omtenksom, snill og god ditte har eg vel sagt før!? og dei vise stor omsorg for alle rundt seg og det er så godt når vi hører alt det fine dei sei...


I går var Katja på overnatting og plutselig tikka det inn ei melding på telefonen ♥♥♥
Eg og Tim Are slappa av, og plutselig kom det "mamma, ej kjem til å bli veldig lei meg når du dør...........men, det blir bra for deg, ingen smerter i ryggen lenger!" Klump i halsen, eg veit at dei tenker på mamman sin, men eg gjer det beste ut av dagen og prøva å skåne dei... "Men, mamma når smertene dine går vekk vil du begynne med butikken din  igjen!? Ej savna butikken din og du likte så godt å jobbe der og det gjor ej også"...
Jepp, savna den veldig masse og skulla så gjerne hatt den...men, hadde eg berre latt vere å ta den forbanna operasjonen for bikka tre år sidan!!! No når dei orda er sagt skal eg legge dei vekk, for eg kan ikkje gjere noko med fortida og velge å sjå lyst på framtida og glede meg over det den kan by oss men fokus på familie, dyr, natur og rekreasjon...............så eit ørlite håp om litt bedring ;)

Eg legg ikkje vekk trua og håpet heilt endå...håpa på bedring og då hadde det vore fint om vi hadde funne roa på drøymeplassen og hadde klart å fått meg eit rom eller ei lita "hytte på tunet" der eg kunne skape mitt lille hjørne.........jada, alpakka i hagen utanfor med "Anjaskatter" inne til glede for meg, familien og ja, kanskje kundar ♥♥♥ Eg ser det for meg og eg håpa eg ein gang kan gi liv i disse "skattane" mine...og i mellomtida drøyme eg ;)
Gjennom tida har eg hatt mange idear og laga til, gjort endringar og gjort endringar igjen før det andre er ferdig...men du kor eg har kost meg!! Eg har holdt på slik i to hus og gleda megtil mitt tredje. Trur ikkje eg klare å overraske gubben like masse lenger, men skal aldri sei aldri ;)
Kanskje skal eg ta fram litt av mine små prosjekt...hadde vore kjekt å sjå litt tilbake også, kanskje kan eg ta fram igjen idear som eg hadde før...

I skrivande stund putra middagen og i tillegg er eg og Tim Are på flytur til Bangkok med KLM...Vi høyre motorduren og piloten som snakka, litt forsinka men berre litt venting før vi kjem fram ♥
Så då skal vi nyte "reisa" og alle dåkke som er innom her må for all del ikkje slutte å drøyme ♥♥♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...