tirsdag 11. august 2015

Sechuanwok


Ja no er det lenge sia det har kome nåkke frå matfronten. I dag hadde eg lyst på eit kvar "anna" men visste ikkje heilt. Wok er alltid godt med reint kjøtt og herlige grønnsaker, i tillegg litt Spicy ;) 
I morra reise Adrian (samboeren til lillesøstra mi) på sjøen igjen og tenkte å ha middag til gjengen, så sendte dei melding og til mamma og pappa om at vi var på butikken å handla inn til middag. Med hjelp frå Katja og Ingeborg på kjøkkenet blei det bra, ja meeeeget bra mat :) Dei to jentene stod for desserten som var heimelaga sjokoladefondant (6+) varm med is, Valldal jordbær og blåbær :)) 

Laga saus som berre stod å putra på panna av: 
8 dl vatn 
2 stk kylling fond
1 dl soyasaus
4 ss rich hoisin saus
1 1/2 - 2 ss chilipaste
2 - 3 fedd kvitløk
Raspa over eit passelig stykke med ingefærrot (smak deg til slik du ønska).
Litt maizenna til jevning.

Marinerte indrefile av svin og kylling i litt olje, soyasaus, hoisinsaus...

Woka kjøttet kvar for seg først med litt pepper, og over i gryta på svak varme. Helte litt av sausen over kjøttet.
Gulrøtter, løk,  brocoli, sukkererter woka kvar for seg og over i gryta. 

Ved alt saman og server med ris og eggenudler!!...
Min Sechuansaus, svinekjøtt til marinering, grønnsaker og til slutt ferdig wok...

Desserten toppa det heile på ein elles så vanlig tirsdag :)
Mmmmm... 
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...