fredag 7. juli 2017

Blåfjell - Eltrane - Vardane - Von - Vasskummen

Den alltid så uthaldande "Sky" kvila på varden oppå Vardane etter ein lang tur på Sulafjellet...med masse gåing, bading, leik og kos var ho utslitt og i dag vakna ho med "watertail"...

Onsdag planla vi tur til Eltrane og eg måtte gjere det beste for å forebygge meg på nåkken tima i fjellet. Ryggen forferdelig vrang og litt vond for å dra pusten heilt ned så måtte gubben hjelpe litt til. Litt press og det føltes (og hørtes visst) som eit lite skred som løsna!!...sårt men betre å gå tur dagen etter.
Å når vi først har komt oss på beina er det aldri kjedelig på tur med min kjæraste mamma og besteste venn Cecilie...Vi skulle berre ta ein lett tur for "gamle skrotta" og la Sunnmørsalpane bero med ein herlig tur til Eltrane, men vi klarte ikkje dy oss når Vardane var så nær.
Vi flira, ramla, skravla, skrøna, nyte og ein heil del meir...
Steik kor vi kosa oss og det sjølv om vi gløymde Baileys til kaffien ;)
Eg set pris på alle små og større tura ilag med dåkke, det blir nok nokre små først og gleda meg allereie til neste tur kvar hen det måtte bli!!
Etter ein hektisk morgon med å få kroppen igang, fora hunda og lufta etc. så rakk eg ikkje ta meg ein kaffi så derfor måtte den bli med og kva er vel betre enn å nyte ein kopp kaffi oppover breivegen!?? Litt bratt for å nyte den til det full, men det funka! ;) 
Bortom Blåfjell for å sjå på utsikta før vi traska vidare mot Eltrane...
Mamma satt seg elegant ned for å fylle koppen min ;))) Skulla fått festa det på film for det var virkelig "slowmotionkindafall" :)))
Ser jo så mange flotte motiv av hundane undervegs, men stort sett er det borte når eg får tatt dei...Men nydelig er dei uansett...
Fint landskap kan vi veffal boltre oss i...
♥ Cecilie, Berta og mamman min 
Nesten heilt ute på Eltrane med Nordsjøen rett ut...
Berta er i himmelen ilag med Cecilie ♥ to herlige jente asså!...
Det er ikkje alltid lengda på vennskapet som tel, men verdien av det!! Veldig glad i deg CecilieMi 
 
Her er det rimelig bratt ned og har aldri prøvd meg ned her, men kanskje ein gang...
Meg med utpå kanten med utsikt mot Hareid...
Cecilie koooooosemosa med tre herlige jenter!!...Viktig å få dosen sin på det når ho kun har firbeinte gutta heime ♥ som for øvrig er verdens beste Joey og søteste Lille...
Eg og herlige Sky på Eltrane med Nordsjøen rett bak - eller rettare sagt (etter påpakning frå gubben til Cecilie) Norskehavet for vi er litt for langt Nord for å kunne kalle det THE NORTH SEA så trur eg berre går tilbake til å kalle det Breisundet!... ;)))
Like lite fotogen som alltid, men har funne ut at slik er det berre og må berre ta det slik det er ;) 

♥ Keesha 
Frå venstre Sky, Keesha og Berta...
Då har vi kost oss nok heilt ute på Eltrane og begynne på vegen innover igjen...
Frå nesten utpå Eltrane å innover mot Langevåg...
Utsikt mot Hessa og Ålesund...
De kan sikkert sjå kvifor eg klare å fylle heile huset med disse herlighetane!?...

OMG!! Kan ikkje anna enn le av Berta som vart overraska over djupna på vatnet...heile dagen hadde lagt å rulla seg og vassa rundt i alle små vatten dei fann også plutselig kunne ho svømme der på rett :)))
Bada gjor dei ein heil del...det skifta mykje mellom kaltd og varmt som nok har gjort utslaget på ein aldri så liten watertail på Sky i dag...
Her går vi i herlig terreng oppover mot Vardane...Vi gjekk på baksida av Grøthornet og opp, på veg til Eltrane gjekk vi frå Blåfjell og på nordsida av Grøthornet...

Sprekaste mamsen som berre jogga litt mot Vardane...
Etterpå kunne ikkje vi yngste vere nåkke dårlegare og eg stoppa då eg hørte og såg meg bak om at Cecilie strevde med eitkvart!!... :))) Eg stoppa og gjekk for vi kan ikkje segne om heilt enda i og med vi har fleire mål å nå...
Eg er sjølvsagt dritflink på possering!! :))) Not, men fikk eit par bilde av meg og min svarte skatta...
Vi tobeinte haldt oss uforskamma godt på beina denne turen!!
Det "værste fallet" var det Sky som hadde i det ho låg her å sov så drog Keesha ho med seg ned...men ho tåle alltid ein liten trøkk så det var berre ein litt meir brutal måte å vakne på for ho, eller var det det? Keesha drar ho (lina hang fast) liggande ut i lufta og plopp på bakken, Sky ser opp og rista litt på hovudet...
Tre veldig fornøgde firbeinte skatta på toppen av Sula...
 
Mamma, Cecilie og Berta på veg nedover frå Vardane...utrulig nok lite med knall og fall på denne turen!!...
På veg ned mot Von...Cecilie og Berta leda an nedi der...
The troll and the beast...
På veg nedover fann hundane enda ein liten dam å bade seg i, og eg fann eit lite motiv til...
 Upåklagelig ver og utsikt på det lille og beste fjellet...
My BobbyMcgee...herlig på tur kun ilag med han her ♥ mitt...
Heilt greit å avslutte dagen slik!...

Å berre gå rundt å nyte naturen, fjella, havet, hundane og dei fine folka rundt meg gjer noko med meg. Det gjer ikkje så mykje å ha vondt på slike daga, men det er faktisk slik at ein ikkje skulla ha stoppa så då eg og barna hadde fått mat tok eg med herligste Bobbyen min på ein liten tur på Leirvågfjellet...han var så glad for at eg tok tid til å gå med han også at vi fauk oppover ;)
I dag vil verken ryggen eller halsen meg særleg godt, men eg skal klare å sveive maskineriet igang men det må berre få litt tid...
Har eg sagt at du aldri må stole heilt på ein dokotor!?? Berre ikkje gjer det, men følg magefølelsen din for den er nok betre ;) så difor akkurat no kjenne eg følelsen av å ville ta meg ein tur til Florida for å treffe fine folk, og kanskje innom ein lege som kan gi meg noko som faktisk funka!! Men, det blir nok med tanken og draumen 😎 
Cecilie syns også vi haldt oss godt på beina i går...det kjem nok av at eg gjekk litt i min eigen draumeverden i går, eller at det faktisk var litt mindre klabb og babb enn vanlig. Heldigvis gjekk mamsen og Cecilie eit stykke foran meg (etter eg stoppa for bilde) på "flate" stien då eg trakka litt over. Klarte å hente meg inn men ein glose glapp ut, gjekk meg frt til og ingen stor skade skjedd...
Igjen tusen takk for turen damer ❤️ Dåkke er best!!...
Klem -Anja-

NB! Som så ofte før vil eg råde dåkke alle til å kome dåkke ut å gå...bygg dåkke sakte men sikkert opp så er det utrulig kva de kan få til!!...Det er blod, svette og tåre men eg forsikra de om at det er verdt det og ikkje minst uansett kor det står til med dåkke så blir det betre. Dagen i dag er jævlig, men gleda og minna som vart gjømd i minnebanken i går gjer kvardagen enklare å overleve!...
Trur det er slik med dei fleste av oss at vi er redd smertene, men berre sjå dei augene å vis at du er tøffare enn dei!!
GOD TUR!!...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Namna er klare

 …Kanskje på tide å få registrert dei når dei i dag er 7 veker inn i livet. Namna er klare og vi skal berre setje dei på dei forskjellige kv...