torsdag 17. mai 2018

17. Mai 2018...

...Så er igjen ein strålande 17. Mai over og nok ein gang kom den på same tid i år ;)
Det har vore ein fantastisk fin dag ❤️ Den starta tidlig, ja heile to tima før vekkerklokka skulle ringe så eg var i gang med dagen i det eg høyrde saluttane klokka 07.00.
Elles går det i valpa og hund, fikk igang ein skral kropp med litt vasking...ikkje beste dagen, men må berre legge vekk tankane på vonter og berre gunne på! ;)
Valpe- og hundelufting, mating og reingjering...i går kom eg på at Timmen ikkje hadde vore til frisøren - slik går det når alt går litt i surr og han alltid har fult opp med noko å styre med. Då måtte mamsen til pers igjen i dag tidlig, men frisør er eg ikkje, men hundesaksene duge nær vi treng det som mest :)))

Katja er ungdomskoleelev så ho skulle ikkje gå i tog ilag med oss i år...så då gjekk ho til skulen for å møte venninner. 
Tom var ikkje i form i dag og måtte bli heime (dermed hadde eg «valpevakt» slik at dei kunne kose seg ute i det fine vêret). Så då var det berre eg, Timmen, mamma og pappa som gjekk ut for å møte toget...

Etter ei fin stund på skulen for vi heim for å lage til maten som tradisjon er det koldtbord. Litt bildetaking i Hagen av meg og hundane før vi spiste før neste «tradisjon» som er at eg og mamma går på Leirvågfjellet i bunad om vêret tillet det...

Kom ned igjen å var klar til kaffi, kaker og Prosecco som avslutning på ei veldig fin feiring ❤️❤️❤️
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Namna er klare

 …Kanskje på tide å få registrert dei når dei i dag er 7 veker inn i livet. Namna er klare og vi skal berre setje dei på dei forskjellige kv...