mandag 11. november 2019

For tidleg...

...Etter tre år var Sky igjen diger og ho ga sjølvsagt klart uttrykk for det. Etter ho gjekk tom i vår håpa eg berre der skulle vere nokre få valpa slik at eg kunne få halde igjen ei tispe, men vi forstod raskt at her er det fleire enn 4-5 stykke.
Sky har dei siste knappe tre åra budd med eit koseleg ektepar i Ålesund, og når ho ikkje bur her heime er det alltid greit å kunne vite om ho er drektig og samtidig sjå om det er få eller fleire. Vi tok ein tur til veterinær der møtte eg Sky og matmor, kjende på ho og som matmor var heller ikkje eg i tvil, her var det valpa. I det bildet kom opp såg vi tre blære med ein gang...!! Her er det valpa, så bevegde han på apparatet - her er det mange valpa, enda litt til - heile buken er full i valpa!! Eg kjende på litt forskjellige nyansa av glede samtidig som eg tenkte åååå shit det her blir ein del jobb framover!! 
Timmen i kjend stil når det er fødsel på gang i huset...Eg prøvde å få han i seng søndag kveld men det var nesten ikkje mulig. "Eg vil så gjerne bidra med Kennelen mamma!"...Eg sa klart at det gjer han og at no måtte han i seng. Dette bildet vart teken kl. 23.36 søndag kveld (det kom tre valpa søndag men rekna det frå mandag i og med dei aller fleste kom då.
Melding frå Tim 04.11.19 kl. 00:58 "Hei eg vil berre sei vist du trenge hjelp så ring meg"...
Den omsorgen og godheita den guten vise kan aldri kjøpast, for det trur eg det berre er nokre heilt spesielle personar som har i seg heilt naturleg ♥ og eg er så heldig at ein slik spesiel gut er min ♥♥♥

Må samle og skifte på tepper før eg for til veterinær med Sky...
Alle desse bilda er tatt tirsdag...

Sky hadde tremin 9. november, men så langt viste det seg at ho ikkje skulle gå for søndag morgon den 3. november starta det med oppblokking som varte litt lenge, det føles ekstra lenge før eg kan verkeleg begynne å jobbe med tanke på valpane som kjem ut etc.

Alt gjekk stort sett etter boka og Sky som alltid den mest omsorgsfulle mor 

Valp nummer 10 (eller 11 om vi rekna med den første som var død) ville ikkje ut, eg prøvde å snu den, dytte den inn for å endre stilling og ikkje minst prøve å dra den ut. Til slutt spilte det ingen rolle for død rekna eg med den var etter å ha lagt i fødselskanalen så lenge og i tillegg utan pose. Prøvde eit lite dytt og snurr igjen før vi kjørte til veterinæren...då eg parkerte hadde den heldigvis kome ut av seg sjølv. 
Men, når eg først var der var det greit å berre ta eit bilde for å sjå kor mange som var igjen, og då såg vi der var tre til!! 
Reiste heim og ganske fort etter kom der 2 til...den siste, den ville ikkje ut og såg ut til at den eigentleg var heilt imot å kome før den var "stor nok"..!
Følte etterkvart at den burde kome sjølv om eg visste at den ikkje var på veg, men etter 5 1/2 time sidan sist valp var vi med veterinæren og konstaterte at den låg godt nedi buken og dermed var det berre å hente den ut. Eg var så heldig og få lov å vere med på keisersnittet og dermed fikk ta over valpen når vi såg at der var liv så kunne veterinæren begynne å sy saman Sky. Etterkvart la eg ho i bh`en der ho fikk best varme, stod der å såg på det gode arbeidet og samtidig strauk på ho som etterkvart fikk merke på halen. Håpe ingen gjekk forbi vindauget i den tida å såg korleis eg stod! :))

Då eg kom heim og fekk eit skikkeleg overblikk så syntes eg nesten dei minste såg gjennomsiktig ut ;) 

Men utrulig nok var alle 12 like sterk i kroppen og ikkje minst ivrig etter å finne pattane!! Dei har blitt litt større dag for dag, og sjølv om det er ein del forskjell på kor mykje dei øke så øke dei fint etter fødselsvekta alle saman. 
Her har eg tatt bilde tirsdag 05.11 og valpane er bikka eit døgn, og vi ser at det er stor forskjell på størrelsen som kan vere at nokon vart befrukta på første parring medan nokon på siste...(?)

Her frå onsdagen når ein av dei største og ein av dei minste hadde lagt seg ilag...
Onsdag 6. november og søskenkjærleiken er stor på små skatta...
No er disse vakre, herlige små skattane ei veke og alle 12 er fortsatt med oss ♥ Det er arbeid for husets tobeinte å følge med då dei må ha pass heile tida...Sky er 30 kg og ein liten valp på 190 gr. har ingen ting å stille opp mot den vekta om ho legge seg på dei...
Torsdag ro og harmoni i draumeland før ting for alvor braut ut fredag og huset her vart snudd på hovudet...

I dag mandag 11. november er dei altså alt blitt ei veke og fått markkur for første gang...no håpe vi alt går som normalt framover!
Nydelige nurka som heldigvis har den aller beste mammaen i Sky ♥ 
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...