Herlige, gode og minnerike opplevingar på ei NKK utstilling 🖤
Kven hadde trudd at «lille oss» skulle bli «Best in show» oppdrettar i ein slik stor, flott og hard konkurranse..!?
Når denne krisa er over vil eg håpe at vi kan skape nye gode augeblikk og herlig minne.
Men, først av alt håpa eg at vi fortsatt har Norsk Kennel Klub som vår nr. 1 organisasjon i Noreg ✔️
Det har vore snakka mykje om dugnad og at det ordet kanskje blir litt misbrukt...
Men, vi kan ikkje sei anna enn at HundeNoreg som er bygd på dugnad, bruka no ein enorm dugnadsinnsats på å redde sin eigen dugnad!!
Ein slik samfunnsressurs som hunden og det organiserte hundemiljøet står for er det ufattelig trist at det enda ikkje har blir sett på av regjeringa...
Så no har eg fortsatt tru på at Regjeringa ser samfunnsnytta hunden har, og viktigheita med å ha ein organisasjon som NKK i Noreg!!!
Spesielt etter at Abid Raja svarte meg i ein kommentar på Venstre sine Facebook-side om at regjeringa jobba også med denne saka!! 🙏🏼
Om
NKK treng rundt 10 mill for i første omgang å kome seg gjennom
denne krisa så er det knappe kr. 140,- frå kvar medlem (om eg ikkje tek feil). Det er fleire som ikkje ser at vi kan gjere den store forskjellen, men eg trur at nesten alle medlemmar kan sette av dette beløpet for å kunne redde dugnaden vi har hatt gjennom godt over 100 år!!
Når
regjeringa er så sein med å handle ovanfor slike liknande
organisasjonar så må vi som er avhengig av eit sterkt NKK handle.
Så difor set eg i dag av ei god flaske vin i kontanta som mitt
bidrag til Norsk Kennel Klub.
For
eg ønska at NKK fortsatt skal vere her neste gang eg skal registrere
valpa, når eg skal delta på utstillingar og/eller prøver.
Korleis kan vi få reise ut i verda med våre hundar om vi ikkje kan få registrere dei i NKK??
Kanskje
kjem regjeringa med ein krisepakke innan tida blir for kritisk, eller kanskje ikkje...
Kanskje kjem dei med ein god pakke, men er det nok(?)...om så er det greit om vi alle er klare til å handle på vegne av alle medlemmar som er i dag og dei for framtida.
Det viktige er at vi alle står saman og hjelpe der vi kan!!
Det blir bra ein dag, og då håpa eg NKK står støtt 🖤
Klem -Anja-
I og med dette innlegget vart påbegynt for nokre dagar sidan tok eg med ting som muleg ikkje er heilt relevant i og med regjeringa no jobbar med denne saka 🖤🖤🖤
Kanskje kjem dei med ein god pakke, men er det nok(?)...om så er det greit om vi alle er klare til å handle på vegne av alle medlemmar som er i dag og dei for framtida.
Det viktige er at vi alle står saman og hjelpe der vi kan!!
Det blir bra ein dag, og då håpa eg NKK står støtt 🖤
Klem -Anja-
I og med dette innlegget vart påbegynt for nokre dagar sidan tok eg med ting som muleg ikkje er heilt relevant i og med regjeringa no jobbar med denne saka 🖤🖤🖤
Eg kan ikkje ta med alt eg skreiv og sjølvsagt ikkje det andre skreiv på denne sida, men eg kan ta nokre utdrag:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar