...og det er fullt mogeleg den er ganske så kald, og eg ana heller ikkje om nokon tør å ta den imot..!
Eg er så einig i at vi skal skjerme idretten for barn og unge når vi står midt i ein pandemi det ikkje er mogeleg å sei når tid vi kjem utav. Men, det viktige no når smittetrykket er større må vel vere å få lov å ha litt aktivitet framføre ingenting.?
Eg ber ikkje om at vi skal halde borna våre inne og vekk ifrå aktivitet, men det stride mot all fornuft at vi skal spele med 10-12 andre spelara medan vi i utgangspunktet kun får ha 5 nærkontakter!
Vi skal ha minst mogeleg kontakt med andre gjennom vekene framover, men borna våre skal likevel kanskje ha oppi 50-70 nærkontakter (6 forskjellege kampar) i løpet av vekene før jul!!
Eller, kanskje eg har tatt heilt feil, men meina at ei nærkontakt er og rekne på denne måten:
Har ein hatt fysisk kontakt, eller vore nærare enn to meter i meir enn 15 minutt så reknast det som ein nærkontakt...
Så, då er det kanskje ikkje så vanskeleg å tenke seg til at om ein på handballbana er smitta utan symptom (vi høyre fleire borna og andre går med smitte utan symptom) vil alle spelerane på begge lag vere nærkontakter og deira familiar (muleg med nærkontakter). Det vil sei at det faktisk er ganske mange som blir berørt om ein frå ei anna bygd/by dreg med seg smitte på kamp.
Sjølv om vi alle følgje smittevernreglane så er det slik at handball er innandørs og alle saman tek i same ball, borna tek seg til ansiktet og slik vil smitten få spreie seg.
For eigen del står «mitt lag» oppført med kamp 13. desember mot Molde der det no pågår store utbrot og då stille eg spørsmålsteikn om det her verkeleg er nødvending??
Er det nødvendig å oppretthalde all aktivitet fram mot julehøgtida, for er det ikkje greit om borna våre får vere aktive lokalt og slippe auka fare for smitte akkurat no når trykket er og kan vere stort..!?
Eg ville sat stor pris på om vi fikk feire jul saman med dei næraste utan at to av oss kanskje må i karantene.
På min tur i fjellet i dag tidleg kom eg til å tenke på at det i periodar med mykje og djup snø kan det hende at hundane får bandtvang, og det for at dei ikkje skal vere til fare for rådyr etc. Det vise at det er naturelg at vi ser an forhalda, og når noko kan utgjer fare så stramma vi inn på reglane...
Eg sei ikkje at vi ikkje har stramma inn for det har blitt gjort, men sjølv kor flink vi er til å halde smittevernreglane utanfor bana så veit vi alle at det ikkje er mogeleg å spele handball utan fysisk kontakt.
Vi skal sjølve vurdere om arrangement er nødvendig...så, har vi nødt til å spele kamp slik det er akkurat no?
Vi skal også vurdere om reisene er nødvendig...då, tenke eg om det er nødvendig å reise til dei stadane smitta er større?
Eg ønska sjølvsagt at alt skal gå så normalt som mogeleg, men då må vi kanskje stramme inn nokre stadar. Det å fryse kampane i nokre få veker til etter nyttår vil ikkje få store konsekvensar for borna for det er mogeleg å trene nokre få veker utan kampaktivitet...
Mitt innspel før sonemøte i handballen:
«Med
tanke på møtet så må eg berre få meddele nokre tankar eg sjølv
har...
Eg
og heilt sikkert veldig mange andre vil nok at barne- og
ungdomsaktivitetar skal foregå som «normalt» slik at dei ikkje
blir råka meir enn høgst nødvendig.
Men,
og det er eit stort men i den tida vi no er i og eg har tenkt ein del
på det med kampar der vi møte folk frå forskjellege stadar...no
når vi dei siste vekene har hatt oppblomstring, og vi er få veker
frå jul så hadde det kanskje vore lurt å fryse kampaktiviteten
slik at flest mogeleg av oss får feire jul saman med dei næraste..!?
Ikkje
minst om vi alle tek ekstra omsyn i den tida vi er i så vil vi
kanskje unngå kraftig nedstenging igjen slik at vi alle kan samlast
og trene som vanleg framover og utover vinteren.
Ei
nedetenging vil kanskje føre til at det tek lengre tid før vi kjem
igang med trening igjen og enda lengre tid til kampaktivitet.
Det
er sjølvsagt ikkje med lett hjarte eg kjem med forslag om å fryse
kampane før jul, men det er kun med ønske om å kunne få behalde
alle i trening og sosialt felleskap framover...
Jula
er viktig for så mange av oss, og om vi tek små grep no kan den
kanskje få lov å vere eit stort høgdepunkt for det elles så
spesielle året 2020»
Mest av alt kunne ein tenke tanken om å grave seg ned i snøven til denne hersens pandemien er over...våkne til ein ny varm vår der vi kan få gå tilbake til ein litt meir normal kvardag, men enn så lenge så har vi mange rundt som vi må nødt til å tenke litt ekstra på...
Så når vi no faktisk står få veker frå jul midt i ein pandemi så skulle det ikkje vere så veldig vanskeleg å sei at vi no kan kaste ball, trene og få vere fysisk aktive saman med dei vi omgås til vanleg. Vi treng rett og slett ikkje kontakt på tvers av heile fylket!!
Eg har no igjen klart å kaste ein kald ball, men eg vil presisere at det ikkje er mot nokon for eg digga å få vere med borna på kamp...men, no kasta eg ein kald ball for alle dei som ikkje er rusta for å få dette viruset og om fleire vil ta imot så blir ballen varmare og vi kan saman verne om dei som treng det.
Trur dei aller fleste av oss vil ha ei fin jul saman med dei vi er glade i, og då må vi kunne ta litt kjipe avgjersle slik at det er mogeleg for dei aller fleste!!
Eg meina for all del ikkje å vere ein skikkeleg festbrems, men akkurat no synest eg det er nok med eit glas vin til maten så kan vi ta noko sterkare når det passa betre... ;)
Pandemien er her og den tek ikkje omsyn til nokon, men det kan VI - du og eg gjere...
Jula kjem og om alle tek ekstra omsyn framover så kan vi få smitta ned slik at flest mogeleg vil få ei fin jul trass ei rar tid ♥♥♥
Klem -Anja-