fredag 5. april 2013

Sanselige rom...

…Skjønne Franciska med bloggen – Franciskas Vakre Verden la igjen ei koselig helsing til meg 25. februar med ei oppfordring om å delta i ein konkurranse om å vinne premier og eventuelt få bilde i den nye boka «Sanselige Rom» som ho jobbar med no. 
Syns det er kjekt å av og til vere med på slikt, sjølv om vi verken har «kataloghus» eller er særleg «trendy», vi har kun min lille rare stil som for oss er heimeskoselig og slik trives vi, likar  at vi kan sette vårt må vel ta på meg all skyld og stakkars gubben som må finne seg i alt!! preg på det og ikkje ha det akkurat slik som alle andre, det er litt av sjarmen og «berre meg»...

Vi var i Thailand då og så blei eg liggande sjuke i nesten tre veker før vi for på hytta i påska ;) Så derfor blei eg ikkje med der, men i dag når eg var ein tur innom rommet til Katja tenkte eg at eg kanskje kunne som aller siste frist slenge meg med på «konkurransen» om å få med bilder i boka - her er det kjekt berre å delta…

Om dette kan vere Sanselige Rom veit eg ikkje, men her er ein del bilder frå skatten vår Katja sitt jenterom ♥♥♥ 

Det fine rosa dukkehuset nede til høgre som eg kjøpte for nåkken år sidan på Farmor Ingvarda  har enda sin plass på jenterommet...
På nattbordet vil ho ha ein blomst og lys ♥ ho brukar ikkje å ha det tent men det er koselig berre å ha det til pynt og ho gleda seg til ho får bruke det ein gang...Ramma har eit eldre bilde av Katja og Tim Are som eg tok på Alnes sommaren 2009...
Til ungdommen er ein sang vi har brukte masse til kvelden tidligare...men etter 22. juli har den blitt mindre brukt då det gjerne kjem snakk om dette emnet og det kan vi ta igjen på dagtid...
Vi kan skimte den vakre utsikta som Katja har frå vinduet sitt...
Denne «pusekatten» kom Katja heim med frå skulevegen i dag, ho meinte eg skulle ha den nede men den passa så godt med ho...
Den gamle skulebenken blir brukt til litt lekser og ikkje minst tegning, klipp og lim...
På eit jenterom høyrer det til bamser og gjerne mange - veffal på ditte jenterommet...
Liker veldig godt sengegjerdet til Katja og glad også ho gjer det, vi brukar å ommøblere og har dette i forskjellige variantar...
Det gamle nattbordet har eg arva etter mormor og morfar, veldig kjekt at Katja liker det og her har ho ein del av sine små skatter inni...
Litt av bamesamlinga henna...
Då Katja skulle slutte med «tutt» måtte eg vere litt  «kreativ» og då putta vi dei i ramme slik at ho kunne sjå på dei...
Kunna godt lagt i denne senga av og til trur den er enda bedre enn vår...
Småting å huske på og i dag var der eit navneskilt med tekst i finsk så her må besta hjelpe oss, eit bilde av Katja som lita, mars steinen på små sko, eit skilt «Always kiss me goodnight» og eit med «Sov du lille engel natten  den er god og trygg solen vekker deg i morgen med varme i ditt kinn»...


Vil samtidig ønske Franciska lykke til med arbeidet med boka Sanselige Rom og gleder meg til å lese den...
Ei lita kveldshelsing med bilder frå Katja sitt «lite krypinn» ♥♥♥ 
Klem Anja-




onsdag 3. april 2013

Fantastiske Langedrag

Igjen har vi tatt turen til denne fantastiske plassen ♥ Sjølv om eg er så fasinert av ulv er dette ein tur for alle!! Her er det flott natur, ein svær gard der du kan gå turar og sjå på flotte dyr, spise mat og ha skikkelig kvalitetstid…
Sette berre inn mange bilde så kan dåkke berre nyte den flotte garden med dei fantastiske dyra…Det er vel verd å ta ein tur – vi gleder oss til neste gang, men vi er sjølvsagt over gjennomsnittet glad og interessert i dyr og elskar vakker natur…

Når vi kom var det omvisning og begynte rett på gaupene...
Her er Tim, Katja og Eirin inne med reinsdyra og fjellreven...Eirin slippe nok ikkje unna med betegnelsen "dagens klovn" i dag heller :) Litt småtterier innimellom, her kjem reinsdyret med H O R N og ville ha mat med ho - sjå for deg det der ho berre kasta maten frå seg!! :) Love you lillesøstra mi ♥
På veg opp til dei sosialiserte ulvane - fantastiske Langedrag ♥

Her kjem bilder frå turen min inne i ulvegarden ♥ gleda meg til neste gang...
Katja, Ferdinand, Eirin og Tim følger med på oss som er inne med ulvane og jaggu kom der ein opp til dei også ;)
Takk for no ♥ håpar eg får komme igjen...
Tim var virkelig stor og tøff når han traff den minste ponnien...så kom det større etterkvart og ein var veldig ivrig på å sjekke om han hadde godbitar ;)
Dei aller største og dyrebare skattane mine har kost seg på garden igjen og dei vil svært gjerne komme igjen...
Gaupa ute å lusker på tur...Eirin tok film av den eine som gjekk å tøffa seg langs gjerdet ;)
Gjekk  bortom gaupene igjen før vi skulle gå og vakre er desse flotte dyra...
Vi satt nasen heimover men bilen kome seg ikkje så langt for litt nedi bakken såg vi disser skjønne (jepp, elgen også er skjønn!) dyra innanfor gjerdet. Eg måtte stoppe, tok med kameraet og gjekk bort for å "kose" med dei. Elgen laga nåkken rare lyda når eg klappa og klødde den...


Neste stopp var Bromma for å treffe alpakkane (som du kan sjå i forige innlegg)...
Håpar du har hatt ei koselig reise ♥♥♥
Klem -Anja-














tirsdag 2. april 2013

Du store alpakka...


♥ Alpakka ♥ love ♥
…ja og så flotte ♥ draumar kan bli virkelige og disse har eg vært svak for i «lang» tid og har hatt det som nummer en ønske om eg skulle få plass til det ein gang (har planer, må berre vite eksakt korsen eg skal få det til!). Timmen vår har lenge hatt store draumar om å få seg/bygge ein gard!! Men, no har han fått eit til dyr han berre MÅ ha…han prata om det resten av dagen og kvelden i «påskekø» heim til hytta, dagen etter prata han om sine alpakkaer i 9 timar på veg heim…han har store planar for desse vakre og herlige dyra, han dele sine planar med resten av familien og etter ein tur på sjukehuset tidligare i dag (kun prøvetakingar) så kjørte vi forbi «nåkke» og han peika og lurte på om «er det ein alpakkahenger mamma!?» ikkje lenge etter kom det igjen frå baksetet «mamma, vi må ta å få tak i oss ein alpakkatransport»…
We want an A L P A K K A...

Då han skulle i seng tok han fram farens iPad og skulle sjekke alpakkaer…herlig liten tasse og no har eg lovd han at ved første muligheit for å kunne ha det skal vi kjøpe oss veffal to stykke så om nåkken skulle sjå meg (ei tid fram) med nåkken bikkjer og ein alpakka eller to på tur så er dåkke hermed advart...det er då veffal ingen plutselig påfunn men eit godt gjennomtenkt «prosjekt»! - Eg gal sa du!? Litt, men berre litt...
Skulle nåkken tilfeldigvis vere på utkikk etter ein alpakka eller to vil eg anbefale dåkke å ta kontakt med AlpakkaBromma!!

♥ Love at firsth sight ♥

Ønska dåkke alle ein mjuk ♥ varm kveld…
Klem -Anja-


Hundeutstilling med Sunnmørsalpane som bakteppe!

Tilbakeblikk på helga...for dei som er rundt oss i TeamKvasneset vil eg dele nokre bilder. I dei vakre omgivnadane, og med vêrgudane som spe...