onsdag 11. juni 2014

Ubeskrivelig følelse


Eg har for første gang sia eg opererte ryggen i 2011 og 2012 vore på ein "topp"...ja, eg kalla Varden på Sulafjellet topp i dag, sjølv om eg ikkje ser på det  som ein av alle dei toppturane som eg drøyme om...Det er ikkje viktigheta av det å ha gått på toppturane, men det å få gå i fjellet og den magiske opplevinga og den spektakulære naturen!!...
Eg greide det endelig, det skulle i dag berre vere ein kjapp tur på Blåfjell, så ville eg gå derifra og opp til Vonhytta, og då ropte rett og slett fjellet til meg og eg måtte prøve!

Turen var fantastisk og eg var glad eg hadde tatt med litt fjellvatn i den lille flaska som ligg i taska på ryggen ;)
Då eg var nesten oppe kom tårene og eg hulka nesten...tenkte eg måtte ta meg sammen for der kom nåkken akkurat rett før meg, men gleda over å klare å komme opp er fantastisk, og ja eg innrømme at det var "litt" vondt også.
 Vi ser mot toppen...
 "Sky" nyte vinden på toppen...Ålesund i bakgrunnen :)
 Veret på veg frå Hareidlandet...
 "Sky" kosa seg i snøven men de var bratt og ikkje lett å rulle seg utan å gli...Fleire ganga sklei ho nedover og det var greit ho var festa i meg ;)
 Skreiv meg inn i boka, tok nåkken bilde og starta på heimvegen...kom meg ikkje langt bortover før regnet slusa ned, og kjente eg var nærare vårherre ettersom regnet var store dråpa som traff godt ;)  Så då var det berre å komme seg nedover med godt mot. Men, må innrømme at det blei verre og verre, gjekk Steinelvråsa ned for å sjå om det kunne bli betre, men det var så innigranskauen vondt at eg hadde mest lyst å berre legge meg ned.......men, ærlig talt Anja - det går jo ikkje an!
Nede ved bilen blei eg møtt av denne herlige fargeklatten...
 
Kan ikkje sei anna enn at det var godt å komme til bilen av to grunna, eg har hatt ein herlig tur og to ENDELIG nede!! ;)  På veg oppover gjekk eg forbi fleire og er faktisk i veldig god form, men nedover er eit kapittel for seg sjølv...Tenkte på det, før i tida blei folk flygd opp til von, om nåkken skulle opp no for tida så kan vel eg kanskje få sitte å ned igjen!?...
Eller sei som eg gjor då eg var på Lauparen "skule hatt fallskjerm å hivd "meg" utføre" - den gang "før i tida" var det hundane eg skulle sende ut for fjellet ,for då hadde eg ikkje problem med å komme meg ned...

Eg er berre så fantastisk lykkelig over at eg klarte dette og har ein draum om å klare nåkken "gode turar" før eg må operere igjen og ikkje minst etterpå...
Om eg går fire år tilbake i tid var det utenkelig at eg skulle ha slik følelse for å komme meg opp på Sula!!...Men, sånn kan livet endre seg og eg set så utrulig pris på det eg kan klare.

Det er ingen sjølvfølge at vi for alltid kan få gjer som vi vil, og spesielt dei flotte turane i fjellet har vore eit ekstra stort savn i over tre år...
Måtte berre dele dinne lille videoen av ho når ho prøve så godt å få rulla seg :))
Eg er på gang og håpa på fleire fine tura, men eg helde på å lære meg å posjonere så det skal eg fortsette med...
Ha ein turrik dag for den som har mulighet for det...

Ei litt stiviyggenkjerring avslutta dagen med grilling ved Vassetvatnet der vi hadde sommeravslutning for Katja si klasse :)
Klem -Anja-

tirsdag 10. juni 2014

Kjærleiken overvinn nesten alt

Ja det kan eg vel skrive på ein dag som denne...20 år ilag med min mann og gode venn ♡ 
Vår lille familie...Vi gifta oss i 1999 - mormora til Tom ville gjerne sjå oss gift før ho døde, og meinte på vi ikkje kunne vente til 10.06.2000 - å gjere den herlige dama ekstra glad var ingen problem og datoen blei 03.07.1999. Vi fekk Katja då vi hadde vore ilag snart 10 år - 10.03.2004 og Tim Are 4 år etter 05.01.2008...innimellom har nye hunda kome og andre forlatt oss, men kvar av dei har gitt oss stor glede
 

Vi er ikkje alltid så flinke å markere ting så eg tenkte meg ei vending i dag med middag ute etc., men å planlegge det!? njaaa, så feil kan ein altså ta!!
Dagen starta i natt på legevakta på sjukehuset ilag med mi kjære mor...vi skulle avslutte gårsdagen med ein flott fjelltur, vi stoppa og prata litt og vips kunne ikkje ho gå meir. Stod opp og for i barnehagen, innom små ærende før eg og mamsen avla ein visit på knappe fire tima på sjukehuset...ho hjelpe med når eg er dårlig og med andre ting det skulle jammen mangle om eg ikkje hjelp ho!! Men, hadde sett fram til at det blei nåkken år til eg skulle begynne å pleie ho da ;) hahaha...vi må flire litt innimellom og spesielt når ho sei der vi begge går vraltande rundt på sjukehuset "den blinde leier den svake" :)) Humøret har vi veffal både ned fjellet i går, på legevakta i natt og ikkje minst på sjukehuset :)


Sein Lunsj på Sunde - Bacalao i sola var ikkje feil!!

Henting i barnehagen...Innkjøp av grillmat og tur til barnehagen for sommeravslutning og grillfest!! Ja, så blei det veffal middag ute da!!......Ja, tanken var der, men ikkje lenge etter vi kom måtte Tom bli kjørt heim då han blei dårlig, ikkje fekk han med seg Tim Are`s velkomsttale ei heller sang og god mat, men pytt det viktigste har eg på "tape" :)
DIPLOM
TILDELES TIM ARE
Tim du begynte i bhg når du var 4 år, og det beriket dagen vår.
Du elsker å prate og har et godt humør, og har en mor som er blomsterdekoratør.
Du leker gjerne Ninja og har god fantasi, er det skuespiller du en dag skal bli?
Du drømmer om å bo på en bondegård, med dyr som alpakka, hund, katt og lammelår ;)
Pappa er din store helt, så å kjøre bossbil seinere kan også være aktuelt.
Lykke til på skolen, hilsen alle oss i Langevåg barnehage.
Flott avslutning og mor sjølv blei rørt av både førskulegruppa og ikkje minst Tim Are sin diplom som var spesialskrevet til han ♡♡♡ Tårene trilla, Katja og Ingeborg flira og meinte eg burde skjerpe med ;)
Vel heime fylte vi det store badekaret og den sandete barnehageguten skulle få seg eit lavendelbad i håp om at han sovna tidlig og godt...Etter begge barna våre var ferdig å boble var det dusjing av hår medan eg tappa ut 3-400 liter vatn...merka plutselig at eg stod i vatn!!! Shit!!...tett sluk og oversvømmelse var ein grei konklusjon ;) Fikk toppa i og begynt å sope vatn, stakkars Tom måtte opp av senga, eg tappa karet med bøtte, men han måtte hjelpe med sluken. Fikk vaska badet, men på ein litt anna måte enn eg først hadde tenkt!!...

Etter barna var i seng kunne eg melde på utstilling på Eid, så føle eg for å prøve på ein tur til Blåfjell...Kanskje burde eg vente til etter 24.00 då eg på denne dag for 6 år sidan strekte og sleit nåkken leddband i foten, fæle greier men kraup ned igjen og blei bra juni året etter :)))

Så no er denne dagen som eg planla skulle vere litt spesiell snart over og kan igjen konstantere at det blir "katastrofe" om eg skal prøve å markere nåkke! Så det beste er om eg fortsette som før og gjer det i "stillheit", har feira "meg sjølv" med konfirmasjon og bryllaup i løpet av disse 20 åra, det gjekk fint og var nok feiring for min del...
I dag var nesten så ein normal dag her i "villa kaos" på Skogly...Det er liksom slik at det alltid kjem nåkke ekstra, om det ikkje skjer tilfeldig klare eg å krote til litt ;) 

Bilde som eg fekk tilsendt av Martin...her er vi unge og lovande sommaren 1995!!..Det var samme året som vi trulova oss og ikkje minst blei foreldre for første gang til ein herlig gutt ein svart flat "Fonkebakken`s Damian Siko" - min første hund og far til "Bajas" som mange av dåkke sikkert har hørt om...
 
Må sei det er utrulig kor fort 20 år har gått, men når eg tenke meg om har vi fått inn utrulig masse på disse åra!! Mange opplevingar på godt og vondt, medgang og motgang, glede og sorg har det vore - og best av alt vi har komt oss gjennom det ilag. Ja, innimellom har vi hatt så masse at det kunne slite oss i frå kvarandre, men trur det meste berre har gjort oss sterkare.
Kan med handa på hjarte sei at eg fleire ganga har villa "fordufta" men dei som kjenne oss veit at dei grunnane ikkje har vore oss, men alt som har vore "rundt oss"...

Staheita mi er der og Tom si utholdenhet...Ja, han må ha det i bøtte og spann med alle mine påfunn og rare idear. Mang ein gang har han lurt på "koffor det" og "kva skal du med det"! Anlegg for gråe hår har du nok ikkje for då skulle dei vore der for lengst ;)
Viktig og høg prioritet har familien vore og dei siste åra har vi lagt stor vekt på svigerforeldra mine då dei har blitt eldre og sjuke...Det har vore viktig for oss at overskuddet har gått der for at dei skulle ha det best mulig.
Så har vi familien på mi side som vi har hatt det utrulig bra ilag med og vi prøve å ta vare på og stille opp for kvarandre ♡ er ufattelig takknemlig for å ha dåkke i livet våra, og utrulig glad i dåkke!!...
Bilder frå Grillfesten i barnehagen i dag - Katja og Tim Are er så glade i sitt lille søskenbarn Ferdinand...
Det er tre til i Bergen som vi savna og vil sjå enda meir til  
Har hatt litt omgang med få gode venner, men dei siste åra har vi hatt for få tima, men det har veffal snudd og herlig å ha meir og meir kontakt med venner igjen!!...

Til slutt...
Må vi ha fortida varmt i våre hjarte, den har gitt oss den styrka som vi treng for å leve i tida, og styrken til å draume og glede oss over det som kjem…Eg veit det ikkje alltid vil bli enkelt, men eg veit at vi kan stå samla i det som kjem…
Det er ikkje berre solskinsdagar, men dei skal varme oss for å stå imot når dagen blir kald. Vi har lært å leve etter det livet gir oss, og eg vil fortsette å smile gjennom tårer for å gjer smerter om til glede for at vi har kvarandre…
Husk, «Vår herre gir oss ikkje meir enn vi makta»…
Vår lille familie eit firkløver som betyr alt...Eg håpa vi skal få 20 nye gode og innhaldsrike år, eller!!?...
Så til alle, ta vare på kjærleiken ♡♡♡
Klem -Anja-

lørdag 7. juni 2014

Luseknekk

Har lagra på oppskrifta til den dag eg måtte trenge den...Den var vist i programet Grønn glede. Vi kjøpte vårt første hus i 1998 og med det kom det hage og blomster i krukker, og eg kan med handa på hjarte sei eg aldri har hatt lus på blomstrane...men, no oppdaga eg det på eine rosa i hagen, eg har laga til med litt meir blomster i krukker på ein anna del av hagen og det første som skjer er at lusa kjem.
Då var det berre å finne fram lusemiddeloppskrifta eg hadde gjømt på dataen!!
Rosa full i lus....håpe eg kan vise den seinare vakker og i full blomst ♥

Fann fram ei tilitersbøtte og blanda i hop halv mengde, helte over på sprayflaske og gjekk til åtak!! :)))
Det tok ikkje lange stunda før lusa var satt ut av spel, men du må huske å gjenta det kvar dag fram til du er heilt sikker på at du er kvitt problemet.
Det her funka veffal på den grønne bladlusa, eg er raus og spraya...husk la det virke til neste dag og spray igjen til lusa er vekk!!

- 10 l vann
- 2 dl grønnsåpe
- 3 dl rapsolje
- 1 ss bakepulver
- 2 dråper oppvaskmiddel

Lykke til og ha ein lusfri dag!!
Klem -Anja-

torsdag 5. juni 2014

Our Princess

...The one and only "Lavender Sky Black Brianta".
A lovely bitch in every way - fresh, fast, hardworking, easy to learn, socialize and yesa bit pretty :)
At the cabin this weekend we had a great time as usual, she walk around the cabin for it`s a great place for the four-legged.

"Sky" was signed on dogshow in Drammen on Sunday, but due lack of fur and wish she was a little thicker she was in the cabin while I and Katja were in attendance at the exhibition.

However, Katja had wanted to do some exercise With "Sky" on Monday so I got to see "Sky" in fine drive with a young and promising handler! :)
Not easy to get her to stand With "Mille" jumping around so I had to take over and still not great, but good training while Katja snapped some photos ...

Not easy to run With "Mille" hanging around...

Here some Pictures taken in Sunde...
 
Now I only hoped the fur will grow and that she gets a little more "fat" on the body ...
Hug -Anja-


☆ ☆ ☆ ☆ ☆
 
Ei herlig tispe på alle måta - frisk og rask, arbeidsom, lettlært, sosial og ja, litt pen :)
På hytta i helga storkosa ho seg som vanlig rundt hytta for der er det ekstra fritt for dei firbeinte.

"Sky" var påmeldt på utstilling i Drammen på søndag, men pga. manglande pels og skulle ønske ho litt tjukkare blei ho igjen på hytta medan eg og Katja var tilskuera på utstilling.
Men, Katja fekk lyst å trene litt på mandagen så då fekk eg sjå "Sky" i fint driv med ein ung og lovande handler!! :)
Ikkje lett å få ho til å stå med ei "Mille" svirrande rundt så eg måtte ta over likevel ikkje bra, men god trenig samtidig som Katja knipsa litt bilder...

No håpa eg berre pelsen vil gro og at ho får litt meir "fett" på skrotten...
Klem -Anja-

På tur med herlige barn

Ho mor har gjort klart for servering...
 
...til Blåfjell gjekk turen i dag :)
Katja og Ingeborg var klare etter skulen, jovisst skulle dei sjå eit program før turen, så medan dei såg på fylde dei muffinsformene med røre...ja, det blei røre både her og der, men syns jentene er flinke så ordna sjølve. Dei gjekk på butikken for å handle inn til middag og muffins...Medan eg klargjorde middagen, laga dei muffins og såg på tv.

Emrik blei med Tim Are frå barnehagen så dei fekk litt mat før vi tok turen opp til fjellet.

Utrulig bra å kunne ta med seg nystekte muffins, ei fin "gulrot" på toppen det...I dag blei vi der ei god stund, såg på turistskip og barna sprang rundt, leika, ropte og herja. Traff også ein sjukepleier som eg har hatt så god kontakt med på sjukehuset og ikkje minst her i Langevåg...ho he berre vore fantastisk støttande og er så glad for å ha kunne prata med ho innimellom...

Vel heime hadde Tom fått lasagnen i ovnen og vi kunne spise varm kveldsmat!!
Er så ufattelig heldig som har så herlige barn, og sjølvsagt snille og greie venna som blir med på tura ♥

Tim Are ser ned og prøva å få kontakt med vennen sin Heine som bor "rett der nede"...Det er både langt ned og bratt så lenger fekk han ikkje gå ;)
Fire kjekke barn som beundra utsikta...

Det er ikkje lett å gå på tur og veffal ikkje fjellet, men eg elska det og med vondt skal vondt fordrivast...du må ikkje bli forbausa om du treff meg på fjellet med rennande tårer...eg grin ikkje asså, dei berre kjem ta seg sjølv når det er så innigranskauen vondt!! ;)
 
Tim Are når vi starta på vegen oppover: "Du skjønna ho mamma klare ikkje å gå så fort for ho har så vondt i ryggen...men en dag blir ho bra og det blir fantastisk for ho!" :) Herlig den guten våra, så omtenksam og snill ♥♥♥Så Emrik: "Du går jo veldig fort for å ha knøkke ryggen!!" Prøvde å forklare han at den ikje var knekt men operert, og då ville han sjå arra...

Kjempeflinke barn som er kjekt å ha med seg på tur...Dei blir med når dei vil, kan ikkje ta dei med kvar dag i fare for at dei blir lei for det er kun lystbetont, og snart må vi på nye spennande plassa ;)
Klem -Anja-

onsdag 4. juni 2014

I disse ulvetide ☆


...Eg blir faktisk litt opptrekt, frustrert og ja blodtrykket mitt som er lavt plagsamt til tider blir litt forhøga når eg høyre eller lese litt om denne ulvedebatten.
Ja, eg vil faktisk ikkje at husdyra skal døy, men så må eg nemne at det akkurat no er ein ulv i området. Men, alle andre gangar saudene går seg utfor stup eller blir skada og døyr på annan måte da - det er vel like ille!!??...

Eg er for norsk mat, men vi bør tenke litt på korleis vi skal gjere det. Eg har mang ein gang kom køyrande og det står "husdyr" i vegen bak ein sving, det skapa farlege situasjonar, og det er sikkert fleire dyr som blir skadd og drepne på denne måten kvart år?...eg meina at vi kanskje bør snu litt og tenke at vi må passe betre på buskapen vår! Ja no er det vel ein del som blir sint eller provosert, men det er trass alt jobben til bøndene å passe jobben sin som i dette tilfelle er dyra. Skjønna at det er mykje anna jobb som skal gjerast på ein gard, men kva med inngjerding over større område? Eller kva med å gjete dei på ein slags måte??...
Her er sikkert i massevis av tiltak som kan gjerast, ja nåkke er sikkert litt kostbart, men då kan ein sjå på det litt høgre oppe og kunne gi tilskot for "vi" må jo betale for tapet av dyra likevel i tillegg til at det faktisk er liv som går tapt...

Eg forstår at det er leit for bøndene, tru meg!!
Men løysinga er ikkje å avlive ulven!!!!...bedøv dei og få dei i områda ulven kan vere, for vi treng sårt alt det genmaterialet som er av ulv i Norge!!
Med tanke på at vi skal utrydde ulven...Kvar er stoltheita vår!!???
Vi har ein fantastisk natur som vi er så stolte av og som vi sel ut til alle land for å få turismen, men kva skjer den dagen vi ikkje har "villskapen" og mangfoldet som gjer at vi har det landet vi har!?
Eg har alltid kunne tenke meg å reise på safari til Afrika. Men, kva hadde vel Afrika vore utan løvene, den fantastiske naturen og villskapen i alle dyra!??...
No må vi opne augene og hjarta våre, ta imot og ta vare på det naturen byr på!!
Vi må ha større genmateriale slik at det ikkje blir for masse innavl på ulven, og med det bør vi ha enda meir ulv i Norge enn vi har i dag!!...

Vi tek ei pause i lesinga, og ser på bilete av disse fantastiske ulvane som eg fanga i linsa på Langedrag i påska...Her har eg vore mange ganga og det er alltid like flott, naturlig og magisk ♥♥♥ Ja, så fortsette det litt til under bileta ;)


 
Eg trefte ei på fjellet som lurte på kva ho skulle gjer om ho treff ulven, eg gav ho gode råd om korleis ho skulle opptre og husk at ulven er reddare enn deg!!..
Eg kan med handa på hjarte sei at eg aldri før har vore i nærkontakt med eit flottare dyr...ja, gaupa er nokså nær ;) 
Tom, mannen min var utanfor hytta vår ved Vikersund ein sommar for tre-fire år sidan då han stoppa opp berre få meter frå ei gaupe, og slik stod dei ei stund å stirra på kvarandre før gaupa sprang i skogen...ja, eg som den eventyrlystne og dyre elskande personen gjekk til skogs og prøvde å liste meg så godt som råd, men gaupa var sjølvsagt langt vekk, eller kanskje berre stille nåkken meter frå meg?...

Så lenge dei ikkje føle seg trua vil dei ikkje gå til åtak. Om du begynne å springe vakna jaktinstinktet og fara for at det ville dyret vil komme etter er stor, snubla du og blir skada er du svak og eit lett bytte...enkelt og greitt slik er naturen og er vi varsam og tek omsyn til den så er den på lag med oss og det er plass til både menneske, husdyr og ville dyr!!...

For all del tenk for i dag og framtida, vi vil vel alle at våre barna og dei som kjem etter skal få  ha ein natur å vere stolt av og oppleve å ha det like flott som oss!? 

For å sei det slik...eg er verken redd for streifulv, gaupe eller elgen når eg går i skauen ved hytta vår..der kosa eg meg stort, men av og til dunka hjarte ekstra fort og det er faktisk når kyrne er i nærleiken!!! Veit du kor mange som er drepen av kyr dei siste 100 åra kontra ulv!!???...
Vil tru det kjem opp 0 på ulv, men kva med kyr? Men, har du statistikken vil eg gjerne ha den for eg veit at det faktisk er dei skjønne kyrne som er "farlegast" for oss mennesker spesielt om vi har med oss ein eller fleire firbeinte!!...
Så vi bør tenke oss om eit par ganga før vi berre plaffa ned stoltheten vår ♥♥♥

Ha ein dyrisk dag ♥♥♥
Klem -Anja-

tirsdag 3. juni 2014

NKK Drammen

Å sååååå deilig det var med ein dag på utstilling, og det i tillegg på det glade austlandet!! :) Å sitte i godt selskap å sjå på vakre hunder i eit herlig ver, kva meir kan ein ønskje seg ein søndag formiddag!!?

Eg og Katja reiste tidlig søndag morgon frå hytta vår ved Vikersund, etter ein liten kjøretur kunne vi ta plass rundt ringen i Drammen...Trangt om plassen, og korleis kan NKK ta inngangspenger for dei som ønska å sjå på, når det ikkje er plass til det ana eg ikkje, men vi klarte å finne plass..."Sky" satt vi igjen heime då det meste av pelsen låg igjen i dusjen, i tillegg til at ho er godt trent og slank så var det ingen god kombinasjon ;)
Var tenkt å ta ho med slik at andre fekk sjå ho, men det var så utrulig varmt og sjølv om ho hadde lagt ved beina mine ved ringen hadde ho det betre i skyggen på hytta. Trist var det å høre at ein hund omkom i bil på laurdagen - den varmen med hund i bil er katastrofe...
 Napada`s Kanto Libre
  Napada`s Kanto Libre
 
 Eit knippe vakre hunder frå venstre Hannemor`s Juvel, Rudskog`s Frozen Cranberry, Wildzeal World Of Warcraft, Comics Blue Night In Acapulco og Av-Zan-Iaz Ypperlige Zippo...
 Don`s Älskling På Vågen...
 Don`s Älskling På Vågen...
 Av-Zan-Iaz Noble Odin...
 Av-Zan-Iaz Ypperlige Zippo...
Comics Blue Night In Acapulco...
Dagens vakreste ekvipasje!!...Så kjekt å sjå Gina i ringen!! Fikk mamma Siv Julie også med i bakgrunnen... :)

Så utrulig kjekt å sjå igjen så mange kjente og kjekke "flatfolk"!! Skulle berre fått snakka enda meir med fleire rundt ringen :) Det blir jo alt for sjelden austover på utstilling pga kjøring og rygg ikkje er beste kombinasjon...
Men, håpe eg kjem meg nedover snart og gleda meg stort til neste gang!!

Blei ikkje så mange bilder, men nåkken blei det og måtte berre dele nåkken med dåkke!!
Klem -Anja-

Hundeutstilling med Sunnmørsalpane som bakteppe!

Tilbakeblikk på helga...for dei som er rundt oss i TeamKvasneset vil eg dele nokre bilder. I dei vakre omgivnadane, og med vêrgudane som spe...