onsdag 4. juni 2014

I disse ulvetide ☆


...Eg blir faktisk litt opptrekt, frustrert og ja blodtrykket mitt som er lavt plagsamt til tider blir litt forhøga når eg høyre eller lese litt om denne ulvedebatten.
Ja, eg vil faktisk ikkje at husdyra skal døy, men så må eg nemne at det akkurat no er ein ulv i området. Men, alle andre gangar saudene går seg utfor stup eller blir skada og døyr på annan måte da - det er vel like ille!!??...

Eg er for norsk mat, men vi bør tenke litt på korleis vi skal gjere det. Eg har mang ein gang kom køyrande og det står "husdyr" i vegen bak ein sving, det skapa farlege situasjonar, og det er sikkert fleire dyr som blir skadd og drepne på denne måten kvart år?...eg meina at vi kanskje bør snu litt og tenke at vi må passe betre på buskapen vår! Ja no er det vel ein del som blir sint eller provosert, men det er trass alt jobben til bøndene å passe jobben sin som i dette tilfelle er dyra. Skjønna at det er mykje anna jobb som skal gjerast på ein gard, men kva med inngjerding over større område? Eller kva med å gjete dei på ein slags måte??...
Her er sikkert i massevis av tiltak som kan gjerast, ja nåkke er sikkert litt kostbart, men då kan ein sjå på det litt høgre oppe og kunne gi tilskot for "vi" må jo betale for tapet av dyra likevel i tillegg til at det faktisk er liv som går tapt...

Eg forstår at det er leit for bøndene, tru meg!!
Men løysinga er ikkje å avlive ulven!!!!...bedøv dei og få dei i områda ulven kan vere, for vi treng sårt alt det genmaterialet som er av ulv i Norge!!
Med tanke på at vi skal utrydde ulven...Kvar er stoltheita vår!!???
Vi har ein fantastisk natur som vi er så stolte av og som vi sel ut til alle land for å få turismen, men kva skjer den dagen vi ikkje har "villskapen" og mangfoldet som gjer at vi har det landet vi har!?
Eg har alltid kunne tenke meg å reise på safari til Afrika. Men, kva hadde vel Afrika vore utan løvene, den fantastiske naturen og villskapen i alle dyra!??...
No må vi opne augene og hjarta våre, ta imot og ta vare på det naturen byr på!!
Vi må ha større genmateriale slik at det ikkje blir for masse innavl på ulven, og med det bør vi ha enda meir ulv i Norge enn vi har i dag!!...

Vi tek ei pause i lesinga, og ser på bilete av disse fantastiske ulvane som eg fanga i linsa på Langedrag i påska...Her har eg vore mange ganga og det er alltid like flott, naturlig og magisk ♥♥♥ Ja, så fortsette det litt til under bileta ;)


 
Eg trefte ei på fjellet som lurte på kva ho skulle gjer om ho treff ulven, eg gav ho gode råd om korleis ho skulle opptre og husk at ulven er reddare enn deg!!..
Eg kan med handa på hjarte sei at eg aldri før har vore i nærkontakt med eit flottare dyr...ja, gaupa er nokså nær ;) 
Tom, mannen min var utanfor hytta vår ved Vikersund ein sommar for tre-fire år sidan då han stoppa opp berre få meter frå ei gaupe, og slik stod dei ei stund å stirra på kvarandre før gaupa sprang i skogen...ja, eg som den eventyrlystne og dyre elskande personen gjekk til skogs og prøvde å liste meg så godt som råd, men gaupa var sjølvsagt langt vekk, eller kanskje berre stille nåkken meter frå meg?...

Så lenge dei ikkje føle seg trua vil dei ikkje gå til åtak. Om du begynne å springe vakna jaktinstinktet og fara for at det ville dyret vil komme etter er stor, snubla du og blir skada er du svak og eit lett bytte...enkelt og greitt slik er naturen og er vi varsam og tek omsyn til den så er den på lag med oss og det er plass til både menneske, husdyr og ville dyr!!...

For all del tenk for i dag og framtida, vi vil vel alle at våre barna og dei som kjem etter skal få  ha ein natur å vere stolt av og oppleve å ha det like flott som oss!? 

For å sei det slik...eg er verken redd for streifulv, gaupe eller elgen når eg går i skauen ved hytta vår..der kosa eg meg stort, men av og til dunka hjarte ekstra fort og det er faktisk når kyrne er i nærleiken!!! Veit du kor mange som er drepen av kyr dei siste 100 åra kontra ulv!!???...
Vil tru det kjem opp 0 på ulv, men kva med kyr? Men, har du statistikken vil eg gjerne ha den for eg veit at det faktisk er dei skjønne kyrne som er "farlegast" for oss mennesker spesielt om vi har med oss ein eller fleire firbeinte!!...
Så vi bør tenke oss om eit par ganga før vi berre plaffa ned stoltheten vår ♥♥♥

Ha ein dyrisk dag ♥♥♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...