Herlig dag på Flø der vi avslutta med tur på sanden...
Overraska over kjekke aktivitetar til og for barna og når ein kan tussle rundt i strålande ver på ein vakker plass ilag med dei beste folka så kunne det ikkje blitt betre...
Tim Are foran "the car"...
Her er barna på sirkus skule eller var det "drop in sirkus"...
Sitte på i traktorvogna var kjekt og det blei nåkken tura :)
Laga og mala skulptura i tre...
Eg og mamma kosa oss i solveggen å ser på barn mala...
Så blei det stopp på sandstranda og så fantastisk vakkert det er!!...ein av dei største for grunnane til å kunne kjøpe hus og flytte til Flø...kan jo vere i tankan e då veffal ;)
Her kjem det mange bilde av herlige glade barn ♥
Her kjem det mange bilde av herlige glade barn ♥
Dei "galne" har det godt ♥ besta i bølga...
Katja og Tim Are i farta...nesten så eg høyre skrattinga når eg ser bilda ♥
Tim Are erfarte at han måtte holde på hatten...
Spørs om "showet" er ferdig for denne gang...
Tom ute med kameraet utan vi visste det...her nyte vi berre plassen, veret og barna...Skjørtet måtte inntullast i beina ;)
Besten tok seg ein cowboystrekk...
Lille familien min ♥
Dette trur eg vi må prøve å få med oss fleire ganga og ikkje minst håpe vergudane spilla på lag atter ein gang...
Ein fin dag blei avslutta med ein fjelltur ilag med mi "heimkoma" lillesøster, og då gjorde eg også dagens gode gjerning i det eg klatra nåkken meter opp i eit tre for å redde ein katt!!.......Det må vel seiast at eg, Eirin og "Pekka" kom springande ned frå fjellet og der sprang katta foran oss og sjølvsagt klatra høgt opp i eit tre!! Redd så berre det, men kjære lille pusen du kan jo ikkje klatre opp om du ikkje klare å komme deg ned!!...
Ser ikkje så høgt ut, men ej måtte klatre og søstra mi var redd eg skulle dette ned, om det var ferdighetane mine som klatrer eller sjølve ryggen ho var redd for veit eg ikkje...Men, ingen lett jobb å få ein skrekkslagen katt ned frå eit tre...Ikkje klarte kan å snu seg utan å nesten dette ned, eller klatre ned på handa mi, men det gjekk til slutt :)
Så i dag har eg gjort ting eg ikkje har gjort på 25 år og jaggu klarte eg det også :)))
Sprek klem -Anja-
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar