torsdag 27. juni 2013

Nervar...kan vel ikkje stemme?!

…Å joda, det var det eg hadde i dag – etter litt «jobbing» med «oppvarming» bøy og tøy etc. for å vere mjuke i kroppen til  kjøre bil utan ekstra smertestillande fikk eg eit lite anfall av panikk – tenke seg til nesten som eksamen på skulen om ikkje verre!! Ut på oppkjøring med hengar utan å ha trena nåkke forutan ein tur å tømde ein full hengar i går kveld har det ikkje blitt noko kjøring med bil og hengar i det heile…

Syns liksom det funka heilt fint å køyre rundt om utan lappen eg, småturar til austlandet med 10 bikkjer etc. er jo ingen problem så lenge hengaren er godt festa…
Før eg for ut døra heime var nervane i heilspenn og ja, magen dansa polka rundt ræva…men det må visst til så la gå…

Etter ei lang venting på biltilsynet fekk eg betalt og så bar det rett til bilen for tilkopling og sikkerhets kontroll…Jauda nervane var der igjen! Hengeren var på og nasehjulet skulle på plass og då tek eg det bakover, men av alle ting berre snudde eg det framover, men måtte sjølvsagt snu det bakover igjen!!...Det her starta jo steik bra!! Sjekka lasta, lys og bremse og klar for køyretur etter spørsmåla der eg sto bom fast på eit av dei, omtåka av nervekoppane fabla eg meg til nåkke og då var det berre tut og køyr!!...Hit og dit, opp og ned, fram og tilbake – åååå hei kor det går!!…med «suparAnja» bak rattet må det vel gå bra ;) hahahaha…det var to ting eg hadde i tankane før eg satt meg bak rattet, halde fartsgrensa og eg må holde begge henda på rattet!! DET, ja det klarte eg faktisk ;)
Bestått!! :)
God snu og rygge ferdighet. YES!!
Bruker hjelpemann og instruerer godt, god plassering av hjelpemann.
Gjennomgående god observasjon, systematisk overblikk av slep og god planlegging. 
Var spent når vi var tilbake i Olsvika og ho spurte om eg hadde nåkke å sei, det var jo at eg fikk jernteppe på spørsmålet og følte meg ganske så dum…Elles kunna eg tenkt meg betre kryss ned til sjølve Oslvika!! Nåkken som er einig der eller??
Eg fekk skryt for køyringa mi og då blei eg jo kjempeglad!! ;) Nesten så gubben skulla ha søtte baki berre for å få høyre det!!...
I går når vi kjørte bort i bingsa fikk han ei overhøvling då eg spurte han til råds…Eg spurte kor det var best å plassere bilen for å snu, fekk til svar at «nei det må du finne ut sjølv» ;) Makan til sær gubbe, når eg spør så forventa eg at han hjelper – å blei rett DRITSUR!! Synn at eg ikkje klare å vere langsur for det gjekk vel to minutt så satt eg å flira…Hørtes veldig bra ut då ho snakka, så regna  med at meget god som blir brukt på ei hundeutstilling er droppa her i dinne samanheng ;)

Men no er det altså gjort, eg kan no kjøre henger med alle bilar og når eg tenke meg om var jo det ikkje sååå gale!!...belønna meg sjølv med to nye genserar og ein nydelig dobbel Lapresso ;)

Etter ein fin kveldstur er det på tide å få dinne skrotten her til sengs, slik er det med oss gamle ;)
Ha ein herlig kveld!!
Klem -Anja-

onsdag 26. juni 2013

Kan EG!?...Då kan veffal DU!!...

Heimen har blitt litt meir tilfeldig etter at eg starta butikk...Her er det lekkert sølvfat frå Nomi-Import, lys frå Vinding, Lekre peonar frå vår leverandør Primaflor og sist men ikkje minst lekker Pip krus...
Heilt klart!!...Har eg klart å drive denne butikken vil eg tru og sjølvsagt håper mange andre også kan!!...Eg må som sikkert mange har fått med seg snart takke for meg for drifta av butikken midt i hjarte av Langevåg sentrum :(  Det er overhode ikkje med lett hjarte eg må avvikle, men alt til si tid og no må helsa mi settast først…
Butikken har vore i sentrum i godt over 30 år!!...eg tok gladelig over stafettpinnen for snart 5 år sidan og skulle hatt den enda lengre om ikkje helsa mi svikta heilt.

Går du med tankar, idear og draumar..........kan ein kanskje berre sei «Hopp i det!!»

Livet er fylt av mange opp- og nåkken nedturar akkurat det same gjelde med drift av ein slik butikk…for å oppsummere kort litt av dei:
*Oppturar begynner med innkjøp av fantastiske varer frå mange forskjellige leverandørar, så skal ein pakke dei ut få dei i hyllene og lage utstillingar – det er jo rett koooos…så gjennom dagen får ein arbeide med det ein likar så veldig godt, og kan då ha interiør som jobb altså meir enn berre hobby. Gjennom dagane, vekene og åra har vi massevis av flotte kundar som koser seg med å sjå på alle fine tinga og har problem med å velje kva dei skal ha ;)
Eg kunna sikkert ramsa opp av flotte ting gjennom ei veke, men det kan jo berre tenkast…energi får ein i flust det har vore litt av det som har gitt med og holdt meg oppe dei to siste åra når ein får vere kreativ og jobbe med så masse fint.
*Nedturar kjem den dagen du innser at huset er for fullt og du fortsatt har lyst å gjere om å putte fleire ting inn i heimen…og når du har fått inn så mange fine plantar at du må kjøpe med eit par heim, som etter eit par daga slengande i vinden på trappa innser at du ikkje rakk å plante dei ned før dei dauda…………….Det er snakk om nedturar det!!
Men, den aller største nedturen min vil bli når eg stengjer dørene, og enda verre om eg då ikkje har funne nokon til å ta over stafettpinnen…Butikken har vore her så lenge at det vil vere eit stort tap for bygda og tilreisande å miste den!!...

Lokala butikken er i på ca. 215m2 totalt med lager og kontor er det ca. 325m2 er i Gavehusets eige. I første omgang har vi lagt lokalet ut for sal, men om det skulle vere av interesse å leige ser vi også på dette som eit alternativ.
Når eg valgte å legge den ut for sal var det med tanke på å kun selje lokala og ingen plikt til varelager etc.
Eg kan ikkje kalle meg ei businessdame så derfor ligg det ikkje heilt for meg det med å leige ut eigde lokale. Eg kunna sjølvsagt invitert inn fleire som kunne leige som lager, kontor eller kanskje hadde dette vore ypparlege lokale for eit VINMONOPOL – men der er eg då ikkje…eg vil helst at vi skal ha ein liknande butikk her i vågen.
Vi har Langevågs «beste» lokal og ligg jo midt i sentrum med inngang frå begge sider med bank, apotek og dagligvare rett ved.

Langevåg sentrum er i stor vekst og i tillegg er det stor tilflytting frå Ålesund og kommunane rundt, fleire og fleire legg handelen til Langevåg – så her er det stort potensiale og butikken er godt innarbeidd!!
Om du er ein person som elskar interiør, liker å omgås mennesker og utfolde deg kreativt – så har du ein once in a lifetime akkurat no!! Kjenne det kribla når eg skriv det – kunna det berre vore meg!!...


Om det er av interesse er det berre å ta kontakt med oss for spørsmål enten på mail eller telefon.
Du når meg på
anja@gavehuset.no eller 900 18 619
Blomsterbinderi er kjekt#vakkert#kreativit#ro#energigivende#glede...
 
Ha ein strålandes dag!!
Klem -Anja-

torsdag 20. juni 2013

Norsk husmannskost

Det første eg høyrer når «gubben» kjem inn døra er: «Steik kor godt her lukta!» Det lova veffal godt ;) Men om ditte går gjennom smaksganane til ein som er gjennombarka «norsk» i matvegen er heller vanskelig å vite…

I så fall må vel heimelaga kjøttkaker og kålstuing komme på menyen fleire ganga er aaaaalt for sjeldan etter hans meining og må vel sei meg einig…
Eg laga kjøttkakene av 1,4 kg kjøttdeig, 1 stor løk, 5 egg, 1 stor neve havregyn, 1 god ts. Muskat, 2 gode ts. Ingefær, akkurat passe salt og ein del render med peparkverna ;)
Kålstuing av nykål kutta i ruter som ein koka i ca. 15 min. tok av ein del av krafta til saus. Ein god klatt smør og ca. 4 ss med mel, ca. 2-3 dl mjølk, ¼ ts med muskat, ca. 1 ts salt og 10 runde med peparkverna ;)

Det var dagens store arbeid og er nesten klar for senga……….men må vel prøve å gå meg ein liten tur før eg stupe til køys…
Ha ein fin kveld!!
Klem -Anja-



Matbloggtoppen
-->

onsdag 19. juni 2013

Å slik går...


...no dagan ;)
Tida flyge no på våren og sommaren med alle aktivitetar, avslutningar og styr som høyre årstida til!... Ikkje minst blir det ekstra med det som skal gjerast ute med hagearbeid og vedlikehald i tillegg til det vanlige. Tenke ofte at no skal eg hive meg på blogginga og det er ikkje tomt for idear å skrive om for det er det som vanlig flust av, men det skofta heller på tid og ork  til å sette/legge seg ned å gjer det...innlegga er forma i hovudet på kveldsturane, men etter den og dei vanlige ryggøvelsane mine er dusjen neste stopp før senga. I kveld hadde eg planane klar med å ta dataen med i seng, men etter eit lengre besøk i underetasjen med mine kjære svigerforeldre som ikkje er heilt i slaget, for tida er det no svigerfar som er dårlig så blei kveldens "flotte" innlegg skippa igjen ;) men tenkte berre å gi eit livstegn har nok ikkje gidd opp enda via mobilen og lover å komme sterkare tilbake!!
Ha ein herlig kveld 💜💜💜
Klem -Anja-

lørdag 1. juni 2013

Nora ♥ etter 2 veker


Her «hilser» ho på hønene...
I dag to veker etter at «Nora» flytta ut og blei «fosterjente» på den aller beste plassen, ein draumeplass for både to- og firbeinte tok eg og Katja ein tur for  å helse på ;)
Ho har det alle tiders og har slått seg til ro og får full oppmerksomhet og kos som einaste firbeinte innom hus…
Sjekker ut sine nye venner - heilt avrøyta men fortsatt skinnende blank pels...
 Katja ville også mate hønene, men ho er litt meir prippen enn sin bror så ho gjor det frå utsida av hønsegården ;)
Her på det sentrale landet kan både to- og firbeinte leve sine glade dager!!
Timmen som sjølv skal ha gard var interessert i det meste og spurte og grov som berre han kan ;) Så fikk han køyre traktor, mate hønene, innom kyrne og ikkje minst sjekke kor melka kom...
 
Etter ein kaffikopp og litt «trening» var eg og Katja einige om at ho har det heilt fantastisk der og var heilt sikkert på at vi gjor det rette når vi satt ho ut…
Savnar ho gjer vi, men det er godt å savne ho når vi veit ho har det så bra  ♥♥♥
Klem –Anja-

torsdag 23. mai 2013

Politikk! - Kommunalpolitikk....

...Eg om det på bloggen min!?? Ja, etter å ha kjørt barna på skule og barnehage skulle eg sjå i lokalavisa og ta meg ein kopp kaffi - det skulla eg kanskje ikkje gjort ilag, for kaffien gjekk vrangt og blodtrykket steig oppover og bikka streken for det "normale"...

Først blei eg litt engasjert av den første artikkelen…
Men, då eg bladde om sida……….då rann blodet som flommen på austlandet og var nær ved å gå vegar det ikkje burde – ja, akkurat slik vatnet på austlandet! Når “det “ blodet får så kraftig reis, så kan ein berre sjå kva konsekvensar flaumen har fått full sympati med alle som er isolerte, alle som har fått verdiar øydelagte og håpar berre det ordnar seg fort og at ingen blir skadd!! - konsekvensen her er at dampen må ut og då er det greitt med eit “lite” bloginnlegg ;)
 
Sjølv med ei smilande Kiwidame mellom artiklane fekk det ikkje akkurat meg i “godlune”…
Når eg les “Millionar til data i skulen” som overskrift på andre artikkel blir eg nesten satt ut etter det nye eg hørte på veg til barnehagen i dag!! Joda, det at Sula Kommune no skal lage større klasser og kutte heile 6 lærarstillingar!!! Er det mulig spør eg!???
Vi kommunestyret kan no slå seg på brystkassa og sei seg nøgde med at vi har fått nye skular – og sei at det er tida for å fylle skulane med innhald!
Innhald? Sei dei!!...eg blir engasjert til tusan!! Dei skal kutte lærarstillingar og gjerne då dei yngste som er engasjerte og skal få elevane til å lære – fullare klasser for å vere sikker på at kunnskapen bli enda vanskelegare å nå ut med, så greitt å berre gi kvar elev ei ny maskin for det, DET lærer barna så mykje meir av!!
Fylle skulen med innhald? Eg meina på det sterkaste at dei rasserar den til fordel for litt meir fancy maskiner…
Når dei kan sei at utstyret i dag er for gammalt - Jauda eg såg det med det blåtte auge når eg var å omvisning på nye Langevåg skule, men det gjer då nytta si. Eg vil heller at mine barn skal ha gammalt utstyr enn midre lærarar pr. elev og dårlegare føresetnad for å lære.
For å sei frå at dei trengte nytt utstyr i skulen blei det sagt, sitat Sulaposten; “ Datautstyr kjøpt på fredag – var for gammalt på måndag”. Ja, men då er vel ikkje datautstyr som har så kort “levetid” første pri for våre barn!? – Nei, eg vel at vi skal satse pengar på lærarane!!
Om elevane må gå til dataskapa for å finne pc og at dei er av eit litt eldre slag tek dei vel ikkje store skaden av, men det å ikkje få med seg lærdom i ei overfylt klasse og kanskje “utdaterte” lærarar det tek dei faktisk skade av!! Missforstå meg rett, men eg har overhode ikkje noko imot å ha eldre lærarar!!

Håpar at folk tek tak i denne saka nåkke eg renar med folk har gjort!
Det er kanskje satt på spissen her og klart skal barna ha skikkelig materiell, men når der ikkje er nok folk til å lære dei å bruke det er vitsen vekk spør du med…
Ønskjer alle ein flott og lærerik dag!!
Klem -Anja-

mandag 20. mai 2013

Instagram


I går hadde vi ein herlig dag der eg vi var ute frå før ni på formiddagen til klokka nerma seg halv ti på kveden...Vi beisa, planta og kosa oss med pizza etc...
 
...Jepp, no både huska eg at eg er der og ikkje minst brukarnamn og passord ;) Kan ein kalle det at ein fekk dilla etter ein dag!??
Denne gangen tok eg same namn som bloggen min og det blir nok til at det blir blanding også på instagram med barn, hundar, butikk, huslige syssler og litt mat :) så om det kjem bilder på instagram som nåkken ønskjer oppskrift på kan eg berre legge det ut på bloggen her…
Vil du søke meg opp ligg eg under anjasskatter med lukka profil men vil sjølvsagt ha følgjera da ;)

Nåkken bilder frå starten av mi “instagramferd” – skal tru om det blir fleire!?...
 Bestefar på gråtassen, tulipan i hagen og fått på fontena med vann og lys...
 Blomster til Ferdinand sin barnedåp...
No er mandagen godt i gang og dagens bolla er ferdig og vi kan nyte sola ute...

Ønskjer dåkke alle ein herlig dag!!
Klem -Anja-

Hundeutstilling med Sunnmørsalpane som bakteppe!

Tilbakeblikk på helga...for dei som er rundt oss i TeamKvasneset vil eg dele nokre bilder. I dei vakre omgivnadane, og med vêrgudane som spe...