fredag 20. september 2013

Blomkål og Brokkolisuppe ♥ Go Green

...mmmm :)

Det er fredag ettermiddag og då ventar barna eigentleg berre på fredagspizza til kvelds. Men i dag ville eg ha nåkke godt rett etter barnehage, skule og jobb.
Blomkål og brokkolisuppe har eg hatt lyst på heile veka, men veret har væt så bra...ein pussig ting, men suppe smaka aller best når det er litt ruskevèr ute ;)

 
Blomkål og brokkolisuppe med bacon :)

* Skyll og kutt opp to brokkoli og to blomkål, la dei få eit lett oppkok.
* Sil av krafta, ta av ca. eit blomkål og stamp resten med stavmikser...
* Koko opp 1 liter vann med tre terninga kylling buljong. 
* Rør kål- og brokkoli"massa" inn i buljongen
* Tilsett 2 dl matfløte, vend inn resten av blomkålen og smak til med salt, pepper eventuelt anna godt krydder.


* Server i skål og dryss litt bacon på toppen...

Ser godt ut ka!??...og smaka enda bedre ;)

Ditta smaka nok spesielt godt ein sur haustkveld og då gjerne med litt stekt kantarell til...
Håpe du også lika det!!

Klem -Anja-

2 kommentarer:

  1. Ligger her midt på natta og surfer litt,og nå romler det nedi magen.Ser heilt nydelig,rett så det jeg må teste!!!!!!
    Takk for tips!!!
    Toveklem :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tenker det romla litt ekstra når du lese matoppskrifter ;)
      Veldig godt og metta godt!!...berre hyggelig :))

      Slett

Namna er klare

 …Kanskje på tide å få registrert dei når dei i dag er 7 veker inn i livet. Namna er klare og vi skal berre setje dei på dei forskjellige kv...