mandag 28. april 2014

Magisk dag ♥

Dagen har rett og slett vore magisk...
 
Den starta så herlig med ein tur rundt vatnet etc. der eg og mi kjære "Sky" var ute i halvanna time...Planen var eigentleg at min kjære skulle stå først opp og lage deilig søndags frukost, men når eg våkna lenge før alle andre må ein berre nytte dagen på den beste måten. Då eg kom heim vekte eg folket og Tom laga frukost etter barnas ønske...

Planen var kvitveisdagen, gjekk visst ikkje glipp av nåkke for mange som sa den var "skuffande" i år men Katja hadde glømt ein bursdagsinvitasjon på Leikeland, så vi for alle innover med ho og Emilie. Etter turen til Spjelkavika tok vi - meg, Tom, Tim Are og hundane å reiste på Sunde til mamma og pappa. Åååå så herlig med vindstille, og med herlig temperatur kosa vi oss på verandaen med middag og dessert, litt ut i hagen og på berga for å ta bilde av "Sky"...
Fantastisk utsikt frå berga ♥ Hjørundfjorden...
Tim Are klatra for å sjå ned på det han har mista...han har no nåkken som tar etter, så her må det passast ekstra på ;)
 
Etterkvart tok vi turen inn til Emblem for å besøke Nora og husfolket henna...
 Her blei det masse leik og det måtte til med nåkken drikkepause i varmen...
 Katja kosa med Nora og Sky...
 Katja ♥ Nora...
 Sky og Nora i farta!

Sky og Nora...

Der inne diska dei opp med fantastisk sjokoladekake det sei sitt når eg i løpet av kvelden spiste tre stykker!! vafler med herlig rørt jordbær, du kan tru vi kosa oss i godt selskap! :)
Vi storkosa oss store som små,Katja var litt sliten i starten, men når ho fikk fylt opp igjen med litt energi blei det både klatring i tre, slenge, disse og leik med hundane. Til slutt blei det tur i fjøsen og der fikk dei mate og stelle med dyra og i tillegg gi ein to dagers kalv flaske ♥ Her gjekk hundane lause heile tida og det gjer "Nora" til daglig...Tenke seg til å kunne bo ein slik plass!! Eg fortsette å drøyme, for draumar kan faktisk gå i oppfyllelse...

I mellomtida får vi bo her vi bor og håpe det ein gang dukka opp drøymeplassen for oss :)
 Katja klatra i eit "kjempetre"...
 Ein todagers gammal skjønn kvigekalv suge på tommel...
 Spennande og kjekt inne med dei små kalvane...
 Her legge dei utover strø slik at det ikkje blir glatt for kalvane...
 To glade gutar som kosete seg i fjøsen...
 Tim Are fekk god hjelp og veiledning av Sebastian i det han begynte å mate kalven...
 
 Katja kosa seg på dissa...
Her er det sjekking av høns og skal tru om dei fann nåkken egg?...

Fin avslutning på ein fantastisk dg då eg og mi kjære mor hadde oss ein skikkelig trimtur på Lervågfjellet før ho kjørte meg heim...

Eg øsnka fleire slike daga ♥lig velkommen...
Klem -Anja-

lørdag 26. april 2014

Familiekos i vårsola

Atter ein herlig dag her på Sunnmøre er over. Eg tenkte først på ein fin familietur i terrenget, men i dag hadde Tom store plana for masse jobbing ute...men vi gjor nåkke heilt anna!! Så istaden tok vi turen opp på Sloghaugvegen å henta svigermor hit, eg stekte vafler og tina syltetøy, god drikke, tok med ut blad og vi berre kosa oss nesten som "i gamle dager".
Vi var ute å kosa oss i nåkken tima og farmor hadde ein super dag ♥ ho var i så godt humør og storkosa seg ute, eg tok på ho ei god jakke då vi for og ho syns det var kaldt med ein gang vi kom ut, etterkvart kasta ho jakka i den lune kråa rett ved trappa opp til huset. Ikkje den finaste plassen å sitte men den mest lune og det var viktigst i dag.
Så kjekt når ho er i så fin form og godt humør i dag kalte ho meg gulljenta si igjen og det er jo godt da...
 Kjekt å ha farmor på besøk...

 Tim Are i kjent positur på tur med rullatoren...Kjekt ute når han kunne rulle litt nedover ;)
 Farmor som lese interiørblad...ho syns der var litt for både ung og gammel :)
 Finaste og koseligste blomstrane som er plukka av barnehender...Katja som kom med blomster for nåkken daga sidan. Må nevne at dei stod på kjøkkenbenken før eg tok dei med ut. Eg vaska og vaska alt på og ved kjøkkenbenken i går og lurte på kva som lukta slik, heilt til eg tok liljene opp til nasa ;)

Ho sa fleire ganga at ho hadde det bra der ho bor no, men lurte også på om vi kunne lage til eit rom til ho for det var kun det ho trengte ;)

Vi får håpe det blir fleire slike daga i løpet av sommaren ♥♥♥
Vårlig klem...
-Anja-

Ny herlig solskinnsdag ♥

Har dei siste dagane nytt sola det eg kunne når eg ikkje har vore hit og dit med lega, fysio og undersøkelsar. Å kor fantastisk vårver det har vore og håpa det fortsette, men er litt redd det er sommaren vi har no...Derfor har eg prioritert å vere ute å "rydde" litt og ordne med plantar, beisa hytta i hagen og du og du kor deilig det var å få ny farge på den!!...
Herlig grå farge...vi hadde tyrilin tjærebeis som var ein skrikande oransjfarge pga at det er høvla material...Det her blei det litt meir ro over :)
Tim Are sitt "kongebord" med krone, muscari og skjønne viola...
 
Då eg fekk besøk i går skjønte ho nok at eg har hatt utetid og ikkje rydda og shina i heimen!! For her var det sammenbretta klede på heile spisebordet ja vaske klede må ein gjer sjølv om sola skinne, tørkestativ på stua, hundehår og litt sand inntråkka av barneføtter, puter i ein dunge i soffan, halvdaude blomstra i vasen på bordet. Huff, ikkje akkurat slik eg likar det og er komfortabel med, men eg klare ikkje ta både ute og inne samtidig så slik er det med den saken ;) Rett og slett alt til si tid...
 Gårsdagens DIY - stige som eg laga av drivved til den nye rosebuska som eg kjøpte i går...
Her blei det nyplanting, så om klatrerosa treng oppbinding kan eg feste den til stigen...

...I dag var det tidlig påan sjølv på ein lørdag!! Var innkalla til MR på sjukehuset i dag tidlig, måtte opp og hoppe i dusjen, lufte hund, kjøre til sjukehuset der eg hadde heile vegen for meg sjølv og eg kunne nyte kjøreturen med å sjå på landskapet der sola bade seg i sjøen og sklir så fint nedover fjellsidene!!...Ååååå så fantastisk vakkert vi har det her på Sunnmøre!! :)
Var heime igjen rett over ni og har no hatt meg ein betre frukost jadda resta frå fredagkveldens reker og vurdera no å få resten av husets tobeinte opp av senga ;) Har lyst å finne på nåkke...eigentleg har vi massevis av ting som burde vore gjort både i og rundt huset, men slike daga skal vel nytast!??
Kunne tenke meg ein tur til Runde, skal tru om dei andre har lyst å vere med? Gjekk inn i senga og fekk eit NEI for her skulle det visst beisast. I morra er det Kvitveisdagen her i Langevåg med aktivitetar rudt vatnet, så då blir det dagens aktivitet og etterpå skal vi på Emblem til "Nora" og husfolket henna :))) Det er så utrulig koselig der inne, både folka og ikkje minst plassen - åååå slik kunna eg også tenkt meg å budd!!...Gleda meg til å sjå kalven som var fødd i går og overraskelsen til Tim Are er at han skal få mate den med tåteflaske!...

Håper du også har ein solrik dag ♥♥♥
Klem -Anja-

torsdag 17. april 2014

Herlig musliterte

Satt å koste meg med boligpluss og ein kopp te på kjøkkenbenken med sola steikende gjennom vinduet...
Las der om tertefest til frukost, middag og dessert!!...kan det gå an da!?
Det her måtte berre prøvast eg som er så glad i musli til frukost. Måtte til innkjøp av musliblanding for mi eiga heimelaga står igjen på benken heime i Langevåg.

Leita lenge og vel etter store terteformer i heile Vikersund og Hønefoss, fann nåkken runde på Jernia i Vikersund...men etter eit besøk på Buskerud Storsenter fann eg dei superskjønne hjertespringformene 💜
Den måtte sjølvsagt nyttast på favorittplassen min...

Når dagen starta sånn litt over seks har eg god tid til sånn syssel før resten av gjengen våkna...når kroppen kjem seg i gang får eg både lufta hunda, vaska opp og slappa av på 
favorittplassen stille og rolig ;)

"Sommerlig frokostterte" frå #Boligpluss...
Ditte trenge du til fire personar...eg brukte ikkje melis og så masse sukker...

BASE
- 180 gr. ferdigblandet mysli
- 2 ss sukker
- 1 klype kanel
- 75 gr. smør

YOGHURTFYLL
- 2,5 dl. gresk yoghurt naturell
- 1 stort egg, lett vispet
- 1 ss sukker
- frøene fra en vaniljestang
- 1 mango i skiver, uten skall
- 50 gr. bjørnebær
- 50 gr. bringebær
- melis
1. Forvarm ovnen til 180 grader. Bland alle indigridiensene til tertebasen i en bolle og bland godt. Fordel blandingen på fire terteformer, 10 cm diameter. Stek i ovnen i 5 minutter til de er lett ristet.
2. Bland alle indigridiensene til yoghurtfyllet og fordel blandingen over i terteformene. Stek i ovnen i 15-20 minutter.
3. Pynt tertene med rikelig mengder mango, bjørnebær og bringebær. Strø litt melis over til slutt og server. 

Utrulig godt både til frukost og lunsj og eg heiv oppå rikelig med mango og bringebær (hadde ikkje bjørnebær)...

Vil anbefale å kjøpe månedens Boligpluss for mange fristende oppskrifter og ikkje minst herlig inspirasjon...

Terteklem 💜
-Anja-

fredag 11. april 2014

Footprints In The Sand...

http://www.youtube.com/watch?v=zAOCf_ZOMbk&feature=youtu.be
Tim Are og Bajas på Vaksvikjellet hausten 2009...

Er det nåkken som har lagt igjen fotavtrykk så må det vere dinne gromgutten våra...Ufattelig stille og tomt i huset i dag, ingen eg, snubla over, ingen varm snute på låret mitt, ingen som sitte å ser på meg med bedende auge...Men, Sky er her heldigvis og ho har litt på sine skuldre der ho skal ta opp igjen arven til sin fantastiske far ♥ men, heldigvis er ho seg sjølv og slik skal det vere, men litt ekstra må ho vere ei stund framover!!...

"Bajas, du har etterlatt fantastiske poteavtrykk i hjertet mitt"!!
Skulle gjort masse for å få ein liknande hund igjen..Kanskje vi kan vere heldige når datter forhåpentligvis skal ha valper og drøymer om eit kull etter ein sønn av han ♥


Har tatt fram litt forskjellige bilder og sett på litt eldre bilde då barna var små og Bajas like ved ♥ Skal prøve å få eit nytt system i alle bilda mine kanskje no i påska. Er slik at når systemet er nesten i orden blir eg ikkje heilt ferdig også blir det rot igjen...
 
 
Her er veffal nåkken bilde av tida vår med Bajas ♥ og vakker sang av Leona Lewis...

Fikk problem med å laste inn videoen her så la den inn på youtube og linka herifå... 

De blei ein veldig spesiell dag 10. april 2014...orka ikkje å snakke med så mange og de gjekk i kos, bildesjåing og vakker musikk...

Tårevåtklem...
-Anja-

torsdag 10. april 2014

Min siste tur med verdens beste ♥♥♥

I går måtte eg reise heim frå dyrlegen med uforretta sak då dyrlegen sjekka Bajas og syns at han på få daga var blitt redusert og meinte vi tenke på at tida hans var komen...
Eg for inn til mamma og pappa, der tok eg med meg Bajas ein tur i "hauge" og satt oss ned på berga, berre sjøen og fuglane laga lyd og Bajas satt ved sida mi og kvila hovudet på skuldra mi ♥ Han virka som normal og nesten litt for fin form for å kunne tenke på at ditte er slutten...men, i dag tidlig var han enda meir redusert så det var nok dei siste kreftene han brukte på at vi skulle få ei herlig stund for oss sjølve...
Bilda frå min siste tur med min kjæraste venn ♥


...Å for ein dag det ar vore i dag, ein dag med masse skriking, fin musikk, stille og rolig - berre siste kos med verdens beste venn ♥
No i kveld har vi sagt takk for alt til våre aller beste og heilt unike "Bajas"...og det er ikkje lite denne fantastiske hunden har gitt oss av glede, opplevingar, turar i skog og fjell, mange mil på vegen i jakt etter cert, og masse meir kunne ramsast opp. Men, størst av alt er det han har gitt oss her i huset med omsorg i mange tunge tider  han har vore der ved sida mi dei siste åra når eg har trengt det som mest...Han har forstått situasjonen meir enn nåkken andre med sin varme snute og kloke auge har han søtte ved senga mi, lagt ved føttene mine, og alltid "hørt meg"...Det skulle berre mangle om du ikkje fikk sovne inn i fanget mitt i kveld ♥

Ufattelig vondt å no måtte la han få slippe, men det er vel vår plikt å seie stopp når dagen er der...Det har vore ufattelig vondt for oss alle fire i dag ♥ vi alle har vore forberedt på denne dagen, men vi hadde håpt å få kunne ha han her med oss ei lita stund til...

Måtte prøve å få med meg og Bajas ilag så men kvaliteten er der etter...
Du nøyde deg ikkje berre med å sjå på meg ♥

Vi nyte utsikta ein siste gang ♥

Bajas kvila hovudet på arma mi ♥

Tusen takk kjæraste Bajas ♥ du vil alltid ha ein spesiell plass  i hjertet mitt og håper du har det bra på dei grønne og evige jaktmarker...Gleda av å ha ein slik hund gjer at det er så ufattelig vondt akkurat no...

Takk ♥♥♥

tirsdag 8. april 2014

Kjem for salg!!...

Eg har trua på at vi skal få ein kjøpar som kan forvalte desse flotte lokala på den beste måen...Nydelig utsikt er det også, ser heile Breisundet...
 
...Det var veldig vemodig å legge ned butikken og etter mange månader er savnet etter butikken stor, men det var rett avgjerelse!!...Vil helst berre kunne starte med butikk igjen med ein gang, men etter siste sjukehusbesøk i Oslo 2. april er det heilt umulig med dei svara eg fekk der!...
Men, då vi holdt på med utsalg var det fleire interesse for butikken og ønske mitt heile tida har vore å selge lokalet, men andre meinte på at eg absolutt burde sitte på dei...Forma mi er ikkje betre og eg har for ei tid sida fått med meg min kjære på at vi legg lokala ut for sal!...Vi har for ei tid sida vore i kontakt med megler, og etter påske er det nok snart klar for å lege dei ut.
Store gode vindu på begge sider av lokalet...

Vi hadde stor interesse for lokala i den tida vi la ned så eg håpa at det fortsatt er nåkken som kunne tenke seg det flotte lokalet helst vil eg og sikkert andre at det vil vere butikkdrift her men nåkken spurte meg om eg ikkje ville lage leilighet der, sjølv om det ikkje passa oss er det sikkert muligheter for det også.
Det er store og gode lokaler som man kan bruke som dei er i dag eller ein kan for eksempel dele dei opp i små seksjonar for kontor og butikkar...Her er det mange muligheter.


Satt å skulle finne bilder av lokalet og her blei det masse mimring og ikkje minst blei savnet etter butikken "min" enda større!!...

Om du skulle lure på nåkke ang lokalet som er i Stadsnesvegen 17, seksjon 1 er det berre å ringe eller sende ein email til anja@kvasneset.com

Sjekk ut vår facebookside og spre den gjerne!! :)

Måtte det finnast ein lysten eigar ein plass der ute!! :)
Klem -Anja-

torsdag 3. april 2014

Oslo tur/retur

Opp tidlig for å kjøre til Vigra, måtte kjøre ekstra tidlig for å slippe køa så dermed litt ekstra tid å slå ihjel der...
Mamma og pappa passa barna, for å gjere det enklest mulig overnatte dei på Sunde slik at dei slapp å stå så tidelig opp. Så utrulig glad for at vi har dei som kan hjelpe når det trengst, så hadde Katja og tante Eirin ei fin treningsøkt i går kveld ❤

Flyturen gjekk ganske så greit...satt meg ned i flyet etterkvart blei det voldsomme smerter og med dei kom kvalmen, då er det godt å ha med ledsager som ga meg spypose og "dulla" med meg ;) heldigvis fekk eg ikkje bruk for den posen...
Selfie av herr og fru på "venterommet"...

I Oslo tok vi ein lunsj på Egon før vi tussla oss mot Ullevål Sykehus...litt småspent på kva som kunne møte oss, mange spørsmål i hovudet og dei største er må eg leve i eit slikt smertehelvete resten av livet? Er det nåkke som kan gjerast og kan eg bli bra?.. 
Det virka som ein god overlege som passa på å ikkje ville gi forventningar som han ikkje kunne halde. Han sa at det var dumt om han virka veldig negativ, men han var realist!!...Det er vel akkurat slik eg håpa at det skulle vere, ein som sa tinga rett ut utan nåkke rosa skyer i lufta!!
"Litt kjipt" er vel å ta rikelig av for sannhten er det å høre at man ikkje kan bli bra!!.........men, etter bikka tre år med konstante smerter og til tider uutholdelige smerter som kan gjere einkvar person gal ja, så da er det ein grunn til at her er "litt" galskap! sjølv med ein god dose smertelindring.

Det er også godt å høre frå enda ein lege at det er bra eg skal på utstilling i mai, du får ta ekstra med tabletter så du klare å springe og buke nåkken daga på å komme deg igjen!! :)
Ja, for det er slik at når man bruker seg kjem smertene som kasta på meg etterpå, men det er jo såååååå viktig å holde seg "oppegåande" og gjer ting som gir ein mental påfylling, så får ein ta litt ekstra etterpå...


Vi er i ei tenkeboks no, ingen rosa boble akkurat, men...veit liksom ikkje heilt kva vi skal gjer, er det slik at eg skal leve nåkken år så må vi gjer nåkke for situasjonen vår er heilt uholdbar med smerter, smertelinding bivirkningar etc. Eg er ein person som har store forventningar til kva eg som person kan og skal gjere, desse må eg visst tenke over og begynne å jekke - mi kjære storesøster pressa litt på her og meina eg må innfinne meg med situasjonen og skjønne at eg ikkje klarer og kan gjer alt!...Åååååååååååå eg må innrømme at eg blir litt frustrert over det!! ;)

Eg har tre valg eg må tenke gjennom og det blir spennede å sjå kva vi kjem fram til. Eg har fått "lovnad" om at eg faktisk ikkje kan bli verre, og det er jo veldig bra...Men han kan ikkje love meg betring, men når eg har så store invalidiserande smerter så ville han forsøkt med valg 2 eller 3 for det kan vere at det kan betre kvardagen litt og faktisk berre litt betring hjelpe i det lange løp.
Mitt hovudfokus har vore å ikkje bli liggande, låse meg inne og sjå mørkt på livet...Eg leve ein gang og vil vere her for barna våre mannen min, familien og ikkje minst hundane som gir meg så fantastisk masse, dei er rekreasjonen min og eg veit ikkje kva eg hadde gjort utan dei disse tre åra...Det dei har vore god for er at eg tek dei meg ut på tur og eg får utløp for frustrasjonen min og kan slenge ut med forskjellig, så slippe mine næraste å få alt!! :)

Det spørst om det ikkje går mot ein stor operasjon igjen i sommer...men blir litt endringar frå dei andre operasjonane, no blir det i Oslo på ukjent plass og ukjente helsepersonell. Ja, så blir det litt dumt å ikkje ha mine kjære rundt meg, men ingenting som kan vere betre enn at eg blir litt bedre etterpå slik at dei kan få enda større glede av meg når eg er til stades!...
I går når vi kom til Sunde for å hente barna kom Timmen hylende av glede mot medgog hoppa rett i fanget på meg!! Hadde kun vore vekk eit døgn men gleda var sikkert stor for å sjå mamsen på to bein ❤
Galningane på venterommet...nydelige blomster på blomstertorget...
 
Elles hadde vi ein fin dag i Oslo med lunsj før sjukehusbesøk, så gjekk det vel to tima på sjukehuset...Tilbake i sentrum shoppa vi litt til barna vi var kun innom ein butikk, var innom blomstertorget ❤ og så var det så kjekt å treffe Finn Arild igjen!!...Middag og heim, ein lag dag og det kjennes på kroppen, men deilig å få lufte seg litt :)
Bajas og Tim Are i haustferien 2014...
Skreiv innlegg i går når eg kom meg i seng, men blei så trøtt at det ikkje blei heilt ferdig...
I dag er bekymringa mi Bajas ❤ etter fleire skada trudde eg at han hadde fått nok og berre skulle få kvile og ha det godt siste tida. I går kveld halta han når vi kom heim (mamma og barna var her nåkken tima før og ingenting å sjå då) og i dag har han problem med å gå på høgre framfot og vil dette litt bakpå...Det er andre foten enn den i fjor som blei heilt fin etter operasjon.
Hadde håpt det skulle ver nok på han no!!...Har liksom tatt oss av alle skadane for han har virka så frisk og i superform, men føle at den superforma er borte og er heilt fotvilt på kva eg gjer no ❤❤❤


Litt småbekymra men ser fortsatt "lyst på livet"...
Klem -Anja-

Namna er klare

 …Kanskje på tide å få registrert dei når dei i dag er 7 veker inn i livet. Namna er klare og vi skal berre setje dei på dei forskjellige kv...