Dagen i går ligna eigentleg lite på ein "vanleg" nyttårsaften, men vi gjekk heldigvis inn i det nye året med greit humør og med gode tanka for det nye året!!
Eg var litt på jobb før vi måtte ein kjapp tur innom dyrebutikken
Så tok eg og Katja oss god tid med å besøke fleire gravsted godt å kunne avslutte året med å besøke dei ein tenke ofte på i det daglige. Vi besøkte også nåkken gravsted der vi tenke like masse på dei som sit igjen...
Middag ilag med tre av mine søsken og alle tantebana...Tom var heime å passa valper i litt mindre god form...
Mine to største og mest dyrebare skatta ♥♥♥
Alle 6 søskenbarna samla ♥♥♥
Tim Are laga ablegøye for kvar blitz som gjekk av...jadda til mamsens fortvilelse, men slik er kvardagen med normal galskap!! ;)
Tim Are laga ablegøye for kvar blitz som gjekk av...jadda til mamsens fortvilelse, men slik er kvardagen med normal galskap!! ;)
Vi kom tidlig heim og slengde oss på soffan alle sammen der vi fikk med oss AMA og litt anna underhaldning. Tim Are var iherdig i forsøket med å hallde hundane rolige og det funka sjølvsagt :) Ingen tegn til stress...her låg dei rundt oss som slakt og innimellom i soffan for litt kos.
Tim are og Nora koser seg på stuegulvet...Katja har kjøpt inn nye godbiter og Sky bære rundt på vannskåla - jepp vann utover kjøkkengulvet ;)
Då klokka nærma seg tolv for eg og Tim Are på soverommet med alle 12 hundane ;) Jadda 9 av dei er valpane der såg vi The Holiday og kosa oss. Tom lurte på om vi ikkje skulle skru ned, men med passelig høgt slapp dei å høre så mange hyl, men då eg tok for gardina og tok nåkken bilde var dei nysgjerrig dei også.
Nora dia valper og Sky sjekka ut om alt er greit...
Sky følge med på filmen...
Hundane har ikkje for vane å vere i senga...men i går hoppa Sky og Mille oppi og fekk kose seg der uvitande om det som skjedde ute...Så vasking av sengtøy i dag 1. nyttårsdag ;)
Ikkje akkurat det enkleste å få greie bilde gjennom soveromsvinduet/døra, men det er nå litt av stemninga likevel...
Vi gjekk inn i det nye året uten bekymring for hundane og vi gleda oss over blanke ark med nye opplevingar og på leit etter nye skattar ♥♥♥
Måtte de alle gå det nye året i møte med meir openhet, tanke og omsorg for dei rundt deg, mindre smerter, lettere sorger og ein heil haug med glede, nye gode minne og eit lass med godhet!!...
Klem -Anja-
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar