fredag 27. februar 2015

Ein slags Karlson på taket

...Nja vi kan samanliknast på fleire måta eg og denne hr Karlson. Først er vi vel passelig tjukke begge to, han har propell på ryggen og eg har den i heile kroppen eg har plaster på ryggen!!...Medan han er litt småfrekk og sur, er eg kanskje litt fleipete og blid :)))
Jauda litt forskjell er det likevel men i dag festa eg meg mest til likheitane... Eg har no bandasje på ryggen dog litt lengre ned enn Karlson hadde sin propell...der eg frå før hadde innsving på ryggen har eg no fått ganske så stor hevelse, men det er nok ikkje så rart etter så godt som dei har røska i den. Kan sei det slik at det er lite godt å snu seg då det rive godt og då kjem kvalmen. Nesten så eg må trykke på pumpa for kvar stillingsendring og ligge slik til verken tek til igjen, så poffe på med nytt og snu meg igjen ;)
Jaudå...ser bra ut så langt, men "bra og bra"...

Var ute med fysioterapeuten igjen bikka tolv og trappene tok eg fint, men hadde ikkje trudd anna (må skryte som Karlson der eg kan) ;) derimot tidligere i dag blei det kun få skritt då det ikkje var mykje tess i meg, låk, svimmel og kvalm - pusta meir som ei sjøløve for å unngå å spy...det er visst normalt at smertene blir sterkere to dager etter operasjon. Smertepumpa dei tok av før eg gjekk i dusjen i dag tidlig er på igjen og skal ha den veffal til søndag.
 
Nydusja, heilt usminka og spydårlig i senga...med fatet på brystet og skiva klar for å få i meg nåkke slik kvalmen ikkje skulle få overtak. Jaja dette er litt av rekovalensen det også, tok på å skulle få seg ein dusj gitt...

Men, så litt tilbake til han derre Karlson...nåkken som huska at han skulle ha medusin mot alt og det var massevis av snop blanda i ei herlig røre...Eg dreg det nok ikkje fult så langt, men nåkke friskt gummisnop hjelpe på kvalmen der eg treng berre ein dings og den værste kvalmen slepp taket!! Så til den derre snickersen som eg tute på den er søt og salt med nøtter og ein slik liten bit funka også fint...Trur det er første og forhåpentligvis siste gang de høyre meg opphengt i snop!! 
Eg ligg smådårlig i senga meg augene igjen og då eg åpna dei kom det ei kjend dame i kvit Ullevål uniform, ingen pleier men Ragnhild frå røntge, og dei hadde skjønneste Shiva frå a-kullet vårt!!! Der står ho å smile vettu med Snickers og godt&blandet!!!...for ein service og omtanke ❤️❤️❤️

Det er var min beste medusin i dag ;) Det her funka for meg!... ;) 

Etter det koselige  besøket tok eg ein Karlson og vips steig forma - er det dette som kallast plasebo!!??...Jaja det får så vere for det funka for meg! :))))
Underhaldning på tv'n og lunsj...funka det etter ein litt dårligere start på dagen ;)  
Halv to kom eg meg på nytt ut av senga og plasserte meg i godstolen på den lille stua her, fekk servert lunsj og rikelig god underhaldning under stafetten!! Var oppe på beina innimellom for å ta mine grasiøse øvelsa og dei blei sjølvsagt utført med 
stil...På innspurten var rommet fylt av pleiera og alle hadde eit håp om at ingen alarmaskulle gå ;) eg sat berre å håpa og sa at det gjerne kunne kome ein grunn for eit blodtrykksløft, men nei ingenting som tyda på det og jubelen stod i taket då Northugen sklei først over mållinja...
Min kjære følgesvenn i korridoren...
På same måte som Karlson har sin propel som framkomstmiddel har eg trillerten min eller profesjonelt kalt preikestol, ja den funka den asså og ikkje minst når eg får dra med meg pumpa mi. Enn så lenge funka det og eg begynne å prøve meg utan i periode eg ikkje er så svimmel...elles er det nåkken som har gode råd for å få høgre blodtrykk!? Ja eg gidd ikkje tenke meir på eit par idiota for eg kjenne at dei er så uvesentlig for mi påvirkning at eg ikkje lenger får trykk forskjell...   

Det er visst fredag og alle ønska god helg på Facebook og det gjer ofte eg også, men kva bilde kan eg liksom legge ut!? Meg usminka i trusa godt skjult av sjuketrøya, med støttestrømpene opp til knea og slangen dinglende frå handa? Jaaaa sææææærlig...det kan jo gi einkvar vonde draumar :))))
Dei siste fredagene har eg tatt eit glas raudvin i dag helde eg meg til vatn og kaffi...men vil uansett ønske alle sammen ei herlig og for nåkken ei hektisk helg ❤️❤️❤️ Eg har inntatt husmorferie og snappa heilt av ;)))
Klem -Anja-
Mi kjære søster sa på telefon at ho digga det første bildet av meg med håret rett ut etter operasjon...berre for å bevise at forma er stigande så slenge eg med nok eit usminka bilde av ei redusert skrulle, men droppa resten av skrotten for å  bevare nattesøvnen rundt om ;) I'm no beautyqueen!!...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...