torsdag 5. november 2026

Namna er klare

Namna er no klare og sendt til registrering i NKK - Norsk Kennel Klub. Eg må seie at denne gong, ja den gongen har det vore veldig spennande å finne namn til D-kull gjengen.

Bilete frå eit tidligare kull - ja forfedrene til Frøya...
Dette er eit bilete av H-kullet først i 2010 - K. Himmelske Honoria «Nora» var frå dette kullet, og ho var bestemor til Frøya...


Når mamma Frøya har vore på besøk med pappa Loke og det vart resultat var det heilt klart inne for eit tema-kull her med oss. Samstundes ville eg fortsatt ikkje gå vekk frå bokstav rekkefølgja - dette med bokstava gjer det enklare for alle å følgje kulla. 

Litt dumt at Timmen ikkje skal ha ein hund frå denne kombinasjonen, han som har hatt så stor interesse for Norrøn mytelogi - ja så mykje at han fekk 6'ar i munnlege!


Kvasneset`s Darraðr með Gjallarhorn

«Odin med Gjallarhorn» Darraðr betyr Spydspii eller spydmann og var eit av namna Odin vart kalla. Ein av Odins 150 namn var også Draugadróttin ein tittel ofte nytta om Odin - herre over dei døde, eller draugane. Det var Heimdall som nytta Gjallarhorn til å blåse i når riket var i fare. Men før det vart eit varslingshorn for Ragnarok vart det nytta til eit drikkebeger for visdom, av Mimes brønn - visdomskjelda. For at Odin skulle få ein einaste slurk av denne kjelda måtte han ofre eine auget sitt til Mime. Odin fekk altså sin visdom frå Gjallarhorn... 


Kvasneset`s Draugr í Ragnarøkri

«Gjenferd ved Ragnarok»... I norrøn tru var ein draug ein fysisk død person som vokta haugen sin eller heimsøkte dei levande. Loke hadde med eit skip fullasta av døde jotner, monstre og «Hels hær» som kjempa med han i Ragnarokk. «Hel» var dotter til Loke og ho var gudinne over dødsriket.


Kvasneset`s Duneyrr i Yggdrasil

«Hjorten i Livet Tre» Duneyrr er ein av dei fire hjortane som springer rundt i krona på verdstreet Yggdrasil og gnafsar på blada....Ei gamal tolking seier at morgondogga samlar seg i gevira deira og dryp ned på jorda for å danna elvane i verda. Livets tre, Yggdrasil er det eviggrøne gigantiske verdstreet i den norrøne mytologien. Det står i sentrum av verda og greinene og røtene held dei ulike verdiane saman.


Kvasneset`s Dvalinn með Dróma

«Dvalinn med Droma» Dvalinn var ein av dei mektigste dvergane som var ein dyktig smed. Dromi er den andre magiske lenka gudane smidde for å binde Fenrisulven, og sjølv om den var dobbelt så sterk så kunst han den...Fenrisulven var son av jotnen Loke og bror til Jörmundgandri/Midgardsormen og Hel.


Kvasneset`s Dýrr Draumr um Freyju

«Dyrbar draum om Frøya» - Dýrri betyr «den verdifulle». Draumr tyder draum eller visjon, og for vikingane var draumar ikkje berre tilfeldige tankar men ofte helsingar frå gudane og skjebne. Fruktbarhetsgudinna Freyja - Frøya, som stod for fruktbarheit i kjærleik, seksualitet, fødsel, og magi...


Kvasneset`s Drífa með Draupni

«Gull som dryp på snø»...for Drifa betyr mellom anna snøstorm og blir eit vakkert og vilt naturnamn som symboliserar den utemma nordiske vinterkrafta. Draupnir eller Draupne var Odins magiske gullring, som kvar niande natt draup det åtte nye, like store og tunge gullringar frå den...


Kvasneset`s Dís með fálkasjónu

«Frøya med Falkeblikk» Diser var guddommelege, kvinnelege og mystiske vesen. Sjølve ordet dis tyder opphavleg berre «frue» eller «kvinne» av høg rang. Dis vart nytta som ein ærestittel fordi ordet i utgangspunktet bar i seg ein djup respekt for kvinneleg makt, høg sosial status og guddommeleg kraft. Derfor vart det òg brukt som ein ærestittel for store gudinner, den mest kjende disà var Frøya, som vart kalla Vanadís.

Disane var beskytterar av ætta, for dei var omsorgsfulle og hadde stor kjærleik til familien. Dei gav liv og vern til slekta, men dei varsla også død, samstundes passa dei på at sjela kom trygt over til dødsriket. For fiendane sine kunne disane vere nådelause, men for si eiga ætt representerte dei tryggleik, fruktbarheit, livshjelp og evig lojalitet. Respekten for disane som lojale skyttsenglar gjorde at ordet vart teke i bruk som det siste leddet i mange kvinnenamn. Ved å gje ei jente eit namn som slutta på -dis, ønskte ein både å gje barnet ein tittel med høg status og å setje henne under vern av disane.
Kvasneset`s Drǫfn hjå Jörmungandri
«Skummande bølgje for Midgardsormen» Ei sterk og skummande havbølgje som dansar side om side med den gigantiske Midgardsormen i verdshavet. Dröfn er ei av dei ni bølgjedøtrene til havguden (jotnen) Ægir og havgudinnen Rán. Namnet tyder «bølgje» eller «skummande havbølgje», og ho er, saman med søstrene sine, ein personifikasjon av dei ulike bølgjene og rørslene til havet.
Midgardsormen var ein gigantisk sjøorm i norrøn mytologi og ein av dei mest frykta skapningane. Han var son av Loke og dermed broren til den enorme ulven, Fenrisulven, og dødsgudinna Hel. Odin kasta Midgardsormen ut i det store havet som omkransa verda til menneska - Midgard. Ormen vaks seg så enorm at han beit seg sjølv i halen og omslutta heile jorda.


Gler meg slik til å sjå denne gjengen neste veke ♥♥♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Namna er klare

Namna er no klare og sendt til registrering i NKK - Norsk Kennel Klub. Eg må seie at denne gong, ja den gongen har det vore veldig spennande...