søndag 1. november 2026

Er vi alt komen dit...


...at vi faktisk skriv 1. november!?

Det er ikkje alle dagar og datoer ein hugsar, i alle fall om vi skal tenkjer på vanlege kvardagar, men akkurat denne dagen trur eg at eg vil hugse ei tid framover.


Det starta med kvalitetstid med det vesle, store menneskebornet mitt - den vesle skatten som allereie er så stor både i ord og utrykk, i det han gjer og det han ser. Det at ein liten gut på tre år ber oss om å sjå alt som er rundt oss, på berget, graset, blomane og steinane. Det er som han ser på detaljane i livet rundt seg. Han ser på landskapet rundt seg som endra seg med vêret og ikkje minst fargane på skyene. Det er ekstra stas å rope «mamma, sjå, himmelen er rosa!» - eg tenkjer at han trur den er farga slik akkurat for meg. Det er som om han i stor begeistring gir det i gåve til meg ♥


Eg tenkjer på det når vi går rundt - om det er i hagen, i skogen eller berre langs vegen. Når han ser to strekar som kan vere røter, gras, pinner etc. sett saman og kan likne på ein L bryt han ut «sjå der er Ludvig sin bokstav!» - Rasmus er stolt onkel Rasmus for vesle Ludvig. ikkje det at han akkurat veit kva relasjon det er, men ein god kompis er og vil han bli. 


Så spora eg igjen litt av, ja, nett slik eg har så lett for og for vane å gjere…Men etter ei fin morgonstund åtvi frukost før Rasmus skulle få tilbringe dagen saman med bestemor og farfar ♥

Kristian og eg tok med kvar vår hund for ei kjæraste-tur til min favoritturen min på Sulafjellet - Sulebakkhornet!! 


Vakkert i fjellet og alt som er rundt...
Vi tek turen roleg, ja akkurat i passe tempo. Vi stoppar opp for å sjå det som ligg framføre oss, ved sidan, nedom og bak oss - vi tek inn alt det naturen byr oss på. 
Så takksam for å få vere akkurat her!


Alt det rare ein kjem over, slik som her eit lite hol i berget, og inni der i mørkret eit heilt liv, ja mykje liv...

Det å få sitte på toppen og berre ta inn alt, spise litt og verkeleg kose oss - det er verkeleg augneblikk eg set høgt.

For ein dag, for ein natur og for eit vêr!! Vi kunne ikkje ha hatt det betre, og eg er så sjukt takksam for at vi får oppleve slike fine ting som vi kan ta med tilbake til minnebanken...


Vel heime diska Kristian opp med ein fantastisk lutefiskmiddag. Sjølv gjekk eg i hagen med lykt på hovudet for å plukke bjørnebær, som eg kokte inn til pai og is... 

Perfekt avslutning på helga!


Måtte vi få til fleire slike stunder! Men no først - Tusen takk for turen kjære ♥♥♥

Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Fofattarmøte med Margreth Olin

Akkurat i kveld vil eg dele dette før eg går til sengs. Eg sit ved bordet og ser rett mot kjøkkenvindauget. Det er mørkt ute, og glasset spe...