Akkurat i kveld vil eg dele dette før eg går til sengs. Eg sit ved bordet og ser rett mot kjøkkenvindauget. Det er mørkt ute, og glasset speglar mest berre lyset frå kjøkkenet bak meg.
Vanlegvis sit eg her og ser på dei vakre fjella og fjorden – eit levande måleri som endrar seg frå dag til dag. Lyset og stemninga på fjorden og i fjella inspirerer meg. No er alt svart, men eg kan berre late att augo og drøyme meg nokre timar tilbake – då vi sat her og åt, og såg på den rosa himmelen.
Eg kjem til Sula bibliotek i god tid. Lokalet er allereie nesten fullt, men det kjem framleis folk sigande inn døra bak meg.
Eg set meg i ein av dei gode stolane heilt bak i lokalet – litt lågt, men eg sit ganske så greitt der eg ser rett over skuldrane og mellom hovuda på dei som sit lenger frammover.
Margreth fortel med stor innleving frå første ord, og ho seier at ho har skrive heile livet. Heilt frå før ho starta på skulen, og som 5–6-åring skreiv ho si første setning: «Lamma lyser». Det var det første møtet hennar med det å fange ein augneblink.
Ho har halde på med filmskaping i over 30 år. Som ho seier så tek ho til å bli godt vaksen – eller som eg meiner, ho nærmar seg ein god vin, og ein god vin kan ha mange slags årgangar, alt etter kven som smakar. Alder er berre eit tal, og vi er så gamle eller akkurat så passe unge som vi ønskjer å vere.
Ein fantastisk, prisvinnande filmskapar der forlaget har hatt ønske om at ho skulle skrive bøker. Hjå Oktober forlag der har ho ein mann som har venta lengst på ho...
I 2024 debuterte ho som romanforfattar med «Song til mor». Allereie før ho var ferdig med den, ønskte ho å skrive ein ny roman. Den skulle vere humoristisk, lett, ikkje for tung, og handle om lyst og vaksent begjær.
Eg tenkjer forlaget vart nøgd, og eg håpar eg får litt tid i haust til å setje meg ned og lese den. Eg har høyrt «Song til mor» som lydbok, og det er heilt supert at forfattaren les sjølv.
Etter ei fin stund går ho over til det vi mest har kome for, å høyre om den ferske romanen «Utan språk for kjærleik».
Det kjem ganske så flirfullt «Dette får bli mellom oss» – eller, det er vel long gone. Så fortel ho om ein mann ho har vore venn med, og innimellom litt meir. Ho har alltid tenkt at kjærleik, det har ho grei peiling på, men det viser seg i ettertid at ho faktisk ikkje har det…og eg undrast då - Kven har vel det?
Ho skildrar så godt det eg set pris på – lyset og stemninga i naturen. Ho trekkjer òg fram at Fedrelandet berre er ein liten del av ein stor heilskap.
Ho fortel at ho skaper det ikkje, men samlar det inn, omformar det og gir det tilbake 🤍
Vi lever i eit eldorado, sei ho – eg håpar så mange høyrde orda hennar, for dei er så mykje sterkare enn til dømes dei eg har brukt før. Orda hennar blir så verdifulle fordi dei kjem frå, akkurat ho.
Det første ho les frå boka, fyller rommet samstundes som det kjem små, fine lydar frå eit lite barn som ligg inntil brystet til mor si...
Ho rundar lett av med å seie at ho har samla alle kjekke menn ho har møtt, og pakka dei godt inn i «Vandrepokalen».
Ho legg til med eit glimt i auget og smil om munnen - Til dei som trur dei kjenner han, og viss han er singel, «Be han ringje meg!» :))))
Som eg gler meg til å lese boka! Og så kunne eg veldig gjerne tenkje meg å gå over Oldeskaret – frå Nordfjord til Sunnfjord!! Turen er alt googla
Hadde berre eit ønske om å kanskje gjere nokon merksam på boka...
Klem -Anja-





Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar