Eg lurte på om eg var vel "tøff" når eg sa vi skulle den ruta, for eg var usikker på om kroppen var klar for ein slik tur, ja sjølv om det ikkje er ein høg topp så er det ein bra tur for ein kropp som enda ikkje er i den forma eg var før eg opererte...
Opptreninga går saktare enn forventa, men i rett retning...håpe forma kan kome seg slik eg når eit mål i løpet av hausten.
Alltid spennande når vi skal ut på tur for kva skjer i dag!?
Oppi bratta rett nedom demninga så kjenne eg eit kraftig "stikk" i ryggen og då berre svikta heile kroppen, så eg dette framover og druse beina i dei store steinane og rett bakover!!...Å herreminhatt kor vondt det var, ja ryggen var sjølvsagt fæl, men leggbeinet fekk seg eit kraftig trøkk. Eg ligge der på ryggen og halla nedover og sei au au au og begynne å leeeeeee, spurte Ingeborg om det gikk bra med ho då eg kom borti ho, jaja ho prøvde å "dempe fallet" hahahaha...Eg klate å rulle meg over på magen og opp på beina, ryggen dålig som vanlig, men foten å hjelpes!! Men, det var berre begynne å gå seg til og gjor det etterkvart - ja er ein vand med å gå med smerter så går det meste heldigvis ;) Skal seiast at eg var både blå og hoven då eg kom heim, men kompresjonsstrømpene mine gjor nok at hevelsen ikkje blei så stor.
Kos med ei lang pause på Vonhytta...
Litt små pauser er godt å ta...
Tim Are drikk og må hjelpe Mille også ;)
Katja og Ingeborg skua utover, tek seg ei lita pustepause etter fallet mitt ;)
Oppe ved demninga ser dei oppover mot Vardane...
Ferdig med ei lang pause på Vonhytta og er klar for siste del oppover...
Oppover til Vardane gjekk det greit, berre i starten så ville Tim Are heim og eg klarte ikkje stå stille så eg berre heiv ut av meg om du går opp så får du ein infinitiv figur!!....UUUUUps Anja da!! Guten spratt opp og gjekk i raskt tempo og prata heile vegen opp til toppen så det var ingenting å sei på forma!!Ned igjen i Mauseidvåg og der kom besten å henta oss...
Litt gjørmeproblem :))
Tre spreke og glade barn ♥♥♥
Tim Are på toppen av Vardane!!...
Utsikt mot Storfjorden i sør...
Utsikt mot Ålesund i nord...
Fjellsjølvfi...
Hoppande glade barn på fjellet!!...viktig med hoppebilder ;)
På veg ned frå vardane mot Rollonhytta...
På Taustuløypa på veg ned...
Sjølv med ei fråverande sol, regn, men fin temperatur var det glade barn på tur ♥
Kjempe flott tur med eit supert turfølge!!
Klem -Anja-
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar