onsdag 16. desember 2015

Var det rekruttering vi ville ha!?...

...Ja då er vel dette den minst fornuftige måten å gjer det på!! Ja, det er det sjølvsagt etter mi meining...
Fine og herlige "Chico" - Kvasneset`s Himmelens Diamant...

12. juli var eg og Katja på utstilling i Tresfjorden og til denne utstilinga var også ein av hundane frå oss påmeldt. Eg kjøpte katalog og ville sjekke kven som var med. Valpekjøperane våre hadde for første gang meldt på sjølv og då eg gjekk gjennom ser eg at "Chico" var påmeldt  feil klasse!! Vi var heldigvis ute i gooood tid så eg sjekka med ringen og sekreteriatet om å få bytte klasse før vi begynte. 
Ingen klaging før vi gjekk gjennom å vann klassa og blei beste hannhund...snakka litt rundt ringen og forklate at det var første gang dei meldte på sjølv og det var forståelse for at feil kan ein gjer.



Utstillingsglede er nesten snudd til "forrakt" og eg redd det må ganske så mykje overtaling til for å få dei med på utstilling igjen!!...Syns det er ufattelig synn at det ikkje skal vere rom for litt i eit elles så lite miljø. 
Hunden blei flytta frå bruksklasse til åpen klassen, blei stilt fikk kritikk, 1BHK BIR BIG1 og BIS4!! Hadde han blitt stilt i bruksklassse har eg ingen problem med å skjønne at klagen kom og blei tatt til følge. - Men, ein tanke er at hadde eg meldt han på sjølv ville dette resultatet stått i dag!!...

Veldig kjedelig heile greia og det gav meg som elska dette ei påminning på kva miljøet har å by på frå både den eine og andre sida...
Men, mest syns eg det er trist at det går ut over ganske så ferske folk i dette gamet!!...
Dei har jo sjølvsagt gleda seg stort over resultata som dei igrunn ikkje heilt skjønna kva er for noko ;) 


Kryssa fingrane for at eg skal få med meg disse fine folk på aktivitet igjen etterkvart, og ikkje minst vise hunden...
-Anja- 



Eg har sjølv stått i beste hannhundklasse og blitt bitt av hunden foran meg etter plasseringane var avgjort, og plasseringa kunne ikkje rokkast på pga at dommeren var ferdig å plassere. Det falt meg faktisk aldri inn å klage på det................

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...