tirsdag 8. mars 2016

Åsså litt meir dritt...

Eg las i Sulaposten og klarte nesten ikkje sitje i ro for det var ikkje slik at eg høyrde feil på Kommunestyremøtet - at Østrem kan uttale seg «Sunde vil ikkje merke om det er eit silanlegg eller reinseanlegg»…Det er kanskje galt av meg å sei høgt, men antyda han at vi er stokk dum!? 
Å Sletta «Ingen faste partiklar i vatnet» Nei sei du det, ja det er nå greit å sleppe å symje mellom dasspapir og kammar, men kjære vene er det betre å symje i avfall ein ikkje ser?? 
Det må vel snart gå opp eit lys for oppegåande folk at her er det snakk om mengder av bakteriar, virus, medikament, vaskemiddel og narkotika…Alt av fast og flytande som går i vasken og toaletta våra vil kome ut i fjorden!! Storfjorden har nok kapasitet til å ta imot og her vil dette ligge å bli skyldt fram og tilbake med strømningane…dei som meine at alt dette forsvinn må berre kome med forsking på at dette bryte fjorden ned sjølv, men etter det eg har fått med meg er det noko den beklageligvis ikkje har muligheit til. 

Så hadde resipient-ekspert Jarle Molvær eit greitt innlegg der han karakterisera Storfjorden som ein meget god mottakar av avløpsvatn, men han opplyste også at han ikkje hadde tatt hensyn til fiske og aktivitetar men korleis fjorden klare å ta imot og fordele dette vatnet utover…Det vil sei at han har kome med flotte resultat som kommuna kan nytte seg av, samtidig er det ikkje vurdert det som alle saman er bekymra for. Eg skal ikkje sei noko på at Storfjorden er ein betre resipient enn Borgundfjorden, men med nesten heile Sørsida av sula dekt med skog må det kunne gå an å finne ein stad utan bebyggelse rundt og ikkje minst rett i opninga til Hjørundfjorden. Når han ikkje har tatt hensyn til fiske etc. blir det litt trist å skylle vatnet ut rett i den beste fiskesona i fjorden. 
Litt trist må eg sei det er at politikerane såg ut til å sluke det Molvær kom med og ikkje tenke over all informasjonen (den med lita skrift) men det mest omtala...ja så kjem dei (administrasjon og ordførar) å sei at alt er så bra etter det eksperten sei, men dei tok ikkje hensyn til det levande i havet!!

Rådmannen gav klar beskjed om at eit reinseanlegg på Sunde er det beste. Men det er kommunestyret som avgjer. -> Då må eg berre oppmode dåkke alle igjen til å tenke klart, sjå kva vi har rundt oss og bevar dette området til noko vi kan ha nytte av og ikkje den vakraste staden i Sula til
Elles må eg sei eg trudde de politikera har ryggrad nok til å tale sanninga og ikkje kome med små detaljar som blir til store monster så snart de har fått det gjennom. Først var det eit lite naust i sjøkanten med torvtak og no uansett korleis den vil sjå ut estetisk er det snakk om 800 – 1000 kvadrat stort bygg!!...(Dette skreiv eg før det var snakk om å få med Ålesund, sjølv om vi visste at det har vore snakk om deler av Ålesund).
De lure inn ting også endra det heile seg, no snakka de så fint om ja kanskje vi skal få sekundærreinsing, men så veit eg at det nær 
ikkje er nokon i heile landet for det er for dyrt, så når det ikkje har råa til å lause ut noko skog på Eikrem/Sulesund korleis skal de får til sekundærreinsing!?

Det er vel ikkje lenge til at Hjørundfjorden får noko tilsvarande som Geirangerfjorden og då vil enda fleir folk begynne å lure på kva som har gått galt i Sula som har lagt eit reinseanlegg på den flottaste staden!!...
Igjen vil eg nemne at ein kan nytte dette til kulturhus eller andre kommunale bygg der folk kan hente energi og livslyst berre dei ser ut vindauget!!...

I dag er det mest pengane og prestisje som rår og om vi berre kan klare å få ei krone meir, og ekstremt viktig ser det ut til å få si eiga meining/ønske trumfa gjennom…vi vil ha alt det naturen kan gi oss av rikdom – olje, mineraler, fisk og tømmer etc. Men å klare å sjå den eigentlege verdien av naturen, dyrelivet, freden og som den urørte skatten den er visst heilt uvesentleg ser det ut som

No når det er snakk om ei heilt ny sak med Ålesund vil eg gjerne at de får dette anlegget så langt ut mot Berisundet og havet (på sørsida av fjellet) som mulig!! De får djupna med ein gang og kortare til ope hav...Det er då snakk om betre reising og det er greit, men eg vil som innbyggjar vite kva som innber i betre rensing!?... Kan de opplyse kva som blir tatt vekk og kva som blir med av kjemikalier og bakterier ut i fjorden?? Å då bør vi vel utfordre kommuna til å legge alle korta på bordet med ei konkret rapport frå ein uavhengig fagmann/kvinne!... 

Til slutt vil eg kome med ei oppmoding til alle om uansett kva sake som kjem opp og nokon engasjera seg andre ikkje, men for all del klar å skilje mellom sak og person!! Eg har full forståing for at vi kan vere ueinige i saker og i eit demokrati er det akkurat det som er så flott!! ;)
Å til den som ikkje kan utstå trynet mitt etter at eg blanda meg i denne saka så får det vere opp til kvar enkelt...

Eg klare altså ikkje halde meg heilt "tilbake"...Eg skreiv dette som eit utkast til lesarinnlegg i Sulaposten veka før vinterferien, så tenkte eg at eg kunne vente til etter ferien. Så har det kome eit par aviser til etter det og no er det faktisk slik at Ålesund og Sula skal samarbeide om dritten, og då vil eg gjerne følgje den prosessen også. Så då tenke eg at eg no berre stikke på formannskapsmøte for å høyre kva dei sei ;)

Ha ein innhaldsrik kveld!!
-Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...