mandag 8. mai 2017

Forsterka myta...

...om å ver ein skikkelig Sunnmøring i dag!...
Hadde veldig lyst å sikre meg eit par billetta til a-ha! Men, i det eg skulle til å betale kr. 8.000,- for eit par tima med underhaldning så tenkte eg meg om ein gang til.

Eg kan få litt meir utav det...Ein tur hit og dit, eller litt material til alle mine både små og store prosjekt, kanskje ein del påmeldingar til utstilling, eventuelt nåkken nye sakse til hundane eller andre ting eg har behov å bruke penga på. Faktisk så hadde det vore betre å bruke bittelitt til og få den her opplevinga her!...
Så nei to tima litt for nære heltane frå barndommen for meg som faktisk ikkje klare å sjå på ein kjendis blir berre for dumt!!...
Eg er jo faktisk så "beskjeden" eller kva eg skal kalle det at eg ikkje klare å sjå på, sei hei og veffal ikkje ta bilde ilag med slike. Ingen som trur eg er beskjeden vettu, men faktisk så gale at eg er på randa til å verte folkestygg ;))

Har vore på nåkken konserta med dei og skulle eigentleg ikkje takka nei ein gang til men no trur eg fornufta seira ;) 
Så då tek eg heller å går inn på ei anna nettside og bruka peng på dei firbeinte!...Mykje meir fornuftig!...

Men kjenne at a-ha og fleire norske gjer noko med ein og skulla hatt det med meg! Gløyme ikkje då vi stod som små jentunga med skinnreime frå handleddet og nesten til albogane og leika som vi spilte og sang!! What a time!!...
Hadde ikkje bilde av oss jentene med skinnreimer akkurat no, men eit bilde frå då eg begynte å digge dei er sånn ca her... ;)

Ein skal aldri gløyme - det er så viktig!!
Skal ikkje gløyme at i dag er det 8. mai og det er ein minnerik dag, og der ein skal vere takknemlig, vere raus og gjer den innhaldsrik!! 

Daotoe i dag har ei enor betydning, der er ein av dei viktigste dagane ever!! - Frigjeringdagen 

Utan samanlikning sjølvsagt men dagen i dag er også ein dag som markera at vi kom oss vidare med linjene våra - då Ayla fikk ein valp på denne dag for 10 år sidan!!...Vår kjæraste og mest dyrbare Frøken Lisa ♥ Ho gav oss igjen eit kull som vi fekk gå vidare på og vi "redda oss inn på hengande håret" og no har vi fleire fantastiske hunda å jobbe vidare med til glede for meg som får utvikle og tilføre.  Ikkje minst mange herlig folk der ute som vil ha hund frå akkuat oss ♥ Eg er heldig!...
Lisa som valp mai/juni 2007...

Ha ein beskjeden dag!... ;)
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...