fredag 16. juni 2017

Convoy

Turens første stopp på Åndalsnes der Cecilie satt frå seg bilen sin...

Det har vore så mykje eg skulle og ville fortelje om, men med fire daga med variert innhald set sitt preg på min kropp!!....Eg har stort sett lagt sidan tirsdag, men i går kveld begynte eg å få kroppen litt i gir igjen og med det tilbake i fjellet ♥
Fredag for ei veke sidan satt vi oss i bilen å retta nasen mot hytta Katja, Cecilie og eg...ja også fem firbeite skatta ;)
Opp tidlig for å reise inn til Ekeberg på NKK utstilling med Cruftskvalifisering!! Her hadde vi overhode ingen forhåpningar då det er vinnar av beste tispe og hannhund, og i tillegg beste junior tispe og hannhund...
Men dagen starta bra med:
"Saga" K. Love Don`t Bother Me nr. 3 i valpeklassen 

- utmerket typ. 6 mnd, vellutviklet for sin alder, saksebitt, god kropp, god benstamme, beveger seg parallelt, med godt driv, god pels for sin alder, særdeles god...,
"Joey" K. Keep The Faith vann juniorklassen og dermed CRUFTSKVALIFISERT for 2018!! - utmerket typ, ganske stor, vellutviklet for sin alder, maskulin, vellformet brystkasse, god benstamme, vakker profil stående, beveger seg med fine steg, utmerket pels

"Bobby" K. In Long Desember Night excellent og short listed i AK. 
utmerket typ, vellbygdt harmoninsk, gode proposjoner, vakkert maskulint hode, godt uytrykk, saksbitt, fin hals, vellvinklet, god benstamme, god kropp, sterk overlinje, meget gode bevegelser, utmerket pels.

"Maya" K. Keep Your Head Up med excellent og sprang seg opp til nr. 2 i junior berre ein bak kvalifisering!!...

- utmerket typ, 13 mnd, normalt utviklet for sin alder, godt hode og utrykk, fin hals, god kropp, god benstamme, sterk ovelinje, trenger enda litt tid, bra pels for alder og årstid.

"Keesha" K. In Case Of Christmas excellent i AK...
- utmerket typ, velbygd, harmonisk, ganske stor, saksebitt, godt forbryst, bra vinkler, god kropp, bra bevegelser, sommerpels  

Eg kunne ikkje bli meir nøgd enn dette!!...Ein Cruftskvalifisert hund og ein kun plassen bak i ei stor juniorklasse!!! :)
Det er kjekt når dei gjer det bra, men det er er veldig nøgd med sjølv er at dei er så jamn og med på å plassere seg/konkurrere om plasseringane.
Veldig kjekt i og rundt ringen sjølv om vi var dyvåt og skikkelig møkkete ;))
Likevel klarte vi å stoppe i Hønefoss på veg tilbake og innom nåkken butikka og handla med oss god mat heim :)
Eg og Cecilie tok oss ein herlig og frisk drink og mekka vaskemaskina før vi etterkvart tusla oss i seng for ein like tidlig start søndagen.


Opp tidlig for å reise inn til Øvrevoll og utstiling til NRK avd. Oslo. 
Enda ein fantastisk dag!!...er så kjekt å sjå igjen så mange flotte hundefolk "I digg you crazy people" - det er jo ein grunn til at eg føle meg så bra ilag med firbeite og ein del av folk rundt...dei er nesten like gal som meg ;) 
"Joey" vann junior klassa med CK (Champion kvalitet)
"Bobby" nr. 4 i ak der dommer Pia Razera-Brulin berre forelska seg i han, men pga litt lite pels måtte vi vente på han...

"Maya" igjen nr. 2 i ei stor junior klasse!!
"Keesha" nr. 4 i ak med ck!!...
Veldig fornøyd med supre kritikka, vart litt våte så litt vanskelig å skrive inn her ;) 
Kjekt når hundane er med å plassera seg i så stor konkurranse når dei ikkje har topp pels og fortsatt så unge.
"Saga" uplassert i valpeklassen for dommar Nina Skjelbred.
Eter utstillinga kjørte eg Katja og Cecilie på jernbanestasjonen slik at dei fikk kome seg heimover...Buss for tog gjekk visst betre enn dei trudde og det var godt for samvittigheita mi ;)
Eg tilbake med den firbeinte gjengen på hytta...rydde, pakke og vaske meg ut. Ordne med morgondagens "eventyr".

 Joey med ck og BIM junior...
Bobbyen...
Då Keesha var klar for ringen bøtta det ned, men veldig greit at det ikkje regna sidelengs som vi er så vande med! ;)
 Katja ville ikkje stille disse "mammadalttane" på utstilling, men prøvde seg med Keesha i barn & hund...det er ikkje enklaste ho gjer, men iherdig jobbing resulterte i å vinne den eldste klassa...
 Våre hunda hoppa vel ikkje ;)
 Tilbake på hytta fekk femerbanden kose seg i garden medan eg styret litt rundt om...

Er så takknemlig for alle gode hundevenna rundt om i Noregs land, nokon betre kontakt med enn andre...Melda med Anne Lise og kunne få komme til Rakkestad mandag morgon med hundehengaren slik eg slapp å ta med meg fem over grensa med ordning av markkur og må utsetje turen heim til tirsdag. 
Starta frå hytta 05.20 for å unngå den værste køa rundt Oslo...
Kaffi og koselig prat før eg kjørte frå Rakestad og mot Sverige og Mariestad. Litt vegarbeid og omkjøringar, stopp for tanking av bilen og tissepause - der får eg telefon frå gubben med ei lattermild stemme "steik kor galen du er!! Er du klar over det? Du e steike gaaal!!" hmmmmmmm skjønna ingenting eg ;) "Du veit at du kjem til å bli liggande når du kjem heim!?" Jada, men då får eg ligge å passe valpa da ;)
(Rett før eg reiste kom det etter ei "spisode" frå han: "Anja kvifor må du klare å sjå det positive i ALT!?" - men det er jo vel ein grei eigenskap tenke eg...)
Etterkvart framme i Mariestad der eg tusla litt fram og tilbake i vakkre omgivelsar då eg plutselig ser det eg har venta ei tid på!! Endelig var reisa organisert og skyss ein del på vegen slik at vi kunne treffast igjen ♥ De stod herligst Blossi å såg på meg!!...Ikkje visste eg då kor herlig han i bunn var, men no etter berre fire daga er eg "solgt" og berre gleda meg til fortsettelsen!!
Men eg kunne ikkje gi meg sjølv meir tid der så derfor vart det ein kort samtale før vi heiv oss i bilen vi to  matte og Blossi 
Tilbake snakka eg med Anne Lise og klarte då i forfjamselsen å kjøre feil og etter kjørt i ein halv time var det berre å snu og det tok lang tid før eg var på rett veg igjen, måtte sjølvsagt innom nåkken kronglevega!!...
Det som skipla meg var at mine ekstremt mammadalta av nåkken hunda hadde cirkus i ordet rette forstand med folk dei ikkje kjende!!! :))) Huff eg ler når eg ser det for meg, men samtidig kjenne eg på veldig dårlig samvittighet for at andre hadde styr med mine firbeinte. Dei to 1 åringane er jo spesielt roligheitane sjølv, men heilt uvant å vere på utstillingshelg med å ligge i hengar. Ja og mine går stort sett ilag med mamsen sin og alle andre har ikkje så stor betydning så lenge dei ikkje gir dei kos...Saga var sjølvsagt bedårande og bota nok litt på det tullet dei fire andre fann på ;) 

Herlige hunda, men når dei ikkje er vand til slikt så klare dei ilag å gire opp kvarandre. Men, dei var i live då eg kom tilbake og eg fikk mat og kaffi på vegen, ein god klem og snakka om å sjåast igjen så dermed håpa eg det ikkje stakk for djupt!.......Blomster kjem eg med neste gang ;)
Anne Lise og Trond vart overraska då dei hørte eg skulle kjøre heim og ikkje på hytta!!..."Du er gal du!" Ja eg fikk tilbod om å ligge over der, men eg visste om eg la meg så ville eg ikkje klare å kjøre dagen etter så det var berre å prøve. Første stopp Kløfta for meir drivstoff og RedBull!! Første gang eg har kjøpt og drukke sånn derre energidrikke...men eg prata med Asgeir på vegen og han sa det funka og då måtte eg prøve.
Lillehammer var det også tid for påfyll og lufting. Der satt eg inn cruisecontrollen og hadde den stort sett inne til eg kom til Dovereskogen. Herlig med lite traikk og eg kunne kjøre jamnt. Då måtte eg ut strekke, bøye og få kroppen til å fungere!!.....Hadde ei visst tid på meg til at eg måtte kjøre for å rekke kolonnekjøringa på Åndalsnes kl. 04.00 - galen vart eg då eg og eit anna vogntog tok igjen ein NorsPost bil som kjørte i 50 ned heile romsdalen!!...
Vi kom oss forbi veg Trollveggen nok til at eg fikk sjekka hundane igjen. Eg sjølv som hadde drukke to RedBull, vatn og to kanne kaffi hadde så sprengt og låke blære at det var umulig å bli trøtt!...Men gud betre kor lang tid den kolonnekjøringa tok!!...
Sikkert det meste av vogntog som kjøre til den opninga og førlte meg som å vere med i innspillinga til Convoy!! Eg har ikkje tal, men dei gangane vi fikk ei opning til å sjå over fjorden såg eg berre rekka av vogntog kjørande, eg med bil og hengar og ein liten bil til langt der frami. Hadde vore kult med litt politibila og litt stilige actionsene med lastebila i slike kulissa!! :) 

Etterkvart tenkte eg berre Sjølholt, Sjølholt og toalettet der!!...Å kome inn der og sjå at toaletta var tapa over pga null vatn var som å få eit slag i magen. Heiv meg i bilen og kjørte til Gigerneset og då var eg så sprngd at eg så vidt klarte å gå :))
Ut i bilen igjen der hadde Tom ringte...............nåkken tona før eg høte "då har første tispa komen" :)
Parjerte bilen utfor huset kl. 05.56 og følte meg heilt fresh for valpefødsel ;)
Ikkje akkurat, men utrulig kva eg får til med disse firbeinte!! Tom måtte reise halvanna time etter eg for og dermed var alt opp til meg. Fødselen gjekk sjølvsagt ikkje heilt etter boka og eg sjølv var såååååå glad at eg var komen heim. 

Vel overstått fødsel og eg ligg på madrassa mi på kjøkkenet og prata med Katja og Cecilie, litt borte og aleine då eg vakna...Er det det ei kalla godt selskap!? ;)


Berre nåkken bilde eg tenkte eg kunne oppsummere mandag/tirsdags døgnet med...Heilt til eg fann ut at eg kunne legge ut snappane mine lenger ned...
Sverige...
 Rakkestad ved skybrudd...
 Laaaaang kø med vogntog...

I går var Ceilie innom å henta med seg Timme in stallen. Vi snakka om kede (eg har for masse og ho hadde "endelig" handla litt) Så måtte eg klage litt over muskelknutane på låra mine...så kjem det frå ho skrulla, "ja eg også har, men ikkje så gale som dine. Så kjekt med sånne ulekre bein som aldri tek seg bra ut!!"... Jo takk for den, det sei seg sjølv at mine er då enda verre enn henna sine :))))


Her må eg berre sette inn rekka med snappa som eg la på Mystory...det starta på hytta ved Drolsum (ingn snap der, det begynne i Sandvika)...Ein del videosnappa eg ikkje med ;)
 
Med musikken ved mi side og gode vega er det berre å kjøre på...ingen tid å miste ;)
Jaja...det lønna seg innimellom å følge med på kva gps dama sei istaden for å skravle...
Mitt gamle tunnelforbi kom nesten tilbake...
Ganske så uhøgtidelig av meg...men dette skulle jo eigentleg kun ligge på Mystory eit døgn da om det kan brukast til mitt forsvar ;)

Var utrulig kjekt å ha med seg valpekjøper på tur, og etter nåkken daga med opplevigar utanom det vanlege begynne eg å kome meg litt...Herlig terapi å ligge ved valpakassa da 
Klem -Anja-

1 kommentar:

  1. Hadde vi ikke hatt den ståpå vilja,så hadde vi vært i rullestol og sett sur ut.
    Da er det bedre vi bruker tida vår,på og gjøre noe som er godt for,ikke bare oss selv,men for hunder,mennesker,osv.

    SvarSlett

Namna er klare

 …Kanskje på tide å få registrert dei når dei i dag er 7 veker inn i livet. Namna er klare og vi skal berre setje dei på dei forskjellige kv...