torsdag 6. juli 2017

Valpane bikka 3 veker allereie!!...

Heilt utrulig kor tida har fløge denne gangen, men det kan nok ha litt med at her har vore mange hunda innom i huset dei siste vekene og ikkje minst to av valpane frå sist var her nåkken veker lengre. Men no er dei siste heime frå ferie og i dag var det "tomt" i huset når den siste store valpen reiste frå oss ♥♥♥
Heldigvis så får vi følge dei to!...

Så då er det kun  dei fem skjønne som no begynne å kvikne skikkelig til. Ja å i tillegg til dei vaksne som akkurat no telle 8 då eine forverten vår er så snill å avlaste oss med ein anna forhund.
Sjølv om huset er fult kan eg ta med hundane ut i etappa...når eg er ute er Katja og Tim Are så flinke å passe dei små nurka våre.

Blir litt kjekkere å legge ut bilde etterkvart som aktiviteten auka, men må legge ut hodebilda eg tok i dag...

 


Her er fortsatt ein gut som er utinga her så går du med plana om å anskaffe deg ein liten valp og er interessert så er det berre å ta kontakt med oss for å sjå om det kan vere nok for deg! :)

Ha ein herlig kveld ♥♥♥
-Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Namna er klare

 …Kanskje på tide å få registrert dei når dei i dag er 7 veker inn i livet. Namna er klare og vi skal berre setje dei på dei forskjellige kv...