torsdag 14. mars 2019

Posering...!?

...hmmm folk spør meg ofte korleis eg får hundane til å posere slik eg gjer. Stort sett finne dei utav det sjølv, men innimellom kan det bli litt forviklingar. Spesielt når eg først har funne ut at hundane passa perfekt, eller berre dritfint inn i landskapet då kan det by på litt sirkus. 
Å når eg ser for meg hundane og fargane i naturen....akkurat den dagens farge på fjella så er det alltid litt kluss før eg eventuelt får eit bilde!! :D
Som regel sei eg sitt å plassera ein hund eller to, så kan eg knipse i veg men så enkelt var det ikkje i dag. Forkjølt som eg er svimsa eg meg med ræva inn i ei einebuske å vart sittande der litt for å sjå på Cecilie som på finurleg måte fekk dei firbeinte til å sitte. 


Dagens første bilde å eg er eigentleg dritfornøgd med det...
Hundane følge med på det som skjer...berre sekund før var ein hund under ræva på ei, og ein med snuten i øyret på ei anna...Ei eller to dame som lukta så utrulig godt...
 
Dei følge med kvar godbitane bevega seg...

Kan ikkje noko for at eg synes slik underhaldning er dritgøy :)
Å at latteren min er forkjølt er berre slik det er...

Eg var bortom å hjalp ein gang for det vart visst for mykje for hjartet henna sjølv om ho såg tålig roleg ut...Etter nokre bilde så måtte eg filme kaoset å flira så eg haldt på å tisse på meg, å det nemnde eg sjølvsagt og med det fekk eg eit kvast svar "det he du nettopp gjort!!" :D 

Morosamt å sjå kor forskejllig vi er å kva som kan få pulsen opp, ja rett og slett kva vi kan rekne som trening...for eg trente magemusklar å forsåvidt nokre knipeøvingar også som vi kvinnfolk oppi alderen bør gjere, å Cecilie fikk pulsen oppi 120 for å stå stille å prøve å få "eit par" hundar til å posere.


 
Fine og herlige hundar som jaggu klarte kunsetn å posere fint i dag også!!...


Så tilbake til spørsmålet mitt om posering...nei, det er ikkje alltid like enkelt men som regel alltid innhaldsrikt...å i dag var det for meg dritgøy og eg fekk meg ein god latter :)

Alltid kjekt på tur små som store Cecilie å eg må sei eg gler meg til den store tursesongen er igang...
Ha ein poseringsfri aften...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...