søndag 24. november 2019

Innhaldsrikt...

...Innimellom er det berre nokre dagar som er meir innhaldsrike enn andre!!
Torsdag morgon (14. November - det vart ikkje publisert når det skulle!) stod min kjære bror tidlig opp for å kjøre meg til flybussen med neste stopp Vigra og Gardermoen. Heldigvis ringte han ei stund før han kom som ville gitt meg tid nok til å hoppe i kleda om eg ikkje hadde vakna før...for eg hadde sjølvsagt sovna frå å sette på alarm, men eg vakna likevel ein halv time før skjema :) 
Fredag morgon hadde eg tidlig time på Ullevål så ei overnatting måtte til, og når pasientreiser bestemme tida for fly så får eg flyge når dei sei flyg. 
Men, det kunne sikkert ikkje passa betre med ein kontroll med overnatting etter nokre veke med valpevåking og lite søvn. 
Der er nokre som er akkurat det for meg...Men heilt sikkert mange fleire som kan ta det til seg ♥
Liten tur rundt i Oslo for å sjå om der røre seg noko interessant..!
Det er så fint når vi begynne å nærme oss den koselige tida på året med alle lys etc...
Åsså tulipana var kult å møte på sjølv om det var av silke og litt av det vårlege slaget...

Eg gjekk rundt å sulla i Oslos gater, hamna på Eat Sushi and More - der har eg ikkje vore på nokre år...tok med mat og ei flaske vin til hotellet, tidlig i seng med god "sovemedisin"...
Ca sånn veldig tidlig på morrakvisten rulla eg ut av senga, traff kufferten med eit godt kakk og lurte på kva eg eigentleg traff. Hadde høyrt nokre valpelyda men fann ingen valp, hadde nok ikkje slept heilt taket på «mammarolla» sjølv om dei heime skulle halde kotrollen ei stund. Så eg sat meg sjølv i reverse, kom meg tilbake i seng og vart der ei stund til. For å skulle vere på den sikre side hadde eg satt på tre alarmar, men eg vakna sjølvsagt før den første slo ut...
Frukost på Espresso House Ullevål...Det har jaggu blitt nåkken kaffi og noko attåt der gjennom dei siste åra!!
Kan ikkje så mykje for det, men den her berre lika eg enda litt meir for kvar gong eg går forbi den...Ja, det er liksom noko med den ♥
Det er heilt klart digg å sjå at "faenskapet" er ute..!!!
Å ikkje minst at eg gror godt...kan ikkje få takka mr himself nok for akkurat det som har skjedd i løppet av det siste året. At smertene fortsatt til tide er forjævlig kan ikkje han lastast for...og i det daglege får valpa, hunda og sjølvsagt barna mine dagane til å vere litt lettare ♥♥♥
Ja, det er utrulig at valpa som eigentleg er "litt" jobb med kan gi sånn glede og energi, men det er faktisk mulig...
Eg var så heldig at eg fikk tatt toget til Lillestrøm og då eg kom for å sjå hundane i ringen rakk eg akkurat å få med meg «King» Kvasneset’s Love The Way You Lie og Sølvi, og dei er som vanleg eit supert team i ringen...!! 

Det er så mangte ein får gjort når ein starta ein tidleg morgon...
Butikken opna akkurat i det eg gjekk forbi så då gjekk det også greit ;) Her frå Lillestrøm stasjon...
Trøtt og sliten då eg sat meg i flyet kl. 14.50 så tenkte det var heilt innafor å få seg litt "medisin" på ein fredag... ;)
Eg kom heim til disse herlighetane...Katja hjalp meg med dei opp på bordet, eller bør kanskje sei kjøkkenbenken(!!) med dei "store" på dagen 6 veke og fikk tatt nye bilder!

Klar for ein laurdag i hundeverden...!
For det er litt av ei super og innhaldsrik helg som var over...!! 
På laurdag var det avdelingsmesterskap med working test her på Sunnmøre. Eg og «Berta» Kvasneset’s Just For Fun  melde oss på kun på gøy..... ;)
Det har sjølvsagt ikkje vore rom for trening dei siste vekene og spesielt etter sjukdom på to tisper. 
Men, vi hadde meldt på og då måtte vi prøve oss i den laveste klassa. Vi var heldig å få 18 på kvar post med trekk kun pga mitt rot og uvitenhet 🤭 


Ein herleg gjeng eg var så heldig å få mingle med, og måtte det blir mange fleire slike helge og dagar framover..!! 

Dette bildet er tatt av Marit Kildehaug...
Å eg er ikkje klar over at der gjekk ein snikfotograf for eg var oppteken av kameraet sjølv ;) 
"Joey" - Kvasneset`s Keep The Faith og Cecilie in action..!!
Veit du at Joey er pappa til kullet vi har som vart født 04.11.2019..!?
Åsså mangla eg faktisk på bildet, for vi vart nummer to i klassa mellom Siw og Cecilie på premiebildet. Eg skulla stått der om eg hadde vore så heldig å få vere igjen til slutt. Men eg måtte reise for å følge Tim til handballkamp... 
...men når det er sagt så trur eg liksom ikkje at eg hadde klart å løfte det meir enn det disse fire flotte gjer!!
Gratulere til Siw og Saga med 1. plass og 73 poeng av 80 mulige!
Eg og Berta på 2. plass med 72 poeng...
Godt jobba og gratulere Cecilie og Joey på 3. plass med 67 poeng!


Det her gav veffal meirsmak til trening etter at vi ikkje har stilt på ei prøve på uhyggeleg mange år!! 
Så fint med besøk og valpetitt frå nordmøringane etterpå  No får vi berre begynne treninga sant!? #teamkvasneset Eg tenke at no skal eg veffal prøve ✔️ 


Dette er altså bikka ei veke sidan og no er eg klar for enda ei ny veke. Håpe du er klar for den og at den vil bringe deg mykje godt 
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Namna er klare

 …Kanskje på tide å få registrert dei når dei i dag er 7 veker inn i livet. Namna er klare og vi skal berre setje dei på dei forskjellige kv...