torsdag 18. mars 2021

Utfordringar...

Her ligge Keesha utanfor valpekassa med intravenøs behandling 

I natt er det to veker sidan eg stod saman med veterinæren og plukka ut ein valp etter den andre...når tispa har født så enkelt tidligare og ho venta eit stort kull forventa ein kanskje at ting skal gå ganske så greit, men slik er det ikkje alltid.
Keesha hadde dei siste dagane vore litt uroleg, eller kan eg sei kosete og svært lyst på kontakt på nattestid så med det merka eg at fødselen nærma seg. Tidleg torsdag morgon starta blokkinga og eg hadde sett for meg at fødselen ville starte litt utpå torsdagen.
Men, som eg veit er det individuelt så eg fulgte som vanleg godt med på tispa og temperaturen for å vere sikker på at eg skulle få med meg droppet. Ting gjekk tregt så eg berre smurte meg med rikeleg tålmod, vatnet gjekk og eg tenke vi hadde jo tid til å sitte her...helt til vi var ute til lufting og eg såg grønne drypp på gulvet og då hadde eg vore tålmodig nok. Eg tek på meg hanskar for å kjenne om der ligge foster i fødselskanalen, eg kjenne ingenting men eg får grønaktig veske på hansken...det er ikkje eit godt teikn før første valpen er komen for det er teikn på morkakeløysing. 

Ringe då å vekke veterinæren, Lars Audun Gåsemyr ved Borgund Dyreklinikk som eg avtala korleis vi skulle gjere det, avslutta samtalen så går eg og Keesha ut for å springe litt og går i trapper, men då det likevel ikkje er noko framgang tek eg Keesha i bilen før avtalt og kjøre rundt for ofte kjem ein valp når ein er på veg til veterinær. Etter litt kjøring går eg bak og det er fortsatt ikkje framgang så då ringe eg og berre sei at vi er på veg til klinikken...

Ikkje lenge etter vi kom så er veterinæren på plass og opna dørene, han sjekka ho og han kjenne heller ikkje forster og føle tida er inne for å få ut valpane. 
Keesha er som alltid fantastisk å handtere med alt så vi får raskt lagt ho på gass og i  rett stilling, og eg, eg står veldig klar for å ta imot det som måtte kome og forhåpentlegvis har eg ikkje venta for lenge...  

Herlig kjensle var det då eg fikk starte med å frie luftvegane, tørke og masere den første valpen, og plutseleg kjem dei første herlige lydane av ein skrikande valp. Ein etter ein plukka han ut og eg tek meg av etterarbeidet, alt går så fint for seg, kjenne sjølvsagt hjarte hoppe over eit par slag når det eit par gongar i løpet av operasjonen pipe litt frå monitoren, veterinæren ser på datane og kjem med nokre beroligande ord også fortsette han. 

Akkurat i slike augeblikk er eg plutseleg ikkje så kresen som eg i utgangspunktet er for muleg det til tide kunne sjå ut som eit katastrofeområde, men det heile var fantastisk å få vere med på...
Eg stod der stort sett heilt tyst, ja det høyres nok rart ut at eg er stille når det er hund i fokus, men her tenkte eg nok at eg skulle prate kun når det trengtes. Som då han skulle sy igjen hullet i eine hornet for då hadde eg litt tid så eg spurte om eg kunne rydde vekk ein del av morkakene, tørke blodet og alt griseriet ;)
I tillegg klarte eg å vere ganske så kravstor då eg spurte midt på natta om han kunne sy med innvendig sting..(?) Sjølvsagt tok han seg tid til det!!
Utruleg nok var det liv i alle sjølv om eit par var veldig stressa av påkjenninga, og eg
 var berre så glad då eg natt til fredag 5. mars fikk med meg Keesha og alle 11 valpane heim. 

Her har vi kun vore heime i nokre små timar og alt er berre fryd i kassa så langt...Sjølv berre nokre få minutt etter dei vart lagt ned til ho så starta ho å ta seg av dei på beste måte, trass i at ho var heilt «vekke» etter narkosen...


Første timane med heilt perfekte skatta som har kome inn i livet våra...Kor heldige vi er, men ikkje minst dei som er så heldig å få dei inn i familien sin etterkvart 

Alt går seg sakte men sikkert til gjennom helga, og eg følgje godt med på at Keesha får det ho treng sjølv om ho er veldig kresen i matvegen. Temperaturen takast og eg dulla med ho som den dronninga ho veit sjølv at ho er 
Noko endra seg tirsdag ettermiddag/kveld...då eg var ute av rommet hadde ho spydd men spist det opp igjen så eg reagera på at det er alt for tidleg å begynne med det så eg kjenne ein ekstra gang på alle jura, lukta på det som kjem ut av ho men alt virka bra. Ho får litt mat og drikke igjen, men så opna ho munnen og det flomma ut, ho la seg ned til valpane igjen og eg såg at ho fikk eit press som rier/opptrekk i buken og då tenkte eg at her var det noko som var heilt galt!! Ny temperatur som vise 40,1...

Då ringe eg veterinærvakta og kom til den som er lengst vekk og ho anbefala med å ta kontakt med ein anna Dyreklinikk og tenke dei sikkert ville ha hjulpe, men før det så ville eg sjekke med han som opererte ho og sendte han ei privat melding. Ikkje mange sekunda etter så ringde han til meg, og sjølv om han hadde fri og var på hytta kjørte han den vegen heimover og ber meg om å møte på klinikken om halvanna time.  

I slike stunde må ein berre halde hovudet kaldt og ikkje stresse seg opp sjølv kor redd og bekymra eg var for hunden...Så takknemleg når eg har fine og omtenksame folk rundt meg som tok seg av dei små medan eg tok med meg tispa vekk frå dei 

Veterinæren var på plass og tok tempen og blodprøve, så starta han å førebu seg på å behandle ho for melkekrampe...å eg såg absolutt at det kunne vere ein del teikn på det. Men vi vart så veldig overraska over svaret blodprøva gav oss, kalsiumet i blodet var bra og prøva viste at verdiane på pankreatitt var lav (veterinæren kjørte også ein ny og spesifikk test seinare) også den viste at Keesha hadde akutt pankreatitt!!

Symptoma på akutt pankreatitt kan kome smygande og kanskje var det litt det eg såg etter keisersnittet at matlysta ikkje var på topp som elles når ei tispe har fått valpa, men elles forutan det vart Keesha over kort tid raskt svekka med svært feber, dårleg almenntilstand og store buksmerter...

Når eg lese litt om denne tilstanden så ser eg svart på kvitt kor alvorleg det er, ja for dette er noko eg ikkje har hatt erfaring med tidligare. 


Her ligge Keesha her heime med intravenøs behandling etter at veterinæren kom heim å fikk det på plass, å ha ho liggande roleg og skifte pose fikk eg ta meg av.
Behandling av Keesha vart i første omgang smertelindring, antibiotika, kvalmestillande. Ho har til dagleg eit godt for med lavt fettinnhald så det kan ho fortsette med og det vil ho også spise no etter forma vart betre...
Her ligge ho heime rett ved meg med intravenøs behandling og lavt fettinnhald er viktig dei frste månadane for å minske belastninga på bukspyttkjertelen...

Akutt pakreatitt er alvorleg og kan bli veldig kritisk som med Keesha så difor er det veldig viktig at hunden får rask behandling, her er det inga tid å miste for å få eit godt utfall!!

Det er ikkje lett å sei kva grunnen til at Keesha fikk dette, men at det kan oppstå av diverse årsaker etter keisersnittet er sjølvsagt den næraste teorien eg kjem på...


Mulige årsaker til pankreatitt hos hunder

Det er mange årsaker som kan føre til pankreatitt hos hunder. Det er ikke mulig for veterinæren å bestemme en eksakt trigger. I dette tilfellet snakker man om idiopatisk pankreatitt (som eg vil oversette til "inga sikker årsak")...


Pankreatitt hos hunder kan utløses, eller i det minste fremmes, av følgende faktorer:

  • Administrering av medisiner
  • For høyt fettinnhold i hundemat
  • Skade i bukspyttkjertelen fra en ulykke
  • En spredning av andre inflammatoriske sykdommer, for eksempel IBD
  • Midlertidig lav blodstrøm under generell anestesi

I tillegg kan betennelse i bukspyttkjertelen hos hunder en sjeldent gang være forårsaket av en smittsom sykdom.


Veterinæren ringe igjen for å høyre korleis det går og ville avtale nytt besøk, men eg var veldig spent på å vite korleis verdiane var og om ho var i betring så vi kom inn på klinikken for ny blodprøve og sjekk. Temperaturen er på veg ned, og verdiane på pankreatitt var innanfor normale!! Så no treng vi berre tid på å få ho over kneika...
Dei kvite blodlegemer var for høge og dei raude alt for låge og det såg eg på slimhinnene, men det var akkurat som forventa. 
Bak i auga (ikkje nedre del) såg eg at dei var unormalt raude og då han undersøkte så såg vi ei spesiell linje i auga. Han meina det kom av intravenøs behandling og ville eg skulle sjå det an nokre dagar og eventuelt ta kontakt med Torunn Hoff ved Ålesund Dyreklinikk for grundig undersøking av ho. Men, alt dagen etter var raudfargen svak... 


Utfordringar meina eg er til for å møtast med oppbrett arma men det er nok ikkje alle utfordringar eg ønska like gledeleg velkomen.

Innimellom skulle eg så absolutt ønske eg var lidenskapeleg oppteken av radiostyrte bilar!!



Når det står på som værst der eg passa på at valpane får sitt med næring og legge til alle valpane i tur og orden for å oppretthalde melkeproduksjon...Sjølvsagt minimalt med søvn over lang tid så blir ei overrasking levert på døra frå nord overveldande!! Samstundes blir eg så takknemelig for alle fine folk eg møte gjennom hundane og ein heilt spesiell venn i Marte trass veldig stor avstand 

Dette innlegget er ikkje berre for ei oppdatering for valpekjøpera, men eg vil også med dette det vise til at ikkje alt går på skinner og det er langt ifrå berre glansbilde og søtt å ha valpa på ei tispe. 
Det er ikkje vanskeleg å sjå seg blind på dei skjønne bileta av dei små skjønne skattane, men det ligg også mykje "dritt" bak med tanke på ein del av jobben, men ikkje minst bekymring for tispa og valpane når ting ikkje går slik vi aller helst vil...

Innimellom har eg vore usikker på om eg skulle få lov å behalde alle 12...så akkurat no er eg takksam for ståa er slik den er og kryssa fingre for at alt går vidare vel framover...
Så eg vil berre takke så mykje til Lars Audun Gåsemyr ved Borgund Dyreklinikk for super hjelp!!

Håpe det det vart opplysande, og ikkje minst ei forståing for at eg ikkje har hatt moglegheit for å svare alle telefonar, meldingar og e-postar, men innimellom kjem noko framføre andre ting 
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Ut på nye eventyr...

Det var ei diger hamn med mengder av seglbåtar (og litt andre) var det som møtte meg då vi kom fram...Kristian hadde jo vore her før og fann...