onsdag 14. januar 2026

Vi telle 60 dagar…

…fram i tid og håpe vi kan ønske velkommen til enda nokre små firbeinte skatta..!! 

For i dag har «Frøya» vore på besøk hjå Ragnar på ReproHund - og der vart ho inseminert med ein gammal bekjent. Filip har vi hatt eit godt auge til i lang tid og no var det dags å prøve å få kvalpa etter han igjen.

Tusen takk Marianne for at vi fekk bruke dei edle dråpane! Vi kryssa alt for at det skal bli kvalpa den her gongen…


Kunne skrive mykje om denne kombinasjonen for her ligg det fleire hundar som har ein spesiell plass i hjartet mitt. 

Gleda blir veldig stor om eg eller vi - kan få igjen ein eller to kvalpa etter denne kombinasjonen også. 

Tusen takk til Bente og Arild som har tatt turen over fjellet frå Bergen for sjekk av Frøya i går og venta til i dag for å få optimal dag for inseminering!


Vi går ein verkeleg spennande vår i møte og eg håpe vi skal få ein travel sommar med å få forme nye små svarte skatta til å passe inn i flokken vår 


Om du kunne tenke deg å vite meir om denne eller den andre kombinasjonen vi venta så høyre gjerne frå deg…!

Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Vi telle 60 dagar…

…fram i tid og håpe vi kan ønske velkommen til enda nokre små firbeinte skatta..!!  For i dag har «Frøya» vore på besøk hjå Ragnar på ReproH...