Noko av den beste energikjelda finn eg fram på ein fin dag i hagen saman med hundane...Jadda, det er Cherox, Lavendel, jord på beina og rundt om 30 grader ;)
I dag 20. mars 2020 er det vårjamdøgn som vil sei at det er likelang natt og dag over heile kloda vår. No er våren endeleg igang og vi kan sjå fram imot lengre dagar og kortare netter...Eg håpa at no at etter fleire månader med regn så kan vi få litt sol slik at hagen kan få tørke opp og eg kan få rydde i det som var ferdig og det som ikkje var heilt på plass før hauststormane sat inn. Det treng sikkert ikkje nærare forklaring korleis hagen ser ut i dag!(?)..
Eg har den siste tida hatt fleire ting eg burde gjort, men eg har jobba meg gjennom nokre skikkeleg låke veke, men no begynne det å løyse seg...heldigvis, for vi er no i ei uverkeleg tid og då er det godt å kunne litt rusta til å få lov til å begynne å pussle litt i hagen om veret vil spele litt på lag.
For det er nok av ting eg har drøymd om gjennom denne "sure" vintaren, og eg har lengta fram imot vår og sommar med opptørka mark som fortsatt likna meir enn jordåker...
For det er nok av ting eg har drøymd om gjennom denne "sure" vintaren, og eg har lengta fram imot vår og sommar med opptørka mark som fortsatt likna meir enn jordåker...
Tok fram igjen nokre bilete frå i fjor, og dei vise litt av prosjekta som var under arbeid. Eg tenke eg vil heilt klart ha litt arbeid framføre meg før det ser slik ut igjen, men det blir digg!!
Det her var asså sommerens «store» prosjekt, ja det er godt å ha eit prosjekt eller to i løpet av sommaren, innimellom tek det kanskje litt tid, men blir ofte bra til slutt...
Prosjek 2...den andre sida..!!
Den skulle ikkje begynnast på før vår og sommar 2020!! Ja, det var veffal planen...
Her på andre sida har eg berre latt det spire og gro for den skulle eg kanskje gå igang på den her komande sommaren, men neida eg fekk sjølvsagt ein fiks ide eg såg ei lita gravemaskin........
Kjerringa bak spakane for første gang...øving gjer meister og eg kunne tenkt meg å prøve igjen. Veldig lett å rassere heile hagen med ei slik, men eg må huske at det tek mykje lengre tid å lappe den saman igjen!!
Som de ser var (og er) det mykje jobb, men med bruk av tid og god hjelpera går det meste...
Sikkert ikkje vanskeleg å skjønne at eg gler meg til å ta fatt på å klippe roser, lavendel, rydda vekk rusket etter dvalen og ikkje minst få ferdig det eg ikkje rakk akkurat her. Så blir det kanskje eit lite prosjekt til eller to...eg får nok berre sjå kva tida bringe.
Prøv å nyt tida så godt som mulig og ta fram dei positive augeblikka i den nye kvardagen
Klem -Anja-
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar