Norsk natur...er det dette noko av det vi vil rassere og selge ut av landet..!?
Skal vi berre øydelegge store delar langs den fantastiske kysten vår for kva, Vindturbinar!??
Kva godt vil dette føre til for folket som bur her og livet langs kysten?
Det kjem ikkje godt nok fram kva miljøkriminalitet som ligg i slike stor monster...det å produsere dei, men kva når dei skal skiftast ut, vi kan ikkje gjenvinne dei så då må vi brenne dei eller grave dei ned?
Det vi veit er at dei drepe fugl og innsekter, dei laga støy for dei som bur rundt og øydelegge store naturområder for oss alle.
Men, kva med oljen dei skal forbruke og kva med lekkasje?
Kva med slitasje som plast/fiber som fyke av vingane er ikkje det skadeleg for naturen?
Kva med vedlikahald av desse, er dette miljøvennleg?
Eg trur her er for mange side som ikkje er belyst som gjer at dette er noko av den værste miljøkriminalitetn vi ser i Noreg i dag..(?)
Det er faktisk nok av artiklar der ute som vise at vi må tenke litt meir, ja som denne om avising. Eg vil samstundes vise til ein artikkel på Forskning.no - og denne ang fare for oljelekkasje.
Gå inn på Motvind for å sjå alle prosjekta!!
Her har de direktelenke til Haramsøya på Sunnmøre, i Ålesund kommune.
Elles må det nemnast at eg berre digga å sjå videoen der lastebilen ikkje kunne kjøre i land frå ferga i går!! Alle aksjonar som har forseinka arbeidet, så til alle dåkke ute på Haramsøya - de gjer ein strålande jobb og skulle ønske eg og sikkert fleire kunne stille opp. Men, i dag måtte dei på fjerde forsøk med politieskorte gå til side...
Det er leit, veldig trist å sjå at eit demokrati som Noreg ikkje er det demokratiet vi burde vere så stolt av.
Ja sjølv turistane som besøke Noreg har rett til det og difor kontakta eg media rundt om for å sjå om dei vil vise Noreg sitt sanne ansikt utad...men, problemet er kanskje at dei håpa på akkurat denne vindkrafta så difor ser dei berre vekk ifrå det(?).
Eg meina at Noregs sanne ansikt bør visast utad for eg har ein kjensle av at politikerane ikkje bryr seg om det som skjer i dei små samfunna rundt om i landet (arrester meg gjerne om eg tek feil, og eg håpa at eg gjer akkurat det!). Ja for vi ropa høgt korleis vi vil andre skal styre i sitt land og brukar miliardar på regnskogen, samstundes som vi rassera vår eigen natur!!! Det er vel på tide at dei som styre snart må sjå galskapen i det dei gjer!?
Det er heller ikkje berre vindturbinar som øydelegge norsk natur, berre sjå til andre stadar på Sunnmøre og spesielt til Ålesund og Sula som vil øydelegge naturen i og ved fjorden. Vi som innbyggjera har eit ansvar og vi må vise at vi ikkje kan godta slik dårleg forvaltning av landet vårt. Ja for det er vårt på lik linje med dei som trur dei veit kva dei gjer, men heilt sikkert ikkje har satt seg nok inn i ei sak før dei røysta...
Fugl og fauna er ikkje ivaretatt med tanke på alle dei prosjekta som er planlagt langs norskekysten!!
Rasseringa av naturen som folk skal bruke i generasjonar framover får store ubotelege sår.
Eg, du og vi bur i eit land med ein slik fantastisk natur, ja det er den vi er kjend for og som dreg så mange turistar hit kvar år.
Akkurat no er eg faktisk skjemd over at det såkalla demokratiet vårt vil rassere akkurat NATUREN VÅR!! Å det er eg mest truleg ikkje aleine om når vi ser motstanden rundt om.
Ærleg talt, kva vil eigentleg de på stortinget gi til alle dei som kjem etter oss, er det berre å bruke og rassere mest mogleg slik at minst mogleg er igjen..!?
Vindturbinar er farleg for fuglelivet og ikkje minst for innsekta som vi er avhegig av...når det er sagt så gjer vi mykje for å verne om humle og bia, kanskje dette også er til stor fare for dei..?
Sulafjellet som lett kunne blitt eit offer for denne slags miljøkriminalitet om ikkje her var for stor motstand...
Norsk natur på sitt vakraste..?
Så difor burde det her engasjere ganske mange departement på Stortinget som kanskje
Helse-og omsorgsdepartementet - burde absolutt kome
på bana då dette råka helsa til mange involverte både psykisk og
fysisk.
Kommunal-og moderniseringsdepartementet - Vakn opp!! Med
dette vil de øydelegge dei små bygdene og samfunna langs kysten!!
Kulturdepartementet
– Natur og friluftsliv er også kultur!! Noreg sin vakre og
uberørte natur er ei kuliss for det eventyret vi leve og regissera kvar dag!!
Klima-og miljødepartementet – Det er på høg tid
dåkke kjem på bana for å redde naturen langs kysten vår!! Det er
miljøpartiet Venstre som har denne ministerposten så eg oppmoda de
til å handle no før det er for seint! Såra i naturen er vanskeleg
å gjere opp for når dei no begynne arbeidet ute på øya...
Olje-og energidepartementet – De er ei skam for
Noreg for å ha gitt klarsignal for eit slikt overgrep mot folket
og naturen. Det er eit overgrep som ikkje er mogeleg å bote på i
overskueleg framtid, og de som sit der i dag har gjort ein elendig
jobb for Noreg, folket og demokratiet!!
Å gi løyve til å øydelegge vår arv for så å selge straumen ut i verda!! Eg er skjemd av å vere norsk etter slike handlingar...
Å gi løyve til å øydelegge vår arv for så å selge straumen ut i verda!! Eg er skjemd av å vere norsk etter slike handlingar...
Det
her burde få konsekvensar, det å øydelegge lokalsamfunn og den
norske naturen som er ein resurs for oss alle for så å forsyne Europa
med straum!?
Dei som eventuelt treng straumen burde ha vindturbinar i eige
land.
Om du som lese det her ikkje skjønna frustrasjon over noko som dei sei er bra for naturen og økonomien så ta deg knappe 20 minutt å sjå på denne filmen så kanskje den gjer det lettare å forstå...
Når eg engasjera meg så er det med heile meg og hjartet kjem på utsida med alt av kjensla det kan kome med. Så muleg eg bevega meg litt på kanten, men det er naturen og kva den har å sei for framtida det er snakk om, men kanskje det er på tide eg ser at "lille meg" ikkje får gjort noko med dette, så får eg gå meg ein tur i fjellet å nyte naturen på Sunnmøre medan eg fortsatt kan......
Husk at det faktisk ER MIN, DIN OG VÅR NATUR, IKKJE MINST VÅRT VAL OG VÅR FORVALTNING!!!
Men, kva kan vi gjere for å bevare den..!?
For Norsk naturresurs trudde eg vi skulle verne om, og nytte til god fysisk og psykisk velferd til folket...
Eg må sjå tilbake på eit innlegg frå i fjor og Husk at når naturen og kloden vår er øydelagt så kan vi ikkje berre pusse den opp igjen!! Det gjeld så absolutt etter at annleggsmaskinen har gjort sitt inngripen i naturen.
Pengar og makt er ikkje alt her i livet...Utan eit hjarte på rett stad er du fattig..!
Bileta er tidligare posta på Instagram
Vi må stå saman om å ta vare på kloden vår
Vi får ikkje ein ny natur med hjelp av pengar eller eit malingsstrøk etter den er øydelagt.
Urørt fjell...
Evebtyrleg og frodig skog...
Vi må stå saman om å ta vare på kloden vår
Vi får ikkje ein ny natur med hjelp av pengar eller eit malingsstrøk etter den er øydelagt.
Urørt fjell...
Evebtyrleg og frodig skog...
Reint hav...
Reine og friske fjordar...
Det gir oss betre helse og oppvekst...
Bruk hovudet og hjarte å tenk kva som er viktig for oss ALLE..!!
Sende ein styrkeklem til alle som blir direkte berørt av denne galskapen!!
-Anja-