fredag 4. juni 2021

Tur til Klovetinden

…på 949 moh som er eine toppunktet av dei to som utgjer fjellformasjonen «Masdalskloven» og for så ein tur innom Lyngetinden ✔️

Super måte å starte helga på med ein tur i det vakreste eventyret eg veit om i perfekt turvêr saman med mi kjære dotter.

Vi sat tidligare i veka av fredagen for ein litt lengre tur, men kvar vi skulle ante vi ikkje. Fleire turmål vart snakka om, men tidleg i dag bestemte vi at Klovetinden sikkert var snøfri og på tide å besøke. Katja kjørte så utrulig godt å ha ho som sjåfør, kjedelig at det er høgrefoten som er nerveskada ombord i ferja og var superklar for tur ho også.


Eit godt stykke oppi traff vi ei superkjekk bygdedame som kunne fortelje kvar beste vegen opp var, og ikkje minst tredje personen eg spurte ang Lyngefjellet som eg har hatt så lyst å gå men ikkje funne rutebeskriving på. Då fikk vi tips om å gå bort på det på veg ned frå Klovetinden og det tipset var veldig bra..!

Vi gjekk inn til Klovevatnet før vi gjekk bratt oppover mot Klovetinden…Vatnet såg fristande ut å hoppe uti, men etter å få skylt hendene og kjent på det vart det meir fristande å berre gå visste mot toppen.
Midt oppi bratta tok eg eit lite «glepptakt» og kom litt i ubalanse der eg lente meg litt bakover…ser då at Katja heilt inntil meg hive opp hendene. Åjåjåj sa eg……så kom det frå Katja «hadde eg fått deg over meg der så hadde det vore uaktsomt drap..!» Å hjelpes kor vi flira og heldigvis vart det ingen fall der…
Litt bilde vart det sjølvsagt og for dei av dåkke som veit kor glad eg er i både blomster og rosa, ja og ikkje minst fjelka og naturen skjønna sikkert at eg vart særs nøgd med eit par av bilda som festa seg på telefonen.
Katja nyte utsikta med Sulafjellet i bakgrunnen…
Her ser vi heim baki der og ned, bort og opp på Lyngetinden som vi ønska å gå bort på…
Heilt til Venstre kan de sjå heim til Sunde og Ikkje minst det «storelillefjellet» - Leirvågfjellet som eg er på stort sett kvar dag, Lyngefjellet, Romestrandhornet/Festøykollen, Svinetiden, Rametinden, Jønshornet/Ramoen, Molladalstindane, Middagshornet, så fjella rundt Romedalen, Grøthornet, Åvasstinden, og ein del fjell baki der før heilt til høgre ser Masdalshornet…
Her ser vi rett ned på Klovevatnet…
Her er utsikta på Lyngetinden ned mot Barstadvika og bort til Romestrandhornet/Festøykollen…
På veg tilbake…Eg lika når det er variasjon i opp-og nedturane og det fikk vi idag med å gå bortom her. Vi gjekk også den litt slakkere stien ned men å finne den rette stien nedi forbi vatnet igjen kunne vise seg å vere litt vanskelig for den ukvalifiserte stifinnaren Anja..!! :))
Igjen vart det mykje fliring og litt småskliing og Katja som sa at eg var dårlig til å finne sti og eg som innrømme når eg har feil måtte sjølvsagt sei meg einig ;)
Katja sat humoristisk ned foten og lurte på om eg no ikkje hadde tatt nok bilder…!?
Vel heime på verandaen kunne eg sjå bort på dagens to turmål før eg tok med meg Keesha og Abi ein tur på Leirvågfjellet…

Så glad for at eg får gå i slik vakker natur og Ikkje minst at mi kjære dotter dele same turglede. Igjen har eg vore så heldig å hatt eit supert tursekskap..!
Tusen takk for ein utrulig fin tur skatten min og eg gler meg alt til neste 


Ønska de alle ei innhaldsrik helg..!
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...