søndag 17. mai 2026

10 år opp favoritten i bunad!


Meg og tre tisper, tre generasjonar flat coated retriever...

Tidsoptimist  alltid!! Eg er nok ein av dei som likar å få mest mogleg ut av tida, og på 17. mai-morgonen var eg tidleg oppe...


Sjølv om eg hadde fleire timar til rådighet før første avtale med frukost i 10-tida, vart det – utruleg nok – hektisk i innspurten  ja, det blir jo alltid det!

For, eg enda opp med å fylle morgontimane med ting som strengt tatt ikkje var heilt nødvendige, men veldig fine likevel - litt ekstra pynt, rydding, men først heiv eg meg rundt for å bake ei kake.

Vi kom akkurat tidsnok til å ikkje vere dei siste til frukosten...
Bilda av meg og Rasmus er teken av Vilde...

Når vi bur på ein stad som det her, så er vel akkurat dette svaret på nasjonal bonderomantikk. Gammelnorsk spælsau i slike vakre omgivelser –

Etter ein herleg frukost på garden, rulla vi omtrent rett frå frukostbordet og ned til sauegjerdet, sjølvsagt i fullt stasantrekk med dress, bunad og bunadssko. Det vart det absolutte punktumet over i-en. 

Ein heilt perfekt start på nasjonaldagen! 🐑


Folketoget var som alltid vakkert og skapte den perfekte ramma og startskotet for den offisielle feiringa på skulen 🇳🇴



Seinare på dagen trengte vi litt frisk luft, så nasjonaldagen baud også på ein herleg fjelltur i finstasen, før vi fekk huset fullt av gjestar til ein kjempekoseleg kveld. 

Ein tvers igjennom vellukka og tradisjonsrik dag!


I år er det 10ànde året opp til favorittstaden i bunad! 


Bilda som eg er på er teken av Kristian...

Eg har nok ikkje tal på kor mange 17. mai-feiringar eg har hatt på det vesle og fine fjellet med den vakraste utsikta, men i bunad har eg no talt 10 år.


I 2023 vart det ein litt eigenkomponert variant, då det var under ein månad til Rasmus såg dagens lys 


I 2017 sa eg at eg ønskte å bruke den gjennom heile festdagen, og difor tok ikkje eg og mamma den av då vi gjekk på vår årlege 17. mai-tur på fjellet - kunna skrive daglege tur, men vi har alltid gjort litt ekstra utav det på 17. mai. 

Året etter gjentok vi det, og året etter der igjen. I 2020 – koronaåret – svarte vi at det var ein tradisjon (utan at eg då hugsa akkurat kva tid vi begynte å gå med bunad på fjellet. Det verka så mykje lengre sidan då vi fekk spørsmål frå TV2). 

Så i det alternative 2020-året hadde vi altså TV2 på slep, og med direktesending frå fjellet kan jo alt skje!


Her er eit lite klipp frå live-sendinga...
Eg hadde mista eine hunden, eller rettare sagt ho hadde kome seg ut av bandet rett før vi gjekk på lufta.

Då boblene vart poppa så var ho på og klar for å skåle... :) 



I år, på sjølve 10-årsjubileet, vart det med ei skjorte som eg synest kler bunaden godt, og som også tek igjen fargane i broderiet... 


Rasmus dirigera hundane på plass og resultatet vart fantastisk!!
Meg og minste skatten min Rasmus - saman med dei tre hundane: Abi, Xo og Sansa...

Det er nok mange meiningar om bunad. Korleis den skal vere, kva tilbehør ein skal ha, korleis vi skal bruke den, og korleis vi skal ta vare på den. For meg er dette eit fest- og bruksplagg som eg elskar å nytte. Den er handlaga på ein fantastisk måte, både i utføring og kvalitet.


Husk å ver deg sjølv, til og med med bunaden på 

Klem -Anja-




Nasjonal bonderomantikk på sitt aller beste! ♥ 

Gammelnorsk spælsau i slike vakre omgivelser – og i tillegg med ei sløyfe i norske fargar – då er eg heilt solgt!





Om nokon tenkjer det er feil farge på skjorta mi, så får det vere og eg kan ikkje unnskylde for det vil eg ikkje meine...

Det at nokon meiner vi kun skal ha kvit skjorte, er éin ting, men er det då ei spesiell skjorte? Med eller utan broderi, og eventuelt kva slags broderi? Lin eller bomull? Strykelett eller eit sjarmerande herk? 

Eg skal ikkje seie kva som er rett, men kanskje handlar det om å finne ut kva som er rett for ein sjølv. Sjølvsagt kan vi endre litt meining undervegs, og derfor kjøpte eg ei ny, rosa-ish skjorte i år, då den første kanskje var litt vel «skarp».


Bunader kjem i så mange variantar. Ja, sjølv Sunnmørsbunaden står for eit stort mangfald. Det er ikkje så lett å gå i detaljar på skjortene, utanom dei som ikkje er kvit. 

Men kva med lengda på sjølve stakken, må den vere heilt normal lengde, men kva er då normal? 

Eller lengda på forkleet? Her er det mange som tek vare på gamle bærestykke og forkle, men som ønskjer ei anna lengde på stakken. I seinare tid har det også kome til meir tilbehør, som søljebelte/bunadsbelte/sølvbelte - eller kva det kallast, hårtørkle og ikkje minst halstørkle i mange forskjellige fargar.


Kva som er heilt rett og kva som ikkje er det, veit nok ikkje eg... Men det ser ut som vi kan gjere mykje, og til sjuande og sist handlar det om kva kjensler vi har når vi går med den.


Eg må vel innrømme at eg for ein del år tilbake heilt sikkert hadde eit anna og strengare syn på det veldig tradisjonelle sjølv, men heldigvis endrar synet og tankane seg innimellom...


Min bunad er i alle fall velbrukt, og den første, fine, kvite linskjorta mi er bokstaveleg talt tynnslitt og holete...


onsdag 13. mai 2026

Utstillingstur til Bergen

Oppdrettargruppe Best In Show nr.  2 - BIS dommar Svein Bjarne Helgesen


Kvasneset - HP - Dommar Frank H. Whyte
«Like there size shape and breed type, VG heads, G bone, racy, G coats, and moved with nice free striding. 1648 1651 1661 1669»


Vel heime - heldigvis etter snøvêret på veg heimover...

Lenke til fullstendig resultat dei to dagane og resultata frå laurdag her samt resultata frå søndag her...

Vi er supergodt fornøgd med helga og spesielt søndag der alle 5 var med - der alle fekk excellent i kvalitet og 4 i oppdrettargruppe med HP, god kritikk: "Like there size shape and breed type, VG heads, G bone, racy, G coats, and moved with nice free striding. 1648 1651 1661 1669"

Her kan de sjå video frå oppdrettargruppa... Frå BIS2-bilete, kvalitetsbedømming, bilete frå oppsamlingsringen og i BIS-ringen. 
Det kan nemnast at dette er frå fire kombinasjonar…


Gøy at Frøya, Vira og Xo fekk excellent og dei to siste vart sortlista som nummer 5 og 6 i ei stor fin open klasse. Ikkje minst at Sansa og Abi vann kvar sin klasse med CK. Abi fekk også veteran CERT og Vet.CACIB! Dommar Frank H. Whyte

EXC 1 CK - Kvasneset's Bright Shining Star «Sansa»  

«Feminin molded head, G eye and ears, G shoulder depth and well angled rear, tail well set on, in G coat and cond, Not over done in any way moves with nice reach and steady moderate width in the rear. Holdes G topline.»


EXC 1 CK Vet.CERT Vet.CACIB - Kvasneset's Oooh La La La
«Feminin racy in outline with VG head, G legs, like her rib, well dev rear and G tail set in very G cond, moved with moderate drive, holding a balanced outline.»


EXC - Kvasneset's XOXO

«Like her size shape and balance moderate in G cond, feminin head, G neck legs and feet, G rib, moved with steady drive holding nice outline.»


EXC - Kvasneset's Viva La Vida

«Up to size but has feminin head G eyes and ears, moderate neck in to body off G depth, straight legs, well bent stiffle, firm loin and G tail, moved with steady gait, holdes G topline, VG presented, G coat and cond.»


EXC - Kvasneset's Zanatta Prosecco

«I like her size and overall outline, G rib, nice bone, G legs, moved with steady gait around the ring, holdes a nice topline, like her type and overall balence.» 

Vi hadde seint oppmøte søndagen og etter vi stilte oppdretterklasse der vi fekk heiderspris vart det ikkje lenge å vente på den store ringen så då gjorde vi det...Sjølv om vi ikkje er trena til det og eg var meir enn vanleg forvirra så kunne det gått rett så ille, men jaggu fekk vi det til asså!! 

Vi var redd vi ikkje vart plassert, men vi kom asså som nummer 2 av så mange flotte grupper!! Kun slått av Rabben`s - ei superfin gruppe med airedale terriere! Dei har dominert i maaaaange år! - Funfact: han grunnla kennelen før eg vart fødd (om eg ikkje tek feil)... ;)


Må berre takke så mykje til min kjære svigerson, Kristoffer - han var strålande flink i ringen med Vira!! Eg har aldri hørt eller sett nokon som har hatt så lite lyst å gå ringen og samstundes ende opp med å gjere det. Du var faktisk veldig flink og spesielt med ein hund som ikkje er vand med å vere i ringen sjølv... Tusen takk for hjelpa!!


Eg digga å få reise på tur, møte hundefolk som er dei rareste, fine, galneste og stort sett godeste folk. Sjå hund, ja berre få vere rundt hund - då eg gjekk inn i hallen med gjengen min søndag sa eg flirfult til dei tre: "hei dåkke, prøv å oppfør dåkke no da" så kom det frå ein av dei frivillige "ja utstilling er berre gøy, sant?" Oh yes stort sett og det synes hundane våre også :)) 

Innimellom litt for gøy og då kan dei gi oss meir enn ein handfull - Å sjå Katja og Abi i ringen er alltid fint, men laurdag då var "gamla" to handfulle og Katja sleit verkeleg med å få ho til. Abi digga utstilling og då var ho heeeeilt PÅ!! 


Tusen takk for hyggelig selskap rundt ringen til alle og spesielt #TeamKvasneset - ikkje minst tusen takk for veldig fin og god hjelp Bente og Arild 


Prøva å vere meg sjølv og ha på meg smilet, litt fleip, gode samtalar og ikkje minst flire, flire mykje!! Men, eigentleg innimellom ser det litt slik ut...

"Har du ikkje lyst på tur..!?" Det var spørsmålet eg fekk fleire gongar dagane i førevegen, og det var eigentleg det eg sjølv tenkte før eg sette meg i bilen fredag formiddag...

Heldigvis endra det seg når vi var igang og bilturen var fin med koselege stopp med litt shopping og strekking på beina ;) 

Vel framme i Bergen var eg så glad for at vi starta turen - sjølv om det kun var to veker, eller 12 dagar sidan sist eg klemte søstra mi er det alltid godt å få ein god klem av ho ♥ 

No når eg er vel heime og kroppen prøver å lade batteria og skrur av smertene (håpa eg) så er eg superglad for eg reiste for å treffe herlige folk, sjå nokre fine hundar - veldig gøy med gode resultat, men vi jakta fortsatt store cert! Så mest av alt er det å kome seg ut og få påfyll i topplokket av energi som gjer at dårlegare dagar blir litt betre  ♥ ♥

Nyt dagen så godt du kan...

Klem -Anja-


torsdag 7. mai 2026

Utstillingar 2026 + klipp

Eg brukar å skrive inn på Facebook - gruppa vår når eg veit kva utstillingar vi skal på. Mykje fordi at då kan kvalpekjøpera også kome til den utstillinga om dei vil.

Om du er usikker så er eg behjelpelig med påmelding til utstilling og ikkje minst vise litt korleis du skal vise hunden. Samtidig kan vi hjelpe med klipp om nødvendig - for det er veldig viktig at den blir klipt med rett teknikk og ikkje minst på rett plass på hunden...

Les litt om det eg har skrive før om klipping her

Her har eg markert kvar dei skal klippast og beskrivinga får du når du trykke på bildet eller lenka over her...

Vi har vore på Sunndalsøra og no er vi straks klar for å kjøre mot Bergen og prøve på årets første napp etter det uoppnåelige stor-certet!! ;)


Utstillingar som vi ønska å delta på i 2026 blir då:

Sykkylven - NRK avd. Sunnmøre 27. og 28. juni 

Trondheim - NKK 4. og 5. juli

Fauske - NKK 1. og 2. august    - Har fortsatt veldig lyst å ta turen til Fauske også i år, men her må eg ha eit forbehald om hovudet faktisk klarer å få med seg kroppen...

Sarpsborg - Raseråd flat FLATMESTERSKAPET 12. og 13. september


Det er dei vi veit så langt, så vil vi sjå etterkvart.


Ta kontakt om dekke lurer på noko...

Klem -Anja-


Årets første utstilling


Kvasneset's Bright Shining Star «Sansa»
(NJCH Arthur of Amesbury x Kvasneset`s Oooh La La La)
EXC 1 CK 1. BTK CERT og BIM 

Så utrulig gøy å treffe folk rundt ringen  Utstillinga på Sunndalsøra har ei fantastisk ramme!! Når eg valde rett dag der sola kom fram satt det krona på verket...eller, det var vel kanskje våre unge håpefulle som gjorde!! 


Flat coated retriever


Vi starta dagen med flattane og først starta vi i junior klasse med skjønne «Stella» som har det eg ønska så langt og gler meg til å sjå og følgje utviklinga vidare. Tusen takk til Svein Tore og Anna som tok turen og møtte oss på utstillinga :) 


Kvasneset's Cava Castellblanc - EXC 3 det betyr at ho fekk Excellent i kvalitet og vart nummer 3 i juniorklassen, det for dommar Maija Heinilä fekk ho følgjande kritikk:

«fin ramme. fortsett litt valpete i sine bevegelser og framtoning. kunne hatt en aning mere drag i hodet. flott hals og overlinje. harmoniske vinkler. brystkassa under utvikling. bra hale. ok poter. bevegelsene idag preget litt av sin ung alder, men potensiale er der.»


Vidare så kjem vi til dagens store overrasking, 

EXC 1 CK 1. BTK CERT og BIM

Kvasneset's Bright Shining Star «Sansa» som førstunghundklassen med CK med følgjande kritikk:

«tiltalende modell. feminin. fin harmoni og balanse. bra hals. fin overlinje. bra haleføring. velvinklet. god lengde på brystkassen. passende beinstamme. beveger seg bra fra alle kanter.»


Sist men ikkje minst gode og fineste Abi vår 🤍

No som veteran: Kvasneset's Oooh La La La - EXC 1 CK 3. BTK

«velholdt velgående veteran. tiltalende uttrykk. vakre øyne. bra hals. stabil overlinje. korrekt hale. velvinklet. bra beinstamme. romslig brystkassse av korrekt lengde. sprudler av energi og glede. beveger seg økonomisk fra alle kanter.»


Amerikansk cocker spaniel 


Utrulig gøy å for første gong stille Amris frå eige oppdrett 

Kvasneset's Absolutely Adorable - EXC 1 CK 1. BTK CERT og BIM «Duffy» berre 9 månader ung - akkurat gammal nok til å stille på offisiell utstilling så slår ho verkeleg til å får excellent i kvalitet, blir nummer 1 i sin klasse med CK (champion kvalitet) i konkurranse om beste tispe blir ho nummer 1 med CERT og BIM!! For dommar Philip Behan fekk ho følgjande kritikk: 

«Nice square muzzle good dom head nice dark correct shaped eye good reach of neck with nice moderate well laid shoulders nice front straight paralelled legs with good bone all over good spring of rib good strong well muscled hinde quarters with good angulation.»


Kvasneset's Absolutely Adorable
(NV-24 OSLV-24 SE U(U)CH N UCH Micadee´s Power Trip x N UCH Caci's Catwalk at Kvasneset)

EXC 1 CK 1.BTK CERT og BIM


Vi håpte eigentleg på eit siste cert og championat på «Molly» - men vi får prøve igjen seinare for «Molly» Caci's Cute And Cruel Kvasneset fekk EXC 1 CK 2 BTK R.Cert med følgjande kritikk:

«Correct bite nice square muzzle good domed head would like to see a bit more reach in neck good depth of chest with good bone all over good spring of rib good rear hinde quarters well muscled with good angulation. Overall movement very good with good drive from behind.»



Vi må samstundes gratulere så mykje til Sølvi og Jarle med Emilsonen "Balto" Brynje Ace Of Spades med sitt første CERT!!
EXC 1 CK 2.BHK CERT

Vi hadde ikkje store forhåpninger denne dagen. Vi var i konfirmasjon laurdag og hadde kost oss så søndagen skulle vi kose oss med to- og firbeinte rundt ringen for første gang i 2026. 

Det er både energitappande og gir meir smerter når eg er på tur og ting skjer, men påfyllet det gir er uvurderlig 


Grurgler meg til helga og ei ny utstilling...Gler meg til å vere i Bergen saman med familie og hundevener ♥ Dagane etterpå får eg berre ta og få logga eg nok av igjen...🫢


Nyt dagen så godt du kan 

Klem -Anja-

10 år opp favoritten i bunad!

Meg og tre tisper, tre generasjonar flat coated retriever... Tidsoptimist  –  alltid!!  Eg er nok ein av dei som likar å få mest mogleg ut a...